mandag, mars 30, 2009

Hu og hei - var kald den vinden som kom dar gitt=)

Vinden ha gjort sitt i dag...










Klarna litt opp ute no og kan sjå at det har ikkje losna nåke frå toppen endå....Vil ha maiiiira!




Ein vanleg måndag

Då var det atter ei ny veke og med det nye mogelegheiter !
Morgenstund har gull i munn er det vel noko so heiter, men for meg gjeld ikkje det kvar dag.
Det vil sei at eg vakna sjølvsagt for seint, slo tåi i dørstokken og vasa i snøen ned til fjøsen=)
Som vanleg var fjøsstyren det fyrste på plakaten, tett etterfølgt av frukost og store mengder kaffi. Etter det hadde eg store planar om å hoppe i dusjen og fare avgarde på shopping i Sogndal.... Men dengong ei:) Etter å ha gleda av å sitje over to timar i telefonen for å få tak i nokon deler til innredningen i fjøsen so såg eg på klokka og innsåg at tiden eg skulle bruke på Sogndalstur var både komen og gått=) Då blir det heller høgtrykkspyling av kalvabingar som står på plakaten for i dag:)
Det er vel meir fornuftig bruk av tid og pengar enn shopping i by`n;)


På Gjerdestrondi er endeleg noko av snøen på Strondafjellet byrgja å sige nedover fjellsida. Kom eit litt "merkeleg" ras i dag. Nerast lydlaust kom det sigande nedover so sakte at ein kunne nesten sprunge i frå det. Ikkje det at det var spesielt stort, men det skimtast gjøno snøkavene på bilete over. No har diverre det flotte snøveret bikka over til striregn og god storm i kasta... Hestane ute har skjønt at det einaste som nyttar er å stå under banetroppi med røvi mot vinden...Det bles i allfall sopass sønnavind ute at regnet kjem inn i mellom glaset og kledningen i stova på huset mitt.. So no har eg ein god dam med vatn inne i glaskarmen i stova og på rygglenet på sofaen so står dar... Vil ha nytt hus ... NO!




I går derimot var det eit heilt anna verslag her på Gjerde. Då blei det ut på ridetur. Hege på Trølla med Max`en på slep=)


Ei sveitt Trudi etter trimtur:)



Trølla med eit smil rund munnen=)


Max Larsen et høy
(Max Larsen + rasen Shetlandsponni = Shetlandslarsen :D )




På Gjerdestrondi ... Ustø kameradame...





onsdag, mars 25, 2009

Sol og blide folk!


Må innrømme at det er flott utsikt frå Nes :)

Anki med den store og flotte magen i strålande sol :=)
Knallsol og påskestemning her om dagen. Frå Snøtun kan ein vel sei at utsikta var upåklageleg!


Ein blid Brage i vogni:)


"eg kløøøør i kjeften"-Brage og mamma Hege på besøk her ein dag :)


Misha og Kiwa snusar på den friske duften av vår i lufti:)


På Grov er det mykje snø:)


Må vel kunne sei at det var ein fin dag me valgte å gå "Krundalen på måfå" :)







fredag, mars 20, 2009

Kom hem lilla gubben- Come home baby - Kom heim klumpen !!


HAR DU SETT PSYKO??
Til vanleg ligg Psyko på sofaen min. Som oftast i overkant av 20 timar i døgeret. Men no har han vore vekke i ei veke! Det lengste han har vore vekke før er kaaanskje 5 timar! Bebisen min er vekk! Herregudogbedre! Pusen min!
Om du har sett han so hadde eg sett stor pris på at du gjev ein lyd frå deg. Namnet på gullongen er som sagt Psyko, 2,5 år gamal, grå og kvitstripa, utruleg vakker og sånn sirka 3 kg for mykje "musklar" på kroppen...Ein kraftig rugg=)
Om det no (gud forby!) er nåken so har kjøyrt på han oppi vegen, so håpar eg i allefall at dei er sopassa anstendige at den/dei gjev beskjed (vil nok komme eit stygt ord eller to til vedkommane før eg bjønda å hulke ukontrollert... men det bør kunne taklast!
Og om det er worst case scenario: vil det som vanleg bli kattegravferd og landesorg på Gjerde i lang tid framover.l...)
takk....

søndag, mars 15, 2009

Besøk av både 2 - og 4-beinte :-)

Besøk på Gjerde i helgi av både 2-og 4-beinte frå nedaføre Husøytunnellen.
Eit flott syn på vegen i strålande vinterver!

Flotte folk og hestar:)


Slek "presisjonsparkerar" ein ein hest:) Kan ein kalle dette lukeparkering?

Ut på tur og alder sur! Sjølv etter å ha gått frå Gop`n te Gjerde på laurdag var dei lika ivrige på å komme seg i vegen att på søndag. ( håpar det seier noko om gleda av å gå på tur og ikkje at dei ikkje var nøgde med plassen dei var på;D ) haha




Haha - det ser nesten ut som at Emil pakkar og riggar til si eiga vogn, han er i allefall opptatt! (han ete egentleg gras og eigaren er nett utafør bildekanten...men, men...) ; det ser i allefall ut som ein sjølvhjelpen hest på bilete!





Var mange kilo døl i stallen den natti! Var litt av ein gjeng med hestar; inne sto det 3 stk dølahestar (2 merrer og ein vallak) og ute var det ein fjordingsvallak, ein shettisvallak, ei islandshestmerr og ei dølamerr. Blir heilt heit om hjartroti berre eg tenkje på det:) Hest er definitivt IKKJE best som pålegg!!





Ein som derimot har enda som kjøt er dinna karen på biletet over. Det kan no hende du faktisk allerede har kjent smaken tå han;) hehe
På torsdag morgon var det litt av eit hibbele her på Gjerde ("alltid er det meg" som ho bestemor ville ha sagt...). . Dette var då også sjølvsagt den morgonen eg hadde ekstremt dårleg tid i fjøsen fordi eg måtte vere tidleg på jobb på hotellet..Ikkje nok med at eg bala med grabben og difor brukte ekstra lang tid på å ta opp fôr, men det var både mjølkebil og beistabil den måroen... Kå e det forresten med nortura då? Eg er sikker på at dei berre er å hentar dyr dei dagane det er mjølkebil og ein har dårleg tid allerede! Eller er det berra hjå 0ss? I allefall; fyrst forsov eg meg som vanleg...(..sint x 1 ..)og so måtte eg altso bale so ville f*** med grabben (...sint x 2..), kjøyre fast forvogni i enden av forbrettet (...sint x 3...), stresse nåke jævligt med mjølkinga for å rekke mjølkebilen (stod nesten å ropte "sprut, spruut" te kyrne på mjølkestallen... sint x 4...), sette fast alle småkalvane og merke veeeeeldig uviljuge og alt for sterke oksakalvar som skulle sendast med "gourmet - øyremerke" (sint x 5 ...og sint x 6...), og på detta tidspunktet hadde mjølkebilen både komme og reist att (...hmm...ikkje sint på det :D ) og beistabilen hadde rygga innåt porten på fjøsen. Og det var her det ...sint x 7... kom; "Herr - forbanna-sint -alt-for-stor-og-sterk-dret-okse" ville sjølvsagt ikkje gå fint og pønteleg inn i bilen for si siste reis her i livet! Neidå, han var sint på alt den dagen ( mykje likt meg so tidle om måroen...); sint på grima, sint på dei andre oksane, sint på bingeskilje, sint på rampen, sint på beistabilen, sint på snille beistabilsjåføren som hjalp til og ikkje minst sint på meg.... Eg ser no at han var faktisk ...sint X 7.. han også=) haha Men med eit byks og to kom han seg no til slutt innpå bilen til dei andre kalvane ( trur det var "sperlinga";D ) han også ! Og då vart eg.... blid x 10... !=)
UPDATE;
Etter å ha tenkt meg om so har eg komme til konklusjonen om at eg lever eit utruleg spennande og glamorøst jet-set liv her på Gjerde... :D



søndag, mars 08, 2009

Gratulerer med dagen, damer! Hurra for 8.mars!

Jajja, i dag er det kvinnedagen!
Eg kan ikkje skryte på meg verken parolar, bh-
og/eller -hijab-brenning, men eg har no tenkt på kvinnesaken i dag i allefall!
Teke det att til neste år...




Tøff dame;)



hahahaha






Utanom det so har det snødd i heile dag også! Hurra!!!
Å sitje i traktor og høyre på radio er sjølvsagt knall, so det må berre snø meir:=)
Men me får håpe at det ikkje blir so gale so desse bileta? Eller?



Huff, det såg no litt tungt ut å brøyte spor dar?



Tull og fanteri:)


Har vore på gåtur i Elvøy med Hege, Brage, Misha og Kiwa:)


Den unge dama til høgre på biletet feira 50 år i lystigt lag. Og NB ! : Fargekoordineringen på Gjerde-damene var ikkje planlagt...=)
Men blide var dei i alle fall!



"Den harde kjerne"! I følgje dei som kom litt seinare so kunne ein tru det var nermare 500 personar med tanke på lydnivået..... Det skjønar eg ikkje?? Det var no ingen rundt det bordet so kunne prate for seg?? ;)

På fredag var det fest til ære for denne mannen som blei 30 år sist veke. Den blide dama på bilete var arrangør=)


Dancing all night long!
Og til slutt: er verkeleg dette ein god måte å frakte kvigene på? hahaha
jammen mykje løge ein finn på nett!

Fjøs UPP-dattering...

Det er ikkje so mykje spanande so har skjedd her i det siste. Men eg ha no blant anna vore til by`n i Gop`n (...) og sett på skoing av hest. Etter å ha bala med å få skoar til dalen ( dei meina det er ei Amerika-reise å komme oppi her...) so har eg funne ut at eg må ta skeia i eiga hånd, eller sko i eiga hånd. Alt etter som ein ser det... Men i allefall, dette ska eg no lære meg:)


Blåen (eigar: Sjur Haugen)



















Skoar frå Voss i aksjon.








Ny fin kalv i fjøsen. Jævlig fødsel med lita kvige og stooor oksekalv ...







Og so er det godt å ha sterke og snille karar som kjeme for å hjelpe når ein balar i siloen. 1 meter med knallhard isete silo blei fjerna med hjelp av motorsag:)
Dei snille karane ; Erling-Bjørn og Kristen





Her får du eit tips; om du vil liggje på sofaen i stova di, men det er ein eller anna tulling som ligge der og tek opp plassen din, gjer som Fiona(NRF 237) : stå leeeenge, men berre med eit lett trykk, med hovudet ditt mot røvi på vedkommande. Om dette ikkje gjere susen so legg du litt meir trykk, eventuelt trykke litt støtvis. Om dette heller ikkje får vedkommande opp so legge du heile kroppstyngda på. Her kan ein også variere med å dekke halve eller heile kroppen til vedkommande... Stort jur er her effektivt... Og vips! -so reise den som tek opp plassen og går vekk;) Kan lære mykje hjå kyr...


God hjelp i fjøsen. Hege og Brage=)
Må tidleg krøkast...;)










Har teke mjølkeprøvar... TINE passar på at mjølka du drikk er av god kvalitet!








Har hatt prblem med frosne vifter...













Eg har lyst på ein gris eller to...






eller kanskje ein slik ein? Kan ein tjene noko på slikt oppdrett?







og ikkje minst... eg ha gravd meg ned i gjennom eit pas meter med taksnø..... hurra... fin-fin trening, men lell då!








hahahahahahahahha