fredag, februar 12, 2010

Geno - eit reklameeks. ;=D


Eg kunne ikkje anna enn å le då eg såg dinna flotte reklamen eg fekk fjøsen=)
Det ser ut som Geno legge seg på den same linja som all anna reklame;
det går i sex, låge prisar og store bokstavar - ispedd ein god porsjon humor ;=D

"Meld din interesse hos din inseminør,
som vil sørge for å få tak i dosene du ønsker ".....
hahahah -finst det slikt for menneske ôg?
=)=)=)=)=)=)=)=)=)

.. detta blir vel då "hesta-nytt" ? :=D

Maya ete frukost ;D

Besøk i tunet;D
Sigrid på Lukas

Hege rei ned på Trølla for å hente att Max ;)



Lukas lika å drikke teen til Hege og Misha likar å rote rundt i hestadrit ;D



Trudi ligge til turking inne etter sledetur=)


Pene Lukas`en med litt ville frisyre ;D



Ein veldig godt pelsa Max :D



Og ei exxtremt godt pelsa Trudi ! Klyppemaskina må nok fram til våren,gitt ;D



Breakfast-time ....








......................Fjøsnytt .............

Her kjem ei lita oppdatering frå fjøsen - sokalla "fjøsnytt"...

Ei nyskjerrig lita dame; det gjelde å komme seg litt opp i høgden for å få med seg det so skjer;D Dinna klatremusi heite Inger-Lise ( - Rypdal..... ho song på radioen då dinna jenta blei født;D )

Edina fekk kalven med det "pene" namnet Eveline her om dagen. Ein fæle fødsel både for kviga og me som hjalp til.... Eviline blei født nesten to veker over termin, og var ALT for stor... Med tanke på at kyrkalven var på storleik med ein tre veker gammal oksekalv når ho vart født so vart det ein harde fødsel i seg sjølv, men når kalven i tillegg kjem feil (opp ned og med nakken og hovudet bøygd nedover i magen slek at kroppen til kalven stanga mot bekkenet til kviga...) so blei det ekstra hardt.... For å sei det slek; kalven sat fast som ville f*** ! Etter å ha dreve på i tre kvarter fekk eg snudd kalven so den i alle fall låg rett ( eg romsterte på inni dar og modern var psykologisk støtte til den fødande...) so innsåg eg at den kalven var so stor at eg kom alder i livet til å kunne dra den ut... i allefall ikkje før kalven daua.. Heldigvis finst det hjelp å få ! Eit kvarter etter modern ringte susa Frode inn på tunet i den flottaste subaruen i dalen (berre spør Kato;D ) Og ved hjelp av kjetting, tau, meg, Frode og spenntak i det me fekk tak i so klarde me å dra kalven ut. Litt fostervatn hadde ho nok svelgt, men i god form allikevel=) Edina var sjølvsagt sleti, men etter litt overtaling so kom ho seg på føtna og vaska kalven sin rein. Det tok heile tre timar frå eg byrgja å snu på kalven til den var ute....
- Av og til må ein faktisk berre undre seg over kor mykje dissa dyri tåle:)
For å sei det slek; ein får ikkje mykje lyst på unga etter å ha vore med på ein slek fødsel.... ;D




Eg nekta fortsatt å gje opp manikyren...


Kidsa/ de unge pigerne som bur i den "gamle" avdelingen av fjøsen.
Dei fleste er no smellt på tjukken ;D


Det er om å gjere å ikkje kjøyre to turar;D


Rosekolla chilla`an :D




Kunne tru ho va dau....



...men, nei... snorkingi avslørte ho.... men det måtte ha vore nåke spennande ho drøymte om; ho veiva med føtne, vrengte augene og mumla avgarde :)





hmmm... dinna "panorama-dingsen" på mobilen funka ikkje heilt med dyr som går rundt omkring ,gitt... Avkappa hovuder i lause lufti og gode greier :D




Mange nye småttisar i fjøsen i det siste:D


2 more....





Stolt moder Kathalina vaskar son sin;D





Fortsatt frikst :D

Kaldt ute, men heitt inne...



Psyko og the pigs :=)

Psyko lever i beste velgåande forsatt, og ingen skadar so langt i vinter ( bank i bordet....!)
Slek ser han ut når han nett har vakna....
...før han atter ein gong inntek dinna stillingen.... ;D



The pigs ! Eg har vore på Mo att ei helg og dinna gongen sto det fjøsstell på timeplanen... og eg forelska meg i ein gris.... I ein av bingane var det ei purke med eit stort kull, ingenting uvanleg med det altso, men det var ein i ungeflokken so stjal hjarta mitt ... På storleik med ein kattunge og med berre litt bust her og der på ryggen, sprang det ein pitteliten grisunge inn i mellom dei andre grisungane. Den skulle egentleg allerede vore avliva, men va so fin at den fekk leve litt lenger;D Aiaiaiai- den va so søt at det var nesten litt ildt :) Og hadde eg fått lov so hadde den nok vorte med meg heim att =)

- kaffislabberas -

Om ein reiser opp i byggjefeltet so kan ein få servert fantastisk kaffi =)
Og ete sjokolade til ein skjemst.....




I eit anna byggjefelt sør om Jostedalen so kan ein også få kaffi og fantastisk mat. Gjerde/Kjærvik-klanen var for ei stund attende samla for å feire at Dag bjønda å bli vaksen;D

Praten gjekk laust og ledigt so vanleg når denne gjengen møtast.
I tillegg til krig og fred og sånt (...) so er dette dei emna som oftast blir diskutert ;
- minstepensjonistar og økonomi
-bønder og økonomi
-studentar og økonomi
-innvandrar og økonomi
-den norske stat og økonomi
..........................
på detta tidspunktet er diskusjonen som oftast over i krangling og kverulering ( det er nokre agitatorar i dinna gjengen.....) og lyden har eit desibelnivå som blir klassifisert som skadeleg....
og etter alt dette er diskutert opp og i mente so var det berre eitt punkt att på sakslista:
Bestemor oppdaga at Marthe gjekk med ei dongeribrok som er "distressed"... altso den er litt holete og slitt - med meining altso- it`s fashion b****** ! ;=D

Bestemor: "I alle daga, Marthe; ha du på deg ei brok med hol i når du e i selskap????"

Marthe: " det ska vere slek bestemor..." (sukk...)

Bestemor: " hæ?"

Marthe: " broki ska vere slek, bestemor. Det va hol i ho då eg kjøpte ho.." (sukk x2)

Bestemor: " EG TRUR DU E GALEN ! Betale før å få ei øydlagte brok! Eg ha no alder hørt so gale! Ha du Dorthea sitt ditta dar- ho ha HOL i broki!! Tykkje du Dag ditta dare e flott då? Eg hadde no AAAALDER gått ut or huset ein gong med ho i broki eg! LAILA!!!- ha du sitt ke døtte di går med - ho ha HOL i broki!!! Mai - ha du sitt ditta ? Karin- du ha vel ikkje ei sleke FEEELE brok du???

(eg trur eg her berre mumla eit "tjaaaahmmm"..)

Bestemor: "Nei, no! Det ekje løge det e so mykje kriminalitet her i verdi når unge folk går i selskap med hol i broki !"

Og so lo alle dei som var over 50 år godt. Og dei var vel enige om at "ungdomen no til dags...sukk" .

Deretter var det tid for "pinlege opplevingar" og "jøje meg-har de høyrt at...."-kategorien der alle hadde ein historie eller to å bidra med :)

So der har de det; holete bukser er den grunnleggjande årsaken til kriminalitet:)

Eg vurderar å ta med videokamera neste gong;)
Her er litt uklare bilete av klanen:









Åhh, du vidunderlege vinter !

Ein ting ein i ikkje kan klage på i vinter er vêret !
I alle fall ikkje når ein har dinna utsikten kvar dag !
Jaja, det har vore "frikst" ute (og inne...), vedaomnen ha sikkert fått
brannskadar og det er ikkje eit vassrøyr so ikkje har frose; men kva gjer no det ?
Fantastisk vêr - og no MED sol :)
(ok... det er ein meter eller to for lite med snø... men satsar på dobbelt opp neste år...)