mandag, januar 30, 2012

vår /sommar 2011 bilete-bonanza no.3


Siloane har vore fyllt opp i sommar også :D




Lukka er ein sommarfuggggel på nasen:D



pedikyr på både kyr...


  og hest....


mmMMMmm




rundballeri rundballera!



Knekten har funne ei ny favorittbusk...... helst dei med mykje bær...


Vilja













vår /sommar 2011 bilete-bonanza no.2.


Jostedals Vilja (e.Mostjernar, u. Hemselill) !



Føl føl føl FØL!!! 
31. mai var datoen eg blei grundigt lurt! Hemselill hadde ikkje termin før om ca 2,5 -3 veker og synte ingen teikn til at det skulle komme noko føl før den tid. Om morgonen gjekk eg som vanleg i fjøsen, heiv over fôr til hestane og ordna alt klart til mjølking - slek som alle dei andre 365 dagane i året... Då ringte plutseleg Hege og ho kunne gledesstrålande  fortelje at Lykita hadde fått eit flott føl ute på beite, og til tross for ALT for lange føte gjekk det heldigvis bra både det å velte seg inn i ,og ut av, ei ripsbusk:D Etter å ha prata med Hege gjekk eg tilfeldigvis bort til boksen til Hemselill og sa nokre velvalgte ord om at ho kunne no tenkje på å snart føde følet sitt ho også, i allefall når ein såg på kor enorm magen var blitt. Og når eg då står dar og pratar ser eg noko lear seg i augnekroken. I eit lite sekund er eg vel det ein kallar himmelfallen. For fram frå hjørna inst i boksen kjem verdens finaste vitle hoppeføl -ever! Altso var det ein grunn til at Knekten sto i skammekroen i motsatt ende av boksen... Dama hadde trykt følet godt oppunder forkrubba so når eg sto på forbrettet kunne eg ikkje sjå det... Heldigvis hadde alt gått bra, dama har no fått to føl før, men det er alikevel mykje so kan gå gale. I tillegg so hadde det no vore artigt å sett eit føl bli født. Etter x-antal kalvingar so hadde det vore flott med ein noko nytt;D Men Hemselill ville det anleis, og når alt gjekk bra so var det vel like greitt :D I allefall, i det eg såg denna vitle bylten so var eg ikkje sein med å hive meg opp i boksen og helse på denna vesle dama. Tøffe var ho i allefall. Uredd gjekk ho rett bort te meg, kasta på hovudet og vrinska høgt. Ho godtok kos og klapping før ho fann ut at det var på tide med mat. Då snudde ho røvi til meg, spente te meg med begge bakføtna og gjekk stolt med hovudet heva bort til mor for å få mjølk... Ho her blir nok ein håndfull når ho blir eldre:D

 
Jostedals Vilja søv søtt!

Knekten i soli


Eg og Anne måtte opp i Røysi for å helse på nyejenta der oppe også!
Den dama er kaldblods/varmblods-mix, og med soooooo lange føter ;D



Om å gjere å liggje ubehageleg....


Eg gjere slek so mammaen min...






Knekten var litt snurt pga manglande merksemd....










Lykita med med langbeinte dottera i Røysi:D



Langt ned til bakken, gitt:D



Ei lukkeleg mor ute på grønt gras!


I farta...


Knekten hadde SOO lyst til å helse på syster si, men ei streng mor gav han bra juling dei fyrste dagane :D










Føl føl føl føl føl!!!!!!!!