mandag, august 13, 2012

Sumar 2012

Stakkars deg bloggen min, eg har forsømt deg heilt... Men no, no ska eg vise deg omsut att !
Trass i at det er lenge sidan siste post og sumaren er på hell, må eg vel ha eit innlegg om sommaren likevel. Sommaren 2012 har vel vore slek som sommaren i fjor, og året før det att og året før det att o.s.b. Altso har det gått i mjølking, slått, bringebær, blåbær og jordbær. Fluge, gylle og vøling av gjerdingar. Feite kyr, tunne kyr, friske kyr, sjuke kyr, kalvingar og nødslakt. Riving av matriallager, rydding av skog og sundekjøyrt slåtteutstyr. For kaldt vêr, for turt vêr, for blautt vêr og ikkje minst alt for forbanna heitt ver! Og ikkje minst grilling, raudvin og sumargilde. Det skjer faktisk so mykje om sommaren at det er jammen godt det er sommar berre ein gong i året! 

Men ein ny ting i sommar er jo at eg ha våre so heldig å få leigd meg ein ekstra arbeidskar. Me har difor fått alt muleg arbeid undå som me har måtte utsett år etter år pga manglande tid. Stakkars svenske avløysar har sikker drøymt om nettene om uregjerlege småbjørk med 300 greiner og motorsag so går i gråor med spiker i,  og ikkje minst nedgrodde gjerdingar surra ti vende rundt steinstøtter...

I allefall, her er nokre bilete av vår/sommar 2012 (so langt...) på Gjerde Gard :D


Uuuut mot havet :)




Søøøøtaste vitlejenta i famelien!


Yeej! Eg ha funne neglalakk so stemme både til den blå OG den oransje fargen til Delaval :D



Inseminerar heile året rundt. Kyr altso :D


Sommaren sitt einaste dødsfall på garden var det denna stakkars vitli so sto føre. Etter 2 månader med sjukdom (antakeleg pga hard fødsel og noko medfødt attåt...) so var det slutt på leiken. Elde lidelse alt etter som....


Viktigt å ikkje gjere for mange turar!


"Kyr i vass-speigel" trur eg at eg ska kalle dette verket....


Pedikyr


Ny staut verdsborgar på Nes! Velkomen Heine! Eg og Marthe ha vore på kosebesøk:D


Selskap i Gop`n


To søte jenter. Den eldste søte jenta bere rundt på den vitle søte jenta so definitivt er festens midtpunkt!
Go Andrine!


Alice søve bort sumarnatta


Grave grave - nye grindstolpar.


Eg og anne ha brent gammalt matrial.


Detta er ein sleke "avløysar"


Protest


Med hetta på protesterar grasrota. Me (taggar`en og meg...)protestera egentleg mot alt :)


Viktigt å synast i trafikken. Desse to blide ansikta måtte diverre fjernast då det i følgje hotellsjefen ikkje var estetisk vakkert nok for turistane sin standard ;D


Geitene i røysi fann seg god skugge.


Sleke lister blir laga kvar dag. Problemet er berre at det blir berre stroke eit par punkt frå lista kvar kveld - resten blir overført til neste dag si liste.... Lista er no vorten laaaaaaang ;)


Idyll


Over: rett veg.....

Under: Opp ned og SO mykje kulare bilde;D




Bakken nedunder huset til bestemor har vore eit overgrodd villniss av diverse plantar og or.... Bilete over er frå pre-Johan. Bilete under er etter han kom i gong. No blir det meir beite til hestane, utsikt for turistane frå vegen ned til campingen og ikkje minst; eg sleppe å lage farlege situasjonar oppi vegen. Det har vore so dårleg sikt der at eg har måtte hatt nesten heile traktoren og frontlastaren over på hi sida av vegen før eg har hatt mogelegheit til å sjå om det kom bilar frå nedi dalen... Altso:dødsfella er no more:D



Slått 
!

weeee! Ai ai arribaaa!


Fint på Grov!


Eg har hatt meg nokre gåturar oppe i skogen for å sjå resultatet av vinden i vinter. Og jammen skal eg sei at Dagmar har herja godt. Mykje matrial og mykje ved, men og mykje arbeid ;)



Eg har no offisielt dei mest vekkskjemde hestane i verdi. Gulerøter og brød må til for å inneha den tittelen. Eg seie det berre...



Kva problemet til denna karen var veit eg ikkje. Dude`n hadde i allefall attitude. Du kan nesten høyre han seie "what -what!? Back off bi***" I allefall. Eg tok bilete av han og blei redd. Fjærkre altso, eg lika dei ikkje. Beady little eyes....  Men ja, han / ho sat ute på verandaen og såg stygt på meg når eg pratte til han og prøvde å rette ut ei hjelpande hand. Ok det var ein pinne. Og ja, det kan vel kanskje omtalast som peting istaden før kjæling. Eg blei redd (haaaata fugla gitt, små fugla altso. Ørn,hauk,gribb og albatross er kule...). So då henta eg katten og sette den ned attmed fjørballen. Eg tek ikkje noko ansvar for kva som skjedde etterpå. Eg var ikkje noko augevitne, men eg høyrde to små pip før eg kom meg inn at døri. I know nothing!