torsdag, mars 08, 2007

Gratulerer med dagen damer !!


I dag er dagen då me kvinnfolk feira oss sjølve:)
Høyrde for eit par minuttar sidan eit fæla leven utafor glaset mitt og kravla ut av senga for å sjå kva som stod på... Kva kunne dette vere? Slåstkamp på kebabèn nok ein gong, fulle folk på Finnegan`s, ein forbanna street-performance nok ein gong ??? Neidå, i gata utafor gjekk folk i tog i anledning dagen:) Plakatar, bannera, megafonar, kamprop og heile greia. Eg fekk litt dårleg samvittigheit for at eg ikkje er meir engasjert, men eg tenkte hardt på likestilling når eg sat i glaskarmen min og såg dei gjekk forbi:)
GIRLPOWER!!!
Fleire kvinner inn i ledande stillingar på Universitetet!!!!
Lik lønn for likt arbeid!!
Og so roa eg meg fint ned og fortsatte surfinga på youtube...
og sist, men ikkje minst:

Gratulere med 30 års-dagen Grete!!!
Hulla:) Gledar meg til ferie-weekend i Oslo:)

Ingen kommentarer: