fredag, februar 12, 2010

- kaffislabberas -

Om ein reiser opp i byggjefeltet so kan ein få servert fantastisk kaffi =)
Og ete sjokolade til ein skjemst.....




I eit anna byggjefelt sør om Jostedalen so kan ein også få kaffi og fantastisk mat. Gjerde/Kjærvik-klanen var for ei stund attende samla for å feire at Dag bjønda å bli vaksen;D

Praten gjekk laust og ledigt so vanleg når denne gjengen møtast.
I tillegg til krig og fred og sånt (...) so er dette dei emna som oftast blir diskutert ;
- minstepensjonistar og økonomi
-bønder og økonomi
-studentar og økonomi
-innvandrar og økonomi
-den norske stat og økonomi
..........................
på detta tidspunktet er diskusjonen som oftast over i krangling og kverulering ( det er nokre agitatorar i dinna gjengen.....) og lyden har eit desibelnivå som blir klassifisert som skadeleg....
og etter alt dette er diskutert opp og i mente so var det berre eitt punkt att på sakslista:
Bestemor oppdaga at Marthe gjekk med ei dongeribrok som er "distressed"... altso den er litt holete og slitt - med meining altso- it`s fashion b****** ! ;=D

Bestemor: "I alle daga, Marthe; ha du på deg ei brok med hol i når du e i selskap????"

Marthe: " det ska vere slek bestemor..." (sukk...)

Bestemor: " hæ?"

Marthe: " broki ska vere slek, bestemor. Det va hol i ho då eg kjøpte ho.." (sukk x2)

Bestemor: " EG TRUR DU E GALEN ! Betale før å få ei øydlagte brok! Eg ha no alder hørt so gale! Ha du Dorthea sitt ditta dar- ho ha HOL i broki!! Tykkje du Dag ditta dare e flott då? Eg hadde no AAAALDER gått ut or huset ein gong med ho i broki eg! LAILA!!!- ha du sitt ke døtte di går med - ho ha HOL i broki!!! Mai - ha du sitt ditta ? Karin- du ha vel ikkje ei sleke FEEELE brok du???

(eg trur eg her berre mumla eit "tjaaaahmmm"..)

Bestemor: "Nei, no! Det ekje løge det e so mykje kriminalitet her i verdi når unge folk går i selskap med hol i broki !"

Og so lo alle dei som var over 50 år godt. Og dei var vel enige om at "ungdomen no til dags...sukk" .

Deretter var det tid for "pinlege opplevingar" og "jøje meg-har de høyrt at...."-kategorien der alle hadde ein historie eller to å bidra med :)

So der har de det; holete bukser er den grunnleggjande årsaken til kriminalitet:)

Eg vurderar å ta med videokamera neste gong;)
Her er litt uklare bilete av klanen:









Ingen kommentarer: