tirsdag, mars 30, 2010

Påskerevy 2010 LUSTER BAD PRIX Teaser ..;D

Melodi Grand Prix i Luster Bad
Årets påskerevy i Jostedalen går i sin heilskap føre seg i kommunens nye storstove: Badelandet i Gaupne.

Me er komne til det herrens år 2027, og tidlegare ordførar Torodd Urnes er møtestyrar for opningsarrangementet – kommunen har nemleg vore så heldig å få finalen i det norske Melodi Grand Prix til Badelandet. Publikum får dei typiske grand prix-reisebreva frå den nye storvegen over Handspiki, det nedlagde eldresenteret i Jostedalen og frå stadige vasskraftdemonstrasjonar i Krundalen.

Me får òg møte spanande artistar – tilflyttarar med urbane kroppslege lyster, politikarar med god råd og potetskrellande og litt forvokste Rupeungar .

Her kjem nokre bilete frå ein øvingskveld; sokalla liten teaser so gjere at me vonar DU kjem på Påskeafta !
Enjoy!


Deler av Under the table and drinkin er årets revyband. Dei Dylan-orienterte karane gler seg til å få velte seg i norske og internasjonale mgp-klassikarar, og publikum kan gle seg til ei storstila opning av Luster bad – på påskeaftan i samfunnshuset i Jostedalen.



Ingen kommentarer: