torsdag, desember 19, 2013

Luke # 18 !

Kyr for dagen 18. desember:

Anne(mor)


Eg er visst eit par dagar på etterskot med lukene mine, men her er litt av grunnen:


Anne (ho heiter egentleg Annemor, men det var litt for tungt å seie) fekk sin fyrste kalv den 18. desember midt i pausen i håndballkampen på tv ( kva skjedde med forsvaret damer?? aaaaarrrrggghhhhh!!!!). Tidlegare på dagen hadde eg og Anne funne ut at dama burde nok i fødebingen i løpet av kvelden, men det såg ikkje ut til at det hadde noko særleg hast. So feil kan man ta! Eg skulle berre nett innom å skjekke på ho i pausen då eg høyrde rautingi i det eg kom ut i tunet. Det er løge dette med rautinga til kyr. For folk flest høyrest vel all rauting ut som det same. Eit "møøø" er eit "møø" likso. Men neihei! Det er rauting, uffing og klaging, det er humring, lokking og varsling. Dei har eigne raut for alt. Og det rautet eg høyrde frå fjøsen var definitivt " kaaaaaaalv, det er komme kaaaaaalv, miiiiiin kaaaaalv! ". Her var det visst berre til å komme seg i støvlane og inn te damene! Medan eg kløna avgårde på telefonen ( hugste plutseleg på at dama var jo inne blant alle dei andre damene; altso full action blant 25 damer betyr at det ikkje er bra å vere aleine...) for å ringe anne kom eg på at  Heyhey! bakken ned til fjøsen er jo vorten til klink is!  Det var bra eg ikkje hadde tilskodarar for eg var mest so ei kvige på spalt; armane i ein retning, føtene i ein annan og hovudet var so vanleg ikkje heilt i lodd det heller! At eg overlevde i det heile teke er utruleg! I allefall, eg kom meg heil ned i fjøsen, hoppa i støvlane og no var rautinga panisk so eg sprang inn til damene med ein gong. På dette tidspunktet hadde eg fått tak i Anne på telefonen. Altso; det var vel ingen samtale akkurat, eg fekk fram ordi kalving. kvige. spalten. klin galne. kom for faen !!. Anne innsåg at det var all informasjonen ho fekk so ho heiv seg rundt å kom (ho hadde same teknikken på isbakken so eg hadde, haha!). Inne i fjøsen var det kaos. I tillegg til ei kvige so nett hadde født var det 24 andre damer som også gjorde seg gjeldande. På eine båsen i det nederste hjørnet so sto kviga halvveges oppå og kalven stakkars, låg å skalv ned på spalten. Men han var absolutt ikkje aleine! Stakkars Anne hadde fått ungen sin kidnappa! Og sjølvsagt var det Iselilja ( sjå luke # 9 ) som var den kriminelle. Iselilja eeeelskar kalvar! Alle kalvar! Det er ikkje so nøye om det er hennar eigne eller naboen sine; kalvar er det finaste ho veit. Det positive med ein slik kidnappar er at kalven får godt stell sjølv om mor blir holdt vekke, og sia Iselilja er so intenst gild i kalvar so nåde (!) den andre kyri so prøve å komme bort til kalven hennar... Altso liten sjangse for at andre kyr kan skade kalven, men eit stort minus for den egentlege mori! I allefall; eg kom meg kjapt inn til damene og fekk jaga Iselilja ein veg og resten av flokk ein anna, sette ein perimeter rundt Anne (bovine edition) og kalven, og stod med nervene utanpå til Anne (homo sapiens) kom seg fram i fjøsen.  Heldigvis er ho minste frøken Gjerde lettbeint og forserte difor raskt dødsbakken og kom kjapt til for å hjelpe. Planen blei som følger: eg bere kalven i fanget, ryggar langs båsrekka (eg snur ikkje ryggen til ei nybakt mor! då snur eg helde ryggen til 24 andre urolege damer...) til fødebingen og satsar på at kviga føl etter, og at hverken ho eller Iselilja prøvar å drepe meg. Og Anne er forsvar og observator på vegen gjennom fjøsen. Planen blei utført nesten perfekt. Litt klabb og babb med resten av flokken blei det, men kviga gjekk fint etter meg og kalven, og det var bra. Iselilja fekk nesten panikk då eg,kviga og kalven for avgarde, men det gjekk bra takka vere forsvarssjefen Anne. Akkurat på det tidspunket då eg, kalven og kviga gjekk gjennom porten til fødebingen fann Iselilja ut at det var "no eller aldri"! Taktikken ho valgte var egentleg uventa; ho kasta seg over kviga å rei (!) so ho var gali. So der sto me då. Eg med kalven i armane, kviga i portåpningen, Anne ved sida av og 800 kilo radlande gal kyr 2 meter over oss. Kuult...  Kva er vel livet utan litt action og hjartebank?
Heldigvis trødde forsvarssjefen til. Ho er ikkje so stor på jordi, men ho er stor i ordi og sterk so pokkern so Iselilja fekk fint beskjed frå Anne om at DETTA var uaktuelt! Og då var me heldigvis i mål.. Mor og barn var komen på einerom og freden fekk senke seg att i flokken ( altso; det gjaldt ikkje Iselilja. Ho gaular fortsatt etter kalven "sin"...). Anne ( kyri altso!) visar seg å vere ei fantastisk god mor og etter at ho no har vorte mjølka tre gonger so ser det ut som at ho blir ei snill mjølkekyr også. Me har faktisk kvidd oss litt til at denne kviga skulle kalve. Mor til denne dama reiste faktisk på slaktebilen berre nokre veker etter at ho kalva. Ho var nemleg klin gal. Altso K.L.I.N gal... Alt var normalt med ho før ho kalva, men etter at ho hadde født Anne so klikka det heilt for ho, stakkars. Me fekk ho ikkje ut av fødebingen ein gong; ho ville drepe alt og alle og klatra opp etter glatte veggplater i eit forsøk på å komme seg vekk...Ho blei rett og slett farleg! So difor har me vore skeptiske til kviga Anne, ho har vore litt uroleg og absolutt ikkje kjælen. Men denne dama har nok "sett lyset"! No etter at ho blei mor so er ho plutseleg blitt roleg og tillitsfull og det ser ut til at alle bekymringane våre var HEILT grunnlause: hurra for Anne(mor)!:D

(det er ein grunn til at tobeinte Anne ikkje likar at denne slekta har namn med fyrstebokstaven "A". Fleire av desse har vore kjempegode mjølkekyr,men siste kyri som hadde namnet "Anne" (bestemor til dagens Anne) blei solgt fordi ho var so ufjelge. Blant anna so braut ho nesten nasen på eine dyrlegen og spente meg i hovudet/ansiktet so eg gjekk i dørken nokon gonger. Mennesket Anne meinar ei snill og god avlslinje kan få namn på "A" ;D )



Gutongen til Anne, med råååååsa merke på nasen :D

Ingen kommentarer: