lørdag, desember 21, 2013

Luke # 20 !

Kyr for dagen 20.desember:

Amanda

Amanda (eller som moder`n kallar ho; "Amanda frå Haugesund"...) er ein av kvigene som kalva no i haust. Eg har ikkje heilt klart å bestemme meg for om eg likar ho spesielt godt eller om me skal berre bestemme oss for å vere "bekjente" av kvarandre... Ho er ikkje so veldig kjælen mot menneske, men ho var ei god mor og veldig snill med kalven sin. Men det tok si tid til å få ho til å godta at eg skulle mjølke ho kvar morgon og kveld! Ho likte hverken mjølkemaskina eller mjølkestallen. Fyrst var det problemet med sjølve staden mjølkinga skulle finne stad. Eg og Anne lokka ho gjennom mjølkestallen sikker 20 gonger før ho godtok å stogge der i meir enn 15 sekund, men til slutt innsåg ho at det var no egentleg heilt ok. Og so kom problemet med mjølkinga. Det var HEILT uaktuelt at nokon andre enn kalven skulle stjele mjølka hennar. Ho fekk eit mål her i livet; sparke meg i hovudet... Ho traff meg omtrent alle stader ho nådde frå der ho stod. Rimeleg utspekulert var ho også med at ho snudde hovudet litt til sida slik at ho kunne sjå kva eg gjorde og sparke til på det rette tidspunktet. Kjekk dame! Me måtte til slutt bitte bakføtna på ho og modern måtte vere med å holde ho når det var mjølketid. Det var ikkje berre for min sikkerheit, men også for hennar. Me har jo mjølkegrop og egentleg skal ikkje kyrne klare å dette ned der, men om dei blir tussete nok so kan dei no få til det også. So om ein får litt restriksjonar på bakføtene sidelengs so er det tryggast for alle. Men me blei no til slutt enige om mjølkinga også. Me so oftast venner, men me har dagar der me er litt uenige også. 
Men nu går alt så meget bedre :D

Det beste Amanda veit: mjøl og finsnitta silo,og å vere sterkare enn ei anna kyr.
Det verste Amanda veit: bli tommjølka på høgre framspene. 

Amanda er også litevetta (...) obsternasig. Til dømes når eg skal ha ho ut av mjølkestallen og seier "Amanda, gå ut... ", då står ho ved utgongen og gjev meg eit tomt blikk "hæ? eg forstår ikkje? vil du eg ska gå? fram her likso? heilt ut? hæ? oi sjå! litt flis på golvet...ooOOoo". Eg gjev ho nok eingong beskjed, og no er eg skarp i stemma. "jaja,eg VEIT vegen,! NEI eg vil ikkje gå. Eg vil nemleg RYGGE i dag!". Og det er då både eg og sintestemma mi er på veg opp troppi frå mjølkegropi! DÅ plutseleg skal dama ut; to føter spenner ut bak før ho teke galoppfatning og dundrar ut gjennom porten so andre kyr i vegen står trykt opp etter veggene. I tillegg so er ho noko tøff i trynet inne i flokken. Ho er er nemleg ikkje so høgt oppe på rangstegen som ho sjølv skulle likt å ha vore! Amanda meiner at ho høyrer no i allefall til på topp 5...Og for å komme seg opp og fram her i verdi so må ein stå på krava og gå for det ein vil ha. Og det gjere verkeleg Amanda. Det er ikkje ein dag so går utan at ho knuffar litt på damene so er over ho i rang. Men på grunn av at denne dama ikkje er so stor og sterk so blir ho so oftast for lita og lett, men det ser ikkje ut til å gjere ho motlaus. Ho prøvar berre att neste dag :D 





Som ein kan sjå so likar også Amanda å dyppe nesten heile hovudet i vasskaret når ho drikk :D

Ingen kommentarer: