fredag, desember 06, 2013

Luke # 6 !

Kyr for dagen 6. desember:

Elsa

Dama so er gjøymt bak luka i dag er litt av ei kyr. Elsa er no drektig med sin andre kalv og har i skrivande stund att ca 4 månader til termindato. Ikkje berre er denne dama super på papiret ( veldig høg avlsverdi) men ho er super i verklegheita og. Snill so dagen er lang, kontaktsøkande, veldig god mjølkekyr og ei veldig god mor! Då Elsa fekk den fyrste kalven sin so ordna ho heldigvis alt på eigenhånd. Sia ho var kvige og ho er mykje verdt so følgte me nøye med på om ho blei kalvsjuk. Eg vaka på ho i fleire netter då ho såg til å bli klar, men ingen kalv kom. Heilt til den natti eg var so trøytt at eg ikkje vakna av klokka for 2. runden i fjøset. Eg skjekka ho då klokka var ca 02.30 og då låg ho å sov so eg gjekk og la meg att og stilte alarmen til 05.00. Alarmen den ringte den, men eg sov like godt, og då eg kom i fjøset for å ta morgonstellet so var dette synet so møtte meg:



Elsa hadde fått ein kjempefine kalv. Dama hadde klart overgongen heilt fint. Fødselen såg ut til å ha gått so nokonlunde lett og dama hadde definitivt morsinnstinktet i orden. Kalven var vaska frå topp til tå og låg god og mett og kvilte i liggebåsen då eg fekk sjå han. 

Ikkje nok med at Elsa var ei god mor til sin eigen kalv. Ho blei også "mor" til ein kalv nr 2  eit døgn seinare. Ei anna kvige Ariana kalva også, men ho var lite eigna so mor. Ho hadde ein fæl fødsel so kanskje det var grunnen, men i allefall; ho ville ikkje ha kalven sin. Ariana vile ikkje drepe den ( det finst dei so prøva på det og...) men likte berre ikkje denne vesle blaute saken. Og der kalven hutra og fraus fortsatt blaut av fostervæske so viste Elsa interesse over bingekanten ("stakkars liti ! Come to mama!" sa ho). Og slek blei plutseleg Elsa tobarnsmor. Den nyankomne vart vaska og stellt etter alle kunstens reglar og fekk til og med drikke mjølk hjå ho. No er det so lenge sidan Elsa kalva at eg tenkje ikkje på ho so kvige lenger. Dama er midt i gjengen av alle dei andre mjølkekyrne. Roleg og snill er ho fortsatt og ho er no snart klar til å gå ut i barselspermisjon i påvente av nok ein kalv :D


Elsa som tobarnsmor. Supermamma!

onsdag, desember 04, 2013

Luke # 5 !


Kyr for dagen 5. desember:


Viola

Dagens luke blir vel ein sokalla in memorian post. Viola er diverre avgått med døden og kjem snart på ein tallerken nær deg. Viola blei født 1.mai 2008 so dama rakk å bli  5,5 år. Mor til Viola var nr 219 Venekolla. Venekolla var ei fantastisk mjølkekyr (låg ofte på 60 liter mjølk om dagen!), brunfarga, av middels storleik, snill og god (såg ut som Litago-kyri!). Det som til slutt tok knekken på ho var pga stort jur og stor mjølkeproduksjon so fekk ho minst ein mastitt i året.... fælt for kyri og fælt for bondens lommebok :)
I allefall, sjølv med litt låg avlsverdi (8) so såg Viola ut som ei lovandes kyr med tanke på avlen. 


Viola som ung og lovande kvige!

Vel, Viola blei aldri ei eksepsjonell  mjølkekyr som si mor, men ho klarte seg godt allikevel. Mjølkemengden var vel ca midt på treet og laktasjonskurva var ikkje akkurat ideell, men ho fekk no ein kalv i året, mjølka og var enkel å få drektig og ikkje noko særleg sjuk. Ein morsom ting ved ho også var at ho hadde ein hale som var berre 30 cm lang. Dette fordi ho som kalv fekk eit stygt sår på halen midt på sommaren. Heten gjorde at bakteriane eksploderte i såret og dyrlegen amputerte halen for å minimisere risikoen for at betennelsen gjekk opp i ryggen på ho. At halen var kort var bra for å holde ho rein på låri, men eit stort minus når det gjaldt smekking av fluger.... Denne dama var også ei greidig kyr å ha med å gjere på ein dagleg basis. Ikkje spesielt kjælen ( før på sine gamle dagar då ho innsåg at det var ganskje godt å bli klødd på halsen), eigenrådig og gjorde definitiv det ho sjølv ville, men var aldri sint eller umogeleg på noko vis. Ho var også som oftast på topp i rang. Det at ho dengte både den eine og andre kyri hadde so oftast med at ho var sinnsjukt stor og tung. Me pratar ikkje berre kraftig og brei, men også høg. Med minst 160 cm på manken er det stort til å vere NRF!  Og det er dette so er grunnen til at dama blei dagens kyr. Viola har nemleg rekorden då det gjeld slaktevekt frå mjølkekyr her på garden. Sist veke gjekk ho på slaktebilen og si siste reis her i verdi og stor var spenningen då me kunne lese meldingen på slakteweben etterpå. Viola kom på (waaaait for it......!)  459 kg i slaktevekt!!  Holy crap, seie berre eg. Det vil sei ca 900 kg i levande vekt! Ikkje løge at eg tykte ho var litt tung å "flytte" på når eg meinte ho var i vegen for meg :D


tirsdag, desember 03, 2013

Luke # 4 !

Kyr for dagen 4.desember :

Vanja

Vanja har opplevd mykje til tross for at ho ikkje er so gamal. Dama blei født i oktober 2010, men er no allerede trebarnsmor! Historia om korleis ho har fått det til går slik : då Vanja var åring so synte ho seg ikkje i det heile teke. Altso ho synte ikkje noko teikn på at ho var kommen i brunst. Kyr flest gjev mange teikn på det, og i ein lausdriftsfjøs so er det ikkje reint skjeldan at dei fere på kvarandre døgnet rundt ;D ( då eg var liten kunne eg nemleg fortelje mor mi at alle kyrne me hadde i fjøsen var lesbiske....) I allefall, Vanja gav ikkje noko signal som helst at ho var klar for inseminering. Det i seg sjølv var ikkje nødvendigvis teikn på at det var noko alvorleg gale med ho. Det kunne berre vere at ho var litt seint utvikla eller at ho hadde cyster på eggstokkane. På grunn av dette fekk me dyrlegen til å undersøke ho og me fann fort ut at vår bekymring for sein utvikling var definitivt grunnlaus.
 Dama var nemleg drektig! 
Stor var overraskinga både for oss og dyrlegen. Han so trudde han skulle kjenne på ein eggstokk stod plutseleg med håndi på en stor kalv.... Ho var altso ein kalv som skulle få ein kalv. Det var ein ikkje so reint lite skremmande tanke dette med ein fødsel på ein so liten åring og ikkje minst : når skulle denna fødselen finne stad ? Etter litt detektivarbeid kom me på kva som hadde skjedd ein del månadar før. Då hadde eg to oksar gåande i ein binge ved sidan av småjentene. Medan eg var i fjøset so hadde dei reve ned bingeskillet og det var litt av ein dans i bingane! To oksar og åtte damer hoppa, dansa og sparka himmelhøgt rundt meg medan eg banna og sveitta og eg prøvde å få opp at skillet. Det var snakk om ti stakkarslege minutt. Men det var visst ikkje mange minuttane ein av desse karane trengte! Vanja hadde vore i brunst til akkurat rett tid og stod i akkurat rett binge på akkurat rette dagen (vel...for ho var det vel meir so ei overfallsvoldtekt av ein eldre mann...). Heldigvis enda det godt sjølv om det var i tidlegaste laget for kalving for denne dama. Fødselen gjekk overraskande lett og sjølv om juret var litt lite utvikla so blei ho ei god kvige. Vanja er absolutt fortsatt ei god kyr men blir nok alder vaksen i hovudet. Det er som sia  ho "hoppa over" ungdomsperioden so er ho fortsatt mentalt sett ein kalv. Sjølv no etter tre kalvar so tek ho minst ti gledeshopp om dagen og tykkje det er moro å sprette rundt oss om me prøvar å rettleie ho i ein eller anna retning (tenk trassalder /obsternasig tiåring...). Men sia det ikkje er noko ildt i ho so er det berre å rekne det som gratis underhaldning og spenning i kvardagen ! 

Og ikkje minst er dama ei supermamma. I år (når ho egentleg skulle ha fått sin fyrste kalv...) so fekk ho tvillingar. Ein kvigekalv og ein oksekalv. Og sjølv om det er hardt å passe to små so klarte ho det med glans! 

Her er ho som ung jentunge på eit par månadar:



No, tre år gammal og nybakt tvillingmor:


 Supermamma Vanja !

Luke # 3 !

Kyr for dagen 3.desember:

Jenny

Jenny er nemleg blitt mor nok ein gong i dag! Etter å ha vaka på denne dama i to netter (ho kneip igjen,gitt...) kom det ein flott stor oksekalv midt på dagen i dag. Og sia Jenny er det ein kan kalle ei superkyr med tanke på avl, og det same gjeld far til årets kalv, so er denne oksakalven ein seminokseemne. Det vil sei at om han kjem gjennom nålauga so flyttar han til Hamar der han får leve litt lenger enn ein vanleg mellomkalv, og ikkje minst; ha seg med ei smekker falsk kyr! 


Denna karen ha fått namnet "Gjerdeguten" sia han kanskje kjeme seg opp og fram her i verdi :D
 ( btw: skjekk den søte nasen!)
Det ser nesten ut som om han har eit skeivt bles med sikksakk mønster på nasen!

Men tilbake til dagens dame. Jenny er ikkje berre ei bra kyr pga. avlsverdien. Denne dama er den beste typen mjølkekyr ein kan ha; den ein omtrent ikkje merkar ein har i fjøset ;D Skjelden sjuk, lette fødslar, roleg og god mor, mjølkar lenge og mykje, bra kvalitet på juret, et og drikk godt og ligg slek ca. midt på rangstegen i flokken. I tillegg so er ho kontaktsøkande og kjælen, men godtek at ein er ferdig med kosestundi og vandrar vidare på sin veg. Kort sagt; ei bra mjølkekyr! 



Hurra for den nybakte mori Jenny! 

mandag, desember 02, 2013

Luke # 2 !

Kyr for dagen 2. desember:

 Milla

Dama so er gjøymt bak luke nummer 2 har eg valgt fordi ho akkurat no er plassert i sjukebingen og blir varta opp på alle fire klauver. Kvifor ho er der skal eg komme tilbake til, men sidan ho er sjuk so fortjener ho vel litt ekstra merksemd. Milla er normalt sett  ei kyr med det ein må kalle ein STOR personlegheit. Ho er svært selskapssjuk og blir rett fornærma om eg går forbi og ho ikkje får merksemd og kos. Dama er også sinnsjukt svær! Ho er ikkje berre eit matvrak altso, men rett og slett ei stoor kyr og med eit tilsvarande stort hovud med lika store tankar om seg sjølv. I følgje denna dama er alt her i verdi laga til ho. Ho er ikkje sjef i flokken, men allikevel: fyrst til det beste graset, råderett over mjølstallen, sin eigen favoritt liggebås, personleg groomer ( Anne og meg..), fyrst inn i mjølkestallen og ikkje minst; går kvar ho vil, når ho vil og nåde den kyri eller menneske som står i vegen mellom ho og hennar destinasjon. Men som sagt, ho er svært kjelen. Når eg tek kveldsrunden inne blant damene so ligg ho å "øna" seg heilt til du kjeme bort å klør ho litt på halsen. Då er ho ikkje fornøgde før ho har fått ligge med hovudet i fanget ditt ei stund. Men tilbake til det faktum at ho treng litt gode tankar sendt sin veg for tiden. Dama er sjuk. So langt ser det ut som at det er ketose. For nokre veker sidan so fekk ho ein veldig fine kyrkalv. For dei som føl med på instagram`en min so var dette eit bilete dei fekk sjå:


Milla hadde altso ein monstermage! 
No skal det seiast at dama var i veldig (...) god stand, men dette var eit ekstremt midjemål . Og ho var slik i allefall ein månad før kalving. Eg var egentleg ikkje redd for ein monsterstor kalv, då ho pleie å få små avkom, men eg var redd det var minst (!) to kalvar inni der. Og då med tanke på tvillingar i magen, feit kyr og det at dette var 4 kalven (kalvane?) so var me litt skeptiske både til det eine og det andre. Men då dama blei kalvsjuk so var det ei pressrie og ei pitteliti tynne jente som berre glei ut av ho. Frisk og rask, og rettaleg tøff i trynet, hoppa det ein einaste kalv rundt føtene på Milla dei neste dagane. Den nybakte mori fekk gå med kalven i fleire dagar. Eg var redd både mjølkefeber og mykje anna, men Milla overraska oss ved å gå på, ete godt, stelle kalven og mjølke godt. I fylgje eine dyrlegen var det ein eller anna sjukdom/tilstand som kunne vere grunnen til den enorme magen. Då ho kalva reagerte eg på at det var enormt mykje fostervæske og det virka som om det var "dobbel" fosterhinne rundt kalven. Det var visst eit eller anna so gjorde at nokon kyr kunne få alt for mykje fostervæske og div. andre problem. Etter kalving kunne jo ein også få problem med blodtrykksfall mm. med tanke på at kyri skulle kvitte seg med all ekstra væska, komme seg etter fødsel og auke i mjølkeproduksjon...No omtrent to veker seinare hadde eg senka skuldrane litt med tanke på sjukdom men skuffelsen var eit faktum då dama plutseleg droppa i mjølkemengd for eit par dagar sidan. Med tanke på kor stor ho er hadde me ho inn i sjukebingen. Om ho no var alvorleg sjuk so var tanken på at ho kollapsa på spalten ikkje noko hyggeleg, hverken for ho eller oss. I allefall, då me har kyr i ein eigen binge har me også meir oversikt på kva kvar kyr et (mjøl vs.høy vs. silo) og drikk. Sidan eg var redd mjølkefeber blei temperaturen og kyri følgt med argusauge. Men ingen teikn til det. Ok, då blir neste teori ketose. Det lukta kanskje litt av ho, men ikkje noko særs sterkt. Om det er ketose so et dei ofte mjøl, men ikkje gras. Men dette matvraket åt godt med høy, mjøl og drakk vatn. Jaja, tenkte me. Då er det vel berre slik at ho har ein liten "down" no etter at me tok frå ho kalven og ho har auka godt i mjølkemengd. Men neste dag var ho verre. Åt mindre, hadde mindre mjølk og ikkje minst: det var noko feil med oppførselen. Store auge og eit løge blikk, ikkje ville ho kos og merksemd, Noko var definitivt feil. Kanskje var det ketose eller mjølkefeber på veg allikevel ? Sidan ho åt litt so gav me ho litt ekstra tid til å komme seg. Men nei, då eg var nede i fjøsen midt på natti for å skjekke korleis det gjekk, var ho vorten verre.Det var noko heilt " feil" med heile kyri. Ho var rett og slett både sint og nervøs når eg var inni bingen. Litt skjelvingar i bogmusklane men elles ikkje noko fysiske teikn på kva som var gale. Men psykisk var ho heilt "off".  Ho ville ikkje ha noko kontakt og det løgnaste av alt var at ho tygde som ho var galen med tom kjeft. Ingen ting i munnen, men ho gomla på... ALT skulle sleikast og gnagast på, det var mest so ho var besatt. Meir forvirra enn nokon gong so kom eg innatt i stova og plukka fram Storfesjukdommar boki mi for detta var løge. Etter å ha lese i nokre minuttar i kapittelet om ketose kom forklaringi. Nokon kyr har "nervøs ketose". Det høyrest ut som ein tullesjukdom men er høgst reell. Då blir dei blant anna nervøse, sinte, tygge og lenar seg fram mot skuldrane. Det kunne sjølvsagt hende at vet.Karin tok feil av diagnosen, men her måtte i allefall det ringast til vetrinær. Og diagnosen blei då faktisk ketose. MEN ho hadde også ein del gass i nedre del av magen på høgre sida. Heldigvis høyrdest det ikkje ut som om det var løypedreining ( me måtte avlive ei kyr for eit par veker sidan på grunn av det...) men det var allikevel ikkje heilt normalt. Men sjølv etter behandling er ikkje Milla heilt seg sjølv att endå. I går åt ho godt, men i dag tykte eg at ho hadde ete litt mindre att. So no kryssar me berre alle klauver på at dette skal gå bra! So oftast må ikkje kyr med ketose behandlast fleire gongen so om ho ikkje kviknar til att so er det nok noko meir gale.... Det å eventuelt måtte avlive kyr nr 2 i løpet av eit par veker er absolutt ikkje kjekt. Ein ting er det reint økonomiske med tapet av ei vaksi mjølkekyr, men ikkje minst so er det seigt for ein bonde å ha sjuke dyr! I allfall: Milla er dagens kyr fordi ho fortjenar merksemd og gode tankar om ein snarleg restitusjon :D


Dårleg mobilbilete, men løll: Milla no i natt. For nokre minuttar sidan so låg ho fint og halvsov, men det bekymrar meg at eg ikkje har sett ho har hjorta i heile dag. Ikkje som eg har lagt merke til i allefall. Kom igjen, Milla - you can do it!!;D

søndag, desember 01, 2013

Julakalendar 2013 !

Tjohei !

 I eit forsøk på å få liv att i denna bloggen so er det innlysande at ein julakalendar er det som skal til! Ein julakalendar som i sin heilheit vil bli via til desse flotte damene eg har i fjøsen. Fødde og oppvaksne her på garden står dei på året rundt. Ete gras og mjøl, kalvar og mjølkar i ein evig runddans. Dei produserar kjøt og mjølk til inntekt for bonden og mat og drikke til deg. Damene er av rasen NRF, der bokstavane egentleg står for Norsk Raudt Fe. For meg står det lika mykje for Nusselege Råtøffe Førkjer! Ja, desse damene er søte å sjå på og so oftast søte av natur (...) , men også nokon skikkeleg råtøffe damer! Dei får ein unge i året, mjølkar i 10 md av året, kjempar for den beste maten og favoritt liggeplassen og ikkje minst: sin plass i eit strengt hierarki! Det er ikkje nokon leik å vere mjølkekyr,nei! So, til ære for desse damene mine, mine samtalepartnarar ( dei er gode psykologar; dei svarar ikkje attende når eg pratar til dei ), mine arbeidskollegaer og mine venninner ( eg er fleire timar med kyrne enn nokon menneske ) viar eg månaden desember. Her vil du få litt informasjon om nokon av desse damene, eller ei historie eller kanskje berre nokre bilete, noko lite skal eg i allefall prøve å skrive om damene kvar dag fram til julafta.  Rett nok er klokka no passert midnatt, og me strengt tatt er komne til 2.desember, men eg opnar allikevel luke nummer 1 i kalendaren!


Kyr for dagen - 1.desember : 

Ilda

Bakom fyrste luke i kalendaren gjøymer det seg ei "ny" dame i mjølkeavdelinga. Ei tøff kvige som var sjefen blant åringane då ho kom over i vaksenavdelinga. Ilda har eit flott lynne med tanke på at ho er kontaktsøkande og alltid vil ha kos. Snill so lenge du klør ho på halsen og ikkje står i vegen når ho ser mjølbytta.  Men sia ho ha vore sjef blant smådamene so forventar jo ho at ho er sjef over alle andre også. Av og til må ho bli fortalt at ein ikkje kan leike/klø/hoppe/slåst med menneske so med andre kyr og av og til har ho fått passet sitt påskreve av godt vaksne og større kyr også. Men alt i alt har vel overgongen frå småjentene til dei store damene gått bra allikevel. Fyste natti i ny binge blei nok litt hard då ho meinte alle skulle ned på kne og tilbe ho, og ho ikkje kunne fatte at nokon ville yppe med hennar sin naturlege rangplassering, nemleg toppsjef! Etter det fyrste møtet med dei vaksne var det ei litt sleten, men alldeles ikkje slagen, Ilda so møtte meg neste morgon, Dama hadde ved hjelp av olme blikk og velvalgte slostkampar kjempa seg opp på topp 5 i hierarkiet. Absolutt tøff til å vere ei kvige! Men i allefall,  Ilda har nettopp fått sin fyrste kalv. Det vil sei, ho blei mor til ein fin jente for ca ein månad sidan. Denne dama hadde hastverk og starta med fødselen vel ei veke før termin. Modern skulle til Bergen nokon dagar på møte so då meinte Ilda at det passa bra å gå i gong med detta prosjektet når bonden var aleine heime. To timar etter at modern forlot dalen låg både eg og Ilda og sveitta i fjøsen. Ho trykte. Eg drog. Og slek gjekk både ti minutt, tjue minutt og førti minutt. Kalven sat bom fast. Kviga var unormalt trong (skal spare dykk forklaringa på kva eg meinar...) og kalven hadde eit stort hovud. Men heldigvis er det no so oftast slek at ei stor og sterk kvige har litt ekstra energi å gje på med, so til slutt kom kalven til verdi. På grunn av lang og hard fødsel var ho då noko medtatt og hadde litt fostervæske i lungene, men med litt hjelp frå både mor og jordmor so kvikna ho fort til og det tok ikkje lange stundi før ho var på føtna. Ilda var det eg vil kalle " midt på treet-mor" den fyrste halvtimen. Det var mest so ho var litt redd denne vesle saken so kasta seg rundt i boksen med knute på alle fire føtene.  Men etter å ha vaska og stelt kalven etter alle kunstens reglar kom morsinnstinkta til syne. Kalven kom seg på føtna og då ho i tillegg fann juret og fekk sitt fyrste måltid so var idyllen komplett. Jaja, so nokonlunde i allefall. Det var no jordmori byrja å mase... Eg ville nemleg mjølke ho. Ikkje berre ville eg vere sikker på at kalven fekk nok råmjølk, men eg ville også fylle på lageret i frysen. Dette var visst enklare sagt enn gjort. Ilda hadde ikkje noko forståing for konseptet "mjølking"! Det var visst synonymt med: "ho her vil ha meg fast i skuvet berre for å drepe kalven min" og "prøva du å ta på juret mitt so drepe eg deg !". Ok, kva gjere ein då? Vel, taktikk nr 1 var å vere so ven i målet so eg berre klarde og ha med kalven bortått juret medan eg lurte meg te å vaske spenane, og det såg ei lita stund ut som at detta gjekk vegen. Det gjorde det ikkje. Det gjekk åt skogen! Ok, taktikk nr 2: bitte saman bakføtene. Detta er so oftast ein god taktikk for karate-kyr. No visar det seg at Ilda har spesialisert seg på krav maga, kung-fu elde noko liknande. Ikkje veit eg kvar ho har lært dette, men resultatet blei i allefall at eg og mjølkespann-deler låg strødd i ein radius på eit par meter. Etter å ha prøvd same leiken fleire gonger i løpet av dagen/kvelden gav eg rett og slett opp. Eg måtte vente til eg fekk med meg hjelp. Dama er ikkje mannevond i det heile, men var som sagt ikkje med på konseptet mjølking.. Eg var redd for at dama skulle få jurbetennelse men "heldigvis" so rann det mjølk i strie straumar når ho låg og kvilte so det blei ikkje so gale mjølkespreng. Og kalven, den drakk mjølk til den store gullmedaljen og meinte vel at det berre var bra at ikkje eg fekk tømme juret. Når modern kom att fekk eg endeleg hjelp til å få mjølka skikkeleg dama og jammen er det ikkje ei super-mjølkar! Dama produserar som berra juling og har komme godt inn i rutinane og konsepet mjølking ( me hadde rett nok eit lite tilbakesteg i forholdet vårt når eg ville sende ho på slaktebilen sist veke. Dette fordi ho fortsatt har so mykje stolme i juret at eg må holde mjølkeorganet gjennom heile mjølkinga og eg har senabetennelse i begge armane. Men no ser det ut som at me er venner att altso ;D ).  Enden på denne soga er i allefall at Ilda Gjerde er nok kommen for å bli blant dei vaksne damene mine. Ho er ei god mor,  frisk og rask, er lettmjølkt og produserar godt og ikkje minst: ho er snill og kontaktsøkande og likar at eg klør ho på halsen:D



Ilda og jentungen (som faktisk låg (...) og drakk mjølk :D

søndag, september 09, 2012

Haust



Endeleg er hausten her! Friskt (friKst..) og godt :)
Jaja, og litt (...) regn då...


Litt sol til høgre :)


I "Dagens Fjøsnytt" kan eg melde om at det blir født kalvar titt og ofte no for tiden. Over er eit bilete av Solveig (nr 300).  Solveig er ei gammal dame so fødselen gjekk fint føre seg og ho er ei framifrå god mor so tek godt vare på kalvane sine. Men her ser ho noko oppgitt ut :)


Sidan eg sjølvsagt havnar i kategorien "rosabloggar" so kjem denne veka sitt fashion-statement.... 

Tryggast å leggje seg å sove godt bak ei beskyttande mor. Denne vesle dama heiter Kalinka, og moder`n er Kari (293).



Endå ei ny liti dame i fjøsen. Mor er Kya (259).


Er ikkje eg søt, kanskje?


Det har vorte mykje god råmjølk (so me frys ned) dei siste vekene.


Er ikkje enkelt å vete fram og bak på ei kyr!



Skikkeleg slappe gjeng...såg nesten ut so dei va halvdaue heile gjengen:)



ENDÅ ei liti dame i gjengen. Og so med (nesten då..) eit hjarta i panna.





Eg har visst roser som er årstidsforvirra.... Full blomstring no når snøen legg seg på toppane....




Tidenes avløysar i tidenes kulaste caps!


Fin fint haustvêr.

Og ikkje minst : me er endeleg ferdige med all slåtten. Eg kan melde om mykje fôr og godt slåttever, men med innslag av nokon helv**** regnbyger.... 


Har fått ein overdose av cuteness ! Desse to damene høyre te i Rasmushuset. Molla og Bustina er to veldig søte og veldig små og ikkje minst veeeldig mjuke små kattungar ;)



.Nåååmmmin! Sjååå då !!! ;)