lørdag, juni 23, 2007

Brepub

Marthe, Irv & Maria



søt...

Anne Marte






Rockestjernene:D




Anki var glad og lykkeleg på jobb!

Malplassert hest...




Trølla tykte det var urettferdigt at Misha og Kiwa hadde hundegården heilt aleine :D

Fjordingsmartnan i Lom

Sist søndag reiste ein delegasjon frå dalen på roadtrip til Lom. Årsak: marknad som lokka med alt frå kåring av flottaste dølahest til minigris(sistnevnte såg me ikkje..). I løpet av dagen køyrde me karusell, kjøpte cowboyhattar og pølse, såg på mange flotte hestar og sist men ikkje minst Anne Marte vann ein gradestokk:D
Gjengen: Anne Marte, Hege, Vidar og Bjørn Andre


Anne Marte blei litt svolten


Etter karusell-turen.....







Fine hesten

Litt seightseeing blei det også - flott kyrkje dei har på den andre sida av fjellet!








Oppvisning... haha, bra kostymar.

På vegen heim tok me kaffipause på Turtagrø . Her er eit bilete av desse små haugane so alle likar å klatre i :D

onsdag, juni 06, 2007

Kveldstur på fjorden




I kveld var eg so heldig at eg fekk vere med på ein tur med
"Gulars". Fantastisk flott!!



"capt`n Vidar"


















"Fiskeinndragar Hege" (men me
fekk ingen fisk i kveld... og i følgje
far til Hege so fiske me på det tidspunktet ein kan vere sikker på at ein ikkje får
fisk: ved fjøre sjø.







Fantastisk solnedgong i kveld




Ikkje kjekt å vere polarhund når det er so heitt
ute som det var i dag! Misha prøvde å finne kaldaste
staden å kvile. Ho enda opp med ei fillerye i ein
trekkfull gong:D

Dagens foss:



Tvindefossen !

I går kveld, då eg kom køyrande frå Bergen,

måtte eg berre stoppe på Tvinde for å ta

bilete av fossen. Utruleg vakker og med mykje vatn!

Heilt nasjonalromantisk var det :D

torsdag, mai 31, 2007

Katt i krigen - ørn eller rev ? Eg trur ørn...






Slik såg katten Speedy ut etter å ha vore i krigen... For nokre dagar sidan kom han inn i stova, såg seg rundt, spydde og la seg i sofaen. Eg vart no sjølvsagt forbanna som ville h****** og ville hive katteskinnet ut att. Men når eg såg litt nærare på katten so var jo heile hovudet deformert! Katten hadde dobbelt so stort hovud som normalt, klumpete var det også og heile kroppen var full av størkna blod(eller diverse gugge). Eg lurte no på kva pokkeren so hadde skjedd, so eg sette meg attmed han for å leike dyrlege:D Det skulle eg då alder ha gjort. I det eg tok so vidt borti nakken på han sprakk "bobla".... Herregud for eit illeluktande griseri! Det rann ut grøne gugge i strie straumar på golvet.... Jippi, som ikkje kattaspyet so låg dar frå før var vakkert nok... Eg trudde fyrst at det var ein rev som hadde smakt litt på han,fordi det såg ut som det var bitemerker under kjeven på katten også. Og i tillegg var heile kroppen var full av djupe sår.....Men etter at hovudet har komme tilbake i nokonlunde "normal" form og såra er vortne mindre, so trur eg heller det er ørn. Ein anna grunn enn forma på såri til at eg trur det, er at eg i går kveld observerte ei kjempeflott og stor ørn som leikte seg i vinden over Gjerde. Eg fekk ikkje teke bilete, men den var både ven og stor.Eg gjer velviljugt vekk ein katt eller to for at me skal ha ørn på Gjerde:D
Slik ser eit av såra ut etter nesten ei veke... Er detta merke etter klør? Ser ikkje ut som merke etter tenner???
Fine pusen:D
Speedy har skjønt at eg tykkje synd i han, so no har han lege på sofaen min i nesten ei veke, og berre bevegd seg for å ete mat...

tirsdag, mai 29, 2007

Konfirmasjon

Konfirmanten Anne + gåvebordet

Meg og Monica
Anne med Linda og Rolf sin unge nr 8 (!) :D Ei kjempefine jente som var akkurat ein månad gamal på søndag.




Dei 3 søstrene Gjerde med 3 ulike bunader

Den alltid like søte Marthe...







Norman som prøver å ta livet av tante Mai



Tante Mai og mamma




Sondre, Dag, tante Mai og Bestemor










To framtidige Dressmann modellar; Dag og Sondre