søndag, mai 06, 2007

Eksamen og sol i i Bergen

Sist veke var eg i Bergen for å ta ein eksamen, og utruleg nok so var det strålande sol alle dagane eg var der:) Det er lite nytt å melde frå fronten i Bergen... Einaste nye var at fasaden på bygningen eg bur i blir pussa opp. Eg antek at det var sikkerheitsmessigt på tide, fordi at for ei stund sidan låg det store murbitar på troppi vår.Dei hadde hadde løysna frå veggen på toppen av bygningen og komme ned rundt øyrene på dei nede på gata... men ingen blei skada, so då var det no egentleg ikkje so nøye:D
Noko anna med denna opppussingi som ikkje er so kjekt, er å stå naken på rommet sitt og innsjå at det står folk på stillaset utanfor....


Nordnes buekorps feira eitt eller anna rundt tal og hedra seg sjølve med å gå rundt og rundt bygningen vår med dissa forbanna trommene sine.... DÅ er det enkelt å lese til eksamen,då:D

Å,ja... det var sant; Marthe (!) var solbrent:D

Ingen kommentarer: