tirsdag, mai 08, 2007

Ikkje lett å vere blond...

Kyr + nyfødt kalv = kyrafangartrøbbel?


Då eg åt frukost i dag tidleg sette eg meg ,som vanleg, godt til rette med å lese aviser på nett. Som oftast er det typiske tabloidoverskrifter med feite typar og mange utropteikn: voldtekt, drap, politikk, dødsulykker, krangel i det norske helsevesenet (men lite om det brennaktuelle Jordbruksoppgjeret...) o.s.b... Største delen av dette tykkje eg er forferdeleg og prøver å ta det til meg,men ofte so kan ein ikkje forholde seg til all denne styggedommen. Gleda var difor stor då denne overskrifta på VGnett fanga blikket mitt:



"Tusenvis i kufangertrøbbel "

Hurra! tenkte eg, endeleg nokon andre som også har problem med dette. Det er jo ei kjent sak at me her på Gjerde har lausdrift både innandørs og utandørs. Kyrne våre har ikkje noko særleg til overs for autoritetar eller stengsler, dvs at både jaging og gjerding er som oftast nyttaslaust.


Men so tilbake til denne overskrifta; eg blei so glad! Tenk at VG hadde ein artikkel om noko slikt. Nationen,Bondevennen eller Norsk Landbruk -greitt nok , men VG???
Det var nesten for godt til å vere sant,og når eg klikka på overskrifta fekk eg vel bekrefta det.... Det var nok ikkje slek som eg trudde; det var slett ikkje ein artikkel om problema med å fange eller jage kyr, det var tvertimot om bil! Det var altso ikkje ein historie om bonden sin kvardag, men heller om bilistar med store og dyre bilar sine problem....
Nei, det er ikkje alltid enkelt å vere blond!!

Ingen kommentarer: