søndag, mai 06, 2007

Våronn i "hagen".

Fredag kveld kom eg heim att frå Bergen til vakker natur. Måne og gode greier ved Vangsen

Laurdag starta eg på eit nytt prosjekt. Eg VIL ha hage, eller i alle fall noko som liknar. Fyrste steg på vegen blei sett ut i live på laurdag. Eit tilhengarlass med jord og steinar i frå elvi lagar fint blomstrabed!

Vil berre gjere lesarar merksame på storleiken til nokon av steinane.... Det hjalp ikkje sjølv kor eg tok i , kor stygt eg banna elde kor høgt eg skreik (tok til og med rennefart...) den finaste steinen eg fann i elvi var ikkje til å rikke.... Det er ikkje so ofte eg har tenkt:" no skulle eg hatt ein mann!",men når eg sto der og banna og steikte, med sveitten silande, so må eg innrømme eg tenkte tanken at det hadde vore praktisk med ein sterke kar...:D



Men sjå kor fint det blir! Det blir det altso, men før plantane veks litt so ser det litt stusseleg ut:D
Fiberduk har eg også lagt på, dette fordi eg ikkje gidde å plukke på ugras heile sommaren...

Spire og gror allerede.




Åååå so godt med kalde øl når ein er ferdig med å lempe stein:D



Speedy tykte det var fint i soli og..




Ingen kommentarer: