tirsdag, juli 03, 2007

Rideturar i Frankrike og til Ormberg:D

På Fåbergstølen skal det gå ein ny hest i sommar, ei dølamerr med navnet Penelope. Etter Brefestivalen har ho gjort Jostedøl av seg, og i dei siste par vekene har eg vore so heldig at eg har fått brukt ho litt i lag med Hege på Trølla. Sist veke gjekk me på tur frå Kroken gjennom Frankrike. Det var ei hmm... ehm.. interressant oppleving. Det viser seg atPenelope er ei flott dame som er snill som dagen er lang, i hennas verden er me menneske til for å gje ho mat og ikkje minst enorme mengder kos:D. Problemet er berra at ho er ung (trur me...) og ho har vorte lite brukt; i det minste som ridehest. Men no skal det også i denna samanhengen nemnast at eg ikkje er den flinkaste rytteraren som finst.... Vel, i allefall so skulle me gå gjennom Frankrike, og etter å ha henta hestane frå beite, børsta dei litt og sala på, so var det "av gårde, Kåre". Me innsåg ganske raskt at me hadde eit lite problem. Hestane, og spesielt Penelope hadde utruleg mange brems (insektet altso....) på seg, og det er ikkje det mest behaglege å bli beten av slike. Soli steikte og insekti beit...Trølla var no eksemplarisk so alltid sjølv om ho blei beten ( kan (..) ha noko med ryttaren og gjere ? :D ) medan Penelope blei heilt tullerusk. Ho kasta på man og hale, bukka og sparka... Det var i allefall ikkje so enkelt å holde seg på hesten! Men me kom oss no på eit vis både fram og tilbake utan fall, so me må vel rekne det som ein vellukka tur!


Hege polerar hest! Vel, egentleg har ho på Penelope litt middel mot insekt, men den "tsjjjj"-lyden frå sprayflaska høyrest visst ut som ein AG-3 i Penelope sine øyre...
















Trølla

Klar for tur




Fine Penelope frå Solvoren
Tur til Ormberg:
I sist veke blei begge hestane flytta frå Kroken ned til Vidar og Hege i Elvøy, og då Hege ringte å lurte på om eg ville på ridetur sa eg so klart JA! Denna gongen var planen å ri til Ormberg og utover markene der. Men turen blei ikkje akkurat so lang... Det virkar som Penelope er litt skvetten av seg i den betydning av at ho ikkje har sett og opplevd so mykje. Alt er litt farleg i hennas verden. Hundane, tre og busker, elvi, bilar som kjem nær og ikkje minst bubilar på den andre sida av elvi(!). Men ut på tur bar det no i alle fall. Det var litt av ei følgje som for bortetter vegen til Ormberg; Trølla, Penelope, Hege, Misha, Kiwa og meg. .Hege rei fyrst på Trølla, men dette var ikkje Penelope heilt fornøgd med. Ho skulle gå fyrst, sjølv om ho snubla heile tida...Ho var meir opptatt av å sjå seg rundt etter alle dei monsteri so kunne hoppe opp på vegen på Ormberg for å angripe ho :D Men alt gjekk no nokonlunde bra, sjølv om sveitten sila av både meg og hesten etter 10 minutt. Det å gå sakte er ikkje naturleg for nokon av oss :D
Problema starta då me kom bort til tunet på Ormberg. Der var det nokre små søte kalvar. "Å jøje meg, dei vil heilt sikkert DREPE meg" tenkte Penelope og såg sitt korte liv flimra framfor augene sine. Dette var vel neppe heilt rasjonelle tankar, men når du alder har sett ein kalv før so er han sikkert skremmande?? Ikkje veit eg, men etter eit lite minutt hadde alle roa seg og ingen hadde daua av morderiske kalvar. Faren over.Men då såg sjølvsagt Penelope noko som var endå farlegare. Asbjørg hadde ein raud BALJE!!! "Å herregud", tenkte Penelope nok ein gong, " det er noko utruleg skremmande midt på tunet! Det er det mest skremmande eg har sitt i heile mitt lit- no kjeme den og teke meg!! ". Vel, hesten tverrsnur og spring litt ut, med meg hengande so eit slakt på ryggen, sjølv om eg jobba so berra pokker for å hholde ho under kontroll og drive ho i rett retning... Men det var ikkje so enkelt.... Asbjørg gjekk då å tok vekk baljen, og DÅ var det heilt greitt å gå gjennom tunet... Etter at begge hestane fekk litt mjøl frå Kristen so såg det ut som den verste panikken hadde gjett seg, men Kristen skulle gå med baljen og då var det på`an igjen... I tillegg køyrte han traktor og den var no i alle fall livsfarleg! På dette tidspunktet dirra hesten under meg, og pusta som berra pokkeren og var superstressa... I tillegg til dette so har dei ein kalv gåande i "lausdrift" ute på marki på Ormberg (etter å ha blitt sleppt ut for sommaren har han komme i kontakt med sine urinstinkt...) so me fann ut at me berre snudde. Turen fram att i Elvøy gjekk nokonlunde bra og hesten roa seg fint når kom heim. Det er ikkje so enkelt å forholde seg til alle intrykk ein får på so kort tid! Om ein ikkje har sett ei stor elv eller ein balje før, so er dei sikkert livsfarlege til det motsatte er bevist. Og det er akkurat dette som må lærast; at alle ting vil ikkje nødvendigvis drepe deg:D Men herregud for nokre artige turar! Eg har i allefall fått utruleg bedre sjølvtillit som ryttar - eg datt ikkje av ein einaste gong! Og i tillegg var ikkje Penelope so hard i kjeften på slutten av andre turen og meir lydhør for mine signal sjølv om ho var stressa:D Gje dama frå Solvoren to veker og ho er blitt supertøff!!!! Dei tinga ho veit kva er og kjenner til, går ho faktisk heller rett på, eller i gjennom (:D) og vik ikkje i det heile teke! Flinke hesten!! ( og for dei som lurer....ja, eg hadde litt ilt i røvi og ikkje minst so var eg stiv i låri:D )

Kveldstur til Bergsetbreen


Ikkje mykje is att her...







Men nokre flotte istårn!












Koooose!
Misha har sett seg godt til rette på ein stein:D