lørdag, april 28, 2007

Snart eksamen....


AAAAArggggghhhhh!!!!! Eg er so leiiiiii!
Snart eksamen og alt går som vanleg rett vest (eller aust; alt etter so ein ser det..). Når eg skal lese til eksamen set eg heller å funderar på dei store spørsmåla her i livet (Karin + 2 kanner kaffi + ADHD = null konsentrasjon...) :
- når eg prøvar å få noko ny kunnskap inn i hovudet - går då gammal kunnskap ut?
-korleis fungerar dette med hormonar i samband med at kastrerte hannkattar har "innover"- kjakar, medan ukastrerte hannkattar får "bolle-kinn"?
-kva gjere gopnahønsene nedpå marki vår før snøen har smelta vekk?
-meir om fuglar: kva hensikt har den kule mohawken til vipa nedanfor huset mitt?
-og meir fuggel: nøtteskrika skal visst vere her oppe i dalen heile vinteren...kvifor er ho då vekke frå hekkeplassen sin her på Gjerde frå oktober til april/mai??
-kva brillestyrke har Edvin?
-er eg sanndrøymt? Og i so tilfelle; når ryke Styggevatndammen?
-tek Anders Kjær utgangspunkt i verkelege landskap til måleria sine ?
-vil Marthe gå inn med dritne sko på nyvaska golv neste gong ho kjem heim?
-blir eg lika gamal som oldemor på Nesheim (ho blei 96 år-det verkar for meg som utruuuleg lenge å slite på denna jord...)
- og til slutt: blir nokon sinte på meg om hadde leigd nokon til å sprenge att Husøytunellen før turistsesongen startar??
ahhh.. gledar meg til den dagen eg vinn 20 millionar i lotto so eg slepp å gjere noko fornuftig. Då blir det øko-turisme, kyr, hundar, hestar,griser, litt skotsk høglandsfe og høner på Gjerde. Eg skal berre trippe rundt i Spar-Kjøp-kjolar med ullundertrøye og husmorsko på føtna og stelle litt i hagen... ( alt arbeidet som må gjerast leiger eg sjølvsagt andre folk til å gjere... har då millionar av kroner til slikt :D )

onsdag, april 25, 2007

Jostedalen på måfå :

I dag blei ein fin dag! Eg, Hege, Misha og Kiwa gjekk på tur frå Alsmo til Myklemyr. Elde det vil sei; me gjekk over til der nedstigninga byrgja mot Myklemyr og so gjekk me attende til Alsmo... Når me tok kaffipause fann me ut at det var tidleg på dag og me kunne no like gjerne gå same vegen tilbake som me kom:D
Etter det var det bensinfølling og osteskiver på Gjerde. Dagen runda me av med Jostedalen på måfå-tur; ein roadtrip i liten skala. So dagen føregjekk slek for meg: Gjerde-Elvøy-Myklemyr-Alsmo-Myklemyr-Elvøy-Gjerde-Leirdalen-Espe-Yttri-Bergset-Grov-Gjerde! Då ville 5 italienske turistar som hadde forvilla seg opp i dalen ha rom på hotellet so då måtte eg heim å åpne sjappa... To av italienarane var snasne...Ein fin, fin dag!


Misha og Kiwa kosar seg i snøen



Hege kosar seg med kaffi. Pausemusikken vår bestod av den lekraste klang av buldrande steinar i fjellsidene på Myklemyr.





Eventyrskogen!



Kva er det me ser på?





Hege måtte vaske Misha med snø...Det er jo so godt å rulle seg i hjortadrit:D








Leidalen



Hesten til A.Leirdal. Eg måtte jo sjølvsagt inn å sjå - nyskjerrige som eg er:)








Og so var me komne på Bergset




Heimatt på Gjerde kommen











Og då dagen ikkje kunne bli betre so blei han det allikevel. I løpet av dagen var det født kalvar i fjøsen. To stk. for å vere nøyaktig; tvillingar!. Venekolla hadde sjølvsagt kalva med ein gong eg ikkje passa på ho. Eg hadde høgtideleg dåp i kveld med ein mjølkeskvett i panna på begge to. Navna eg ga dei "by the power invested in me..." var Vanja og Voldemort. Kven som er kven på bilete over er eg ikkje sikker på:) For dei som er uinvidde på korleis dette med ho/han i tvillingpar fungerar når det gjeld kyr (kanskje også andre artar?-kan berra kyr,eg...) kan eg berette at om ein får tvillingpar der kalvane er av ulikt kjønn er som oftast kvigekalven steril. Kvifor dette er slik veit eg neimen ikkje, men dette er no eingong eit faktum. MEN- det er unntak. Ca.10 % er fertile. So no må me ringe dyrlegen og få tappa litt blod for å sjå om dette vidunderbarnet fell inn i dei 10% eller ikkje. No lurar vel sikker de som har gidda å lese alt dette kvifor so mykje trøbbel for ein kalv?? Jo, den enkle forklaringa er at mori til desse kalvane er ei sabla god mjølkekyr og ho fekk i fjor den æra av å bli inseminert med sæden frå den beste oksen penga kunne kjøpe... (Er eit marked for alt, folkens...) Ergo: Bra kyr + bra okse= bra kalv.. eller Mx''4=1/7 opphøgd i 2 .... Eller noko slikt...









mandag, april 23, 2007

Kaffibesøk :D

I dag fekk eg besøk av Hege + to barn:D....
Misha
Kiwa kosar seg på golvet
Og sidan eg la ut bilete av Misha og Kiwa so må eg legge ut litt bilete av Ares også:D . Har god tid til å sitje å tenkje på fortiden seint på kvelden når ein ventar på at ei kyr skal kalve....
Ares 5 md

Ares 4 veker g



Ares 8 veker





Brit og Helge med Iommi (broder`n til Ares)

Bilde frå Kennel Cubilon; dei hadde oppdatert nettsidene sine og lagt ut bilete av hundane no som dei er blitt eldre:D


Iommi og Ares (Ivers)






Bursdagsfesten til Frode

Hege
Bjørn, Bjørnar & Mette


Bjørn Andre

Hege,Vidar,Trygve,Bjørn



Steinar




Magnus






Kjellrun







moi






Vidar med ein finger i nasen







onsdag, april 18, 2007

Snø!

Yes! No snør det på Gjerde! La nok om til sommardekk litt tidleg,ja:D

ETTERLYSNING!!!!



Her er HAN (håpar i allefall at det er ein "han") -jævelen so slest med hannkattane nede i fjøsen og voldteke kjettene. Etter 4 dagar med hyling, skriking og offentlege valdtekter er eg lei av å ha denne forbanna innvandraren her! So frågan er:
VEIT NOKON KVEN DINNA FORBANNA KATTEN TILHØYRER??

-om han ikkje kjeme i frå verdensrommet og er fyrste utsending i ein stor overtakingsplan i regi av planeten Gato so har han vel hatt ein heim før.... - og der skal han faen meg få lov til å reise til att også!!!






vakna av eit stort skred/ras i går morgon...men blei litt sein med kameraet... blei berra restane eg fekk med:)

Tur til Nes


I går var eg inn til Anki på Nes for å "inspisere" huset. Retteleg fint var det! Eg reiste heimatt full av misunnelse og veldig urealistiske idear om at eg vil byggje hus og!! :D








torsdag, april 12, 2007

Blogging

Du verden kor mange bloggarar me er her i dalen! No sleppe me fysisk å sjå kvarandre for å vere sosiale:) Hurra for internett!!
Poker anyone snart?
(Og for de som er på Facebook (og som eg ikkje har funne der innpå..) so må de melde dykk inn i "Jostedal")

onsdag, april 11, 2007

Sidan NRF er nemnt på toppen av sida ...






Her er den utvida familien min....
eller kanskje dette er den næraste familien min?? Å velgje mellom to onder... hehe...Har vore i fjøsen med kamera og det var mykje kjekkare enn å lese til eksamen:)




Huldri

Karin og Venekolla

:

Nokre av innvandrarane våre
Inga frå Marifjøra

Jarle frå Espe
Espa frå Espe

No er me kjensidsa kara! Hurra Burra:)

No er me komne på nettsida til Sogn Avis også...yes! Fame - here I come:) Skjekk ut www.sognavis.no om de vil sjå dei...

søndag, april 08, 2007

Påskeafta 2007

So var endå ein påskerevy over... Flinke var me alle mann. Me hadde det i alle fall artigt me som var med! Her er litt bilete frå revyen:

Dei nye gitarjentene; Eli, Anki, Anne Marte og meg sjølv.



Den søte og vevre rupa; Bjørnar.













Politisk møte: Erling, Anki, Johanne og Anne Marte.



Fellesfjøs med sædbank: Bjørnar, Anki, Anne Marte og moi.








Nytt på nytt: Mette, Anita, Anne Lise, Aud og Oddbjørg.








Bjønna-song: Eli og Olav og klimpring frå Anders Olav og Erik.








Heile gjengen på scena. Frå venstre:Eli, Anders Olav, Erik sin høgre alboge, Olav, Anne Lise, og so ein del folk skjult bak Mette som bjørnen, Simonsen, Johanne, Oddbjørg, Anki,Anne MArte, Bjørnar og Anita.
Ein flotte gjeng:)


Den store og stygge bjørnen som tok for seg av brystfeittet i Jostedalen sist sommar (Mette) :-D


















Soooo gilde var eg då me var ferdige med revyen! Var på ditta tidspunktet nesten ferdige med å vere nervøs....