mandag, desember 23, 2013

Luke # 24 --- GOD JUL ---

GOD JUL !

Kyr for dagen 24. desember:

Synne

Dama so får æra av å vere sistedame i kalendaren er nr. 290 Synne! Synne er ein av dei eldste damene i fjøsen og ho er både snill og omgjengeleg og ho mjølkar godt. Akkurat no har ho att ca ein månad til termin so jobben hennar består av å ete, kvile og kose seg blant dei andre damene. Eg kryssar berre fingrane for at det alt skal gå bra med fødselen i år, for i fjor var det ikkje nokon levande kalv som kom ut av fødselen for denne dama. Ho fekk nemleg ein daudfødt kalv som antakeleg hadde "drukna" inne i ho rett før fødselen. Stakkars Synne var heilt i frå seg, ho stellte og dulta i kalven, skreik til den og herja på. Men til ingen nytte, og ho måtte til slutt innsjå at den var dau. Det var rett og slett hjerteskjærande å sjå sidan Synne er ei veldig god mor og ekstremt glad i kalvane sine. Men i år går alt sikker heilt flott!!

Synne er også ein av dei mest skrullete og eksentriske damene eg har i fjøset. Blant anna er det den einaste kyri me har som kan berre mjølke seg i den EINE mjølkestallen. Altso i mjølkestallen er det 4 stallar der kyrne står når dei bli mjølkar. Dei fleste kyrne bryr seg fint lite kva stall dei står i,nokon har kanskje ei favorittside, men utanom det so stille dei seg likegyldige til alt. Ikkje Synne, nei! Ho var ikkje alltid slik, men i fjor fann denne godt vaksne dama plutseleg ut at ho såg fanden sjølv på veggen framfor den fremste mjølkestallen på venstre side. Resultat: full (!) panikk! Ho rygga i lett galopp ut av stallen so mjølkeorganet spratt i veggen. Eg lurde på kva pokkeren det var so var gale i hovudet på denne dama, men antok ho hadde innbillt seg eitt eller anna so gjorde at ho blei redd og at ho ville bli heilt normal att. Den gong ei... Eg lokka og lurte, men ho nekta inn att i den stallen. Jaja, ikkje noko problem; ho har jo tross alt tre andre ho kan stå i. Men nokre månadar seinare so skjedde det samme på venstre bak. Seriøst; kva er det ho ser ?? Bør EG vere redd det ho er redd ?? Jaja, tenkte eg, ikkje noko problem; ho får berre mjølke seg på høgre side i mjølkestallen. Men nokre månadar seinare so skjedde det f*** meg på bakerste stallen på høgre sida og! Kva er det denne dama ser då??? Ho er ikkje berre litt redd, ho er livredd og heilt panisk. Det er rett og slett farleg både meg og kyri. Ho bryt opp porten eller ryggar nesten ned i mjølkegropi til meg (kyr er ikkje bygd for å droppe vel 1 meter...). So no altso har me ein situasjon der det er att ein ( 1, ein einaste ein!) stall der ho tolererar å stå so lenge at eg får mjølke ho. Kva me eventuelt skal finne på om den stallen også blir svartelista har me ikkje heilt funne ut endå... ??

Denne dama har so sikkert alle skjønnar då fluktrefleks som ein vetaskremt hest. Det kom også til syne i fjor då me skulle skjære klauvene på ho. Kyr flest går fint og roleg når dei får på grime og blend. Ikkje syn = ikkje rodeo. Synne hadde sjølvsagt ikkje fått med seg dette. Grime og blend blei hatt på og klauvskjæraren og Frode skulle leie ho ut porten og inn i klauvboksen. Det blei rodeo, gitt. Kyri fatta galopp og sprang blind avgarde med to karar på slep. Det såg stygt ut ei stund for er det noko ein ikkje kan gjere so er det å sleppe ei panisk blind kyr. Ikkje berre er det farleg for folk, men stakkars kyri kan no skade seg stygt! So desse stakkars karane holdt fast i kyri medan ho radla burande rundt i tunet. Dei såg i nokon sekund ut so rundballeplast i sterk vind. Og eg trudde verkeleg at siste timen til kyri var komen då ho prøvde å stupe med hovudet fyrst ned i gjødselkjellaren, men det gjekk heldigvis godt! Til slutt klarde karane å svinge ho inn på rett veg til klauvboksen og dama fekk skåre klauvene og inn att til veninnene sine. Men det var litt av eit sirkus i tunet då denne dama tok av!

Eg vil ikkje at det skal virke so denne dama er klin gal altso, men om ho blir skremt eller redd so har ho ein reaksjon : EG STIKKE !!! 
Det har gjort at eg også har komme i klem mellom denne dama og vegger / andre kyr/ stålrøyr etc. Og det er ikkje alltid so behageleg, men det går som oftast bra ! Eg har møtt min del av sinte kyr og nybakte hormongalne mødre med kalv, men Synne er nok den kyri so har vore nærast å skade meg alvorleg (til moder`n / overbeskyttande tanter: ikkje les detta for denne soga har ikkje eg fortalt deg/dykk...;D) 
I fjor so hadde dama mjølka seg og skulle ut att frå mjølkestallen. Men akkurat då hadde ei anna kyr forvilla seg feil veg inn i gongen der kyrne går ut. Dette er ein ca 5 meter lang gong, ca 1,2 meter brei og med betongvegger som er vel 1,5 meter høge på kvar side. Altso ein gong der det går ei (1- ei einaste ei!) kyr om gongen i bredda og det er i ikkje muleg å skvise seg forbi ei kyr som er der (so gamlekokkene på hotellet sa når det blei trongt rundt komfyren " to brei røve går ikkje!"). Det er rett og slett for trongt og med det også ei alder so lita dødsfelle...Litt vanskeleg å forklare utan biletet, men kan teikne so nokonlunde :
Superflott teikning ! Men detta er då mjølkestallen. Kyrne går inn der på venstre sida, 4 stallar , utgong ut gongen på høgre side og ned mot venstre. Lekre Synne er blå, eg er grøn før ho traff meg ( raud etterpå :D).


 I allefall, eg måtte då gå framom Synne for å jage ut att den kyri som kom inn feil veg. Og so oftast so vil den kyri som kjem frå mjølkestallen berre stå å henge litt lenger bak og vente til eg kjem tilbake att. Det gjorde ikkje Synne. Ho kom bort til starten av gongen og såg på at eg jaga vekk den andre kyri. Ok, tenkte eg, eg berre sniiike meg forbi ho att før det blir for smalt (gud forby at eg eg og røvi mi hadde gidda å gå inn til kyrne, rundt mjølkestallen og inn att frå hi sida; det teke jo aaaaalt for lang tid....). Eg hadde ikkje rekna med at dette var noko "utanom programmet" i følgje Synne, og slikt kan jo ikkje berre takast på strak arm (strak klauv ? ) so den sjølvsagte reaksjonen var paniiikk ! Synne fekk rett og slett hetta og sjølv om ho såg eg stod der so satsa ho ALT på å komme seg ut av mjølkestallen og med det vekk frå denna skremmande situasjonen. Det seiest at den høge ulykkesstatistikken blant bønder har med effektivitetskrav å gjere og at bøndene må skunde seg. Vel ja, eg må skunde meg, men eg er også i tillegg verdens mest utolmodige person. Altso; på grunn av at eg ikkje gadd å bruke litt meir tid med å gå rundt stallen,  so hadde eg klart å sett meg i ein litt (...) ugunstig posisjon. 
Det einaste eg rakk å tenkje før ho traff meg var " ohhh, detta kjeme til å gjere ilt". Synne traff meg med full kraft med si høgre skulder og med det kasta meg i golvet. Eg låg der då med ein betongvegg på kvar side og 800 kg kyr over meg. Eg tenkte fallteknikk (håndballen har redda denna bonden fleire gonger!) og prøøøvde å krulle meg saman til ein ball og beskytte hovudet med armane. Det var enklare tenkt enn gjort. Eg landa på ein eller annan måte flat på magen med armane over hovudet og venta berre på kvar ho traff meg når ho dundra over meg. UTRULEG nok trakka ho på meg berre på to stadar. Ho landa godt (..) med ein fot midt bak på eine leggen min ( no har det seg slek at eg har stabbesteinar til føte; dei tåle ein del før det blir bråt...) men det andre treffet var skumlare. Ho skulle ikkje ha truffe mykje lenger i nokon annan retning før det hadde gått gale. Synne trakka godt ned i midten nederst på nakken. Heldigvis er det slik med kyre (og store dyr flest) at når dei treff noko "levande" når dei trakkar ned so skiftar dei vekta litt og får med det ikkje ALL vekt ned på den tingen dei trakkar på. Og bra er det! Hadde ho truffe litt anleis og hadde ho landa med all vekt so trur eg at eg hadde fått verre skader enn det klauvmerket eg hadde i nakken i nokon veker. Men er ikkje det slik at så lenge enden er god so er alt godt? :D


Lekre,gode, snille og utruleg merkelege Synne!:D

Luke # 23 !

Kyr for dagen 23. desember:

Irina

Irina er ein av den eldre garde i fjøsen. Mjølkar mykje, men et MYKJE meir! For å sei det slik; ho mjølkar for to og et for fira. Og det kan ein sjå på ho også... Ho er mest so ein ballong. Trill rund står ho ved fôrbrettet heile døgnet. Ete og ete og ete og tygge og ete og tygge og ete.... Den mest utvikla muskelen på heile den kyri er tyggemuskelen. Ho er rett og slett grisefeit. Eit anna problem med denne dama er at det er vanskeleg å få ho drektig. Det er vorte mykje prøving og feiling i den avdelingen. Ho kjem frå ei linje med damer som mjølkar utruleg mykje, har høg avlsverdi og er fantastiske kyr, men som er vanskelege å få kalv i. Men Irina skulle få ein siste sjangse. Og so blei det ein sjangse nr. to og nr. tre.... I allefall,  Irina blei inseminert for fjerde (!) gong no for nokre månadar sidan sjølv om me hadde bestemt oss for å sende ho til slakt. Og sjølvsagt; no er dama drektig. Whaaaaat ? So no må me i tenkeboksen til etter nyttår. Ho driv allerede no å går ned i mjølkemengd og et ENDÅ meir enn me trudde var mogeleg... Irina lever nok på lånt tid ( trur eg...;D ) !


Luke # 22 !

Kyr for dagen 22. desember:

Huldri

Huldri er ung, lovande og oppkalt etter bestemor si og skal snart bli smellt på tjukken! Bur for tiden i samme binge som Sandra, Svea og Edina. Kul og kontaktsøkande jente som kjeme sikkert til å bli ei kjempebra mjølkekyr når ho blir vaksen :D 






lørdag, desember 21, 2013

Luke # 21 !

Kyr for dagen 21. desember:

Svea


Dama bak luka i dag er ein av dei unge og lovande i besetningen. Om nokre månadar er ho gammal nok til å bli smellt på tjukken, og me har store forventningar til at ho skal få eit langt og godt liv som mjølkekyr her på garden. Mor til denne dama er nemleg Svarta ( sjå luke # 14) so ho har 4 fantastiske klauver å fylle! So langt ser det ut til at ho er si mor opp av dage. Fysisk sett er einaste ulikskapen at ho har litt mindre kvite teikningar enn mori men det er også det einaste. Både ho og mori er litt lange og smale i kropp og hovud. Gode klauver og rett i ryggen! Psykisk er ho også lik si mor; roleg, nyskjerrig og tillitsfull. Alt det ein vil sjå i ein åring og teikn på at det kan bli ei svært likandes mjølkekyr. Akkurat no står ho i ein kalvebinge i nyeavdelingen med tre andre åringar på same alder. Det neste steget dei jentene no skal ta i livet er at dei skal inn til dei store kvigene, bli smellt på tjukken og berre slappe av og ete god mat dei neste månadane. Høyrest ikkje ut so eit aller verst liv altso!:D 

(Om du lurar på namnet til denne dama so ja; det høyrer til på Svalbard;D )


Ei litt diffus Svea! Ikkje enkelt å stå roleg lenge nok til å få eit skikkeleg bilete;D

Luke # 20 !

Kyr for dagen 20.desember:

Amanda

Amanda (eller som moder`n kallar ho; "Amanda frå Haugesund"...) er ein av kvigene som kalva no i haust. Eg har ikkje heilt klart å bestemme meg for om eg likar ho spesielt godt eller om me skal berre bestemme oss for å vere "bekjente" av kvarandre... Ho er ikkje so veldig kjælen mot menneske, men ho var ei god mor og veldig snill med kalven sin. Men det tok si tid til å få ho til å godta at eg skulle mjølke ho kvar morgon og kveld! Ho likte hverken mjølkemaskina eller mjølkestallen. Fyrst var det problemet med sjølve staden mjølkinga skulle finne stad. Eg og Anne lokka ho gjennom mjølkestallen sikker 20 gonger før ho godtok å stogge der i meir enn 15 sekund, men til slutt innsåg ho at det var no egentleg heilt ok. Og so kom problemet med mjølkinga. Det var HEILT uaktuelt at nokon andre enn kalven skulle stjele mjølka hennar. Ho fekk eit mål her i livet; sparke meg i hovudet... Ho traff meg omtrent alle stader ho nådde frå der ho stod. Rimeleg utspekulert var ho også med at ho snudde hovudet litt til sida slik at ho kunne sjå kva eg gjorde og sparke til på det rette tidspunktet. Kjekk dame! Me måtte til slutt bitte bakføtna på ho og modern måtte vere med å holde ho når det var mjølketid. Det var ikkje berre for min sikkerheit, men også for hennar. Me har jo mjølkegrop og egentleg skal ikkje kyrne klare å dette ned der, men om dei blir tussete nok so kan dei no få til det også. So om ein får litt restriksjonar på bakføtene sidelengs so er det tryggast for alle. Men me blei no til slutt enige om mjølkinga også. Me so oftast venner, men me har dagar der me er litt uenige også. 
Men nu går alt så meget bedre :D

Det beste Amanda veit: mjøl og finsnitta silo,og å vere sterkare enn ei anna kyr.
Det verste Amanda veit: bli tommjølka på høgre framspene. 

Amanda er også litevetta (...) obsternasig. Til dømes når eg skal ha ho ut av mjølkestallen og seier "Amanda, gå ut... ", då står ho ved utgongen og gjev meg eit tomt blikk "hæ? eg forstår ikkje? vil du eg ska gå? fram her likso? heilt ut? hæ? oi sjå! litt flis på golvet...ooOOoo". Eg gjev ho nok eingong beskjed, og no er eg skarp i stemma. "jaja,eg VEIT vegen,! NEI eg vil ikkje gå. Eg vil nemleg RYGGE i dag!". Og det er då både eg og sintestemma mi er på veg opp troppi frå mjølkegropi! DÅ plutseleg skal dama ut; to føter spenner ut bak før ho teke galoppfatning og dundrar ut gjennom porten so andre kyr i vegen står trykt opp etter veggene. I tillegg so er ho noko tøff i trynet inne i flokken. Ho er er nemleg ikkje so høgt oppe på rangstegen som ho sjølv skulle likt å ha vore! Amanda meiner at ho høyrer no i allefall til på topp 5...Og for å komme seg opp og fram her i verdi so må ein stå på krava og gå for det ein vil ha. Og det gjere verkeleg Amanda. Det er ikkje ein dag so går utan at ho knuffar litt på damene so er over ho i rang. Men på grunn av at denne dama ikkje er so stor og sterk so blir ho so oftast for lita og lett, men det ser ikkje ut til å gjere ho motlaus. Ho prøvar berre att neste dag :D 





Som ein kan sjå so likar også Amanda å dyppe nesten heile hovudet i vasskaret når ho drikk :D

fredag, desember 20, 2013

Luke # 19 !

Kyr for dagen 19. desember:

Janis


Dama i dag ( eg er nokre dagar på etterskot fortsatt...) heiter Janis. Sjølvsagt oppkalla etter Janis Joplin! Ho er ei smekker kvige og nettopp bekrefta drektig med sitt andre avkom. Janis er ein av desse damene eg er vorte ekstra glad i . I løpet av sitt fyrste år som mjølkekyr er ho vorten ei fornuftig og snill dame. Ikkje berre mjølkar ho godt, ho er også fantastisk snill. Aldri har ho vore sjuk og aldri har ho vore sint.  Ikkje noko trøbbel i det heile: rett og slett ei superkyr! No er det berre å vente i nokre månadar so håpar eg at ho få ein fin kyrkalv :D






torsdag, desember 19, 2013

Luke # 18 !

Kyr for dagen 18. desember:

Anne(mor)


Eg er visst eit par dagar på etterskot med lukene mine, men her er litt av grunnen:


Anne (ho heiter egentleg Annemor, men det var litt for tungt å seie) fekk sin fyrste kalv den 18. desember midt i pausen i håndballkampen på tv ( kva skjedde med forsvaret damer?? aaaaarrrrggghhhhh!!!!). Tidlegare på dagen hadde eg og Anne funne ut at dama burde nok i fødebingen i løpet av kvelden, men det såg ikkje ut til at det hadde noko særleg hast. So feil kan man ta! Eg skulle berre nett innom å skjekke på ho i pausen då eg høyrde rautingi i det eg kom ut i tunet. Det er løge dette med rautinga til kyr. For folk flest høyrest vel all rauting ut som det same. Eit "møøø" er eit "møø" likso. Men neihei! Det er rauting, uffing og klaging, det er humring, lokking og varsling. Dei har eigne raut for alt. Og det rautet eg høyrde frå fjøsen var definitivt " kaaaaaaalv, det er komme kaaaaaalv, miiiiiin kaaaaalv! ". Her var det visst berre til å komme seg i støvlane og inn te damene! Medan eg kløna avgårde på telefonen ( hugste plutseleg på at dama var jo inne blant alle dei andre damene; altso full action blant 25 damer betyr at det ikkje er bra å vere aleine...) for å ringe anne kom eg på at  Heyhey! bakken ned til fjøsen er jo vorten til klink is!  Det var bra eg ikkje hadde tilskodarar for eg var mest so ei kvige på spalt; armane i ein retning, føtene i ein annan og hovudet var so vanleg ikkje heilt i lodd det heller! At eg overlevde i det heile teke er utruleg! I allefall, eg kom meg heil ned i fjøsen, hoppa i støvlane og no var rautinga panisk so eg sprang inn til damene med ein gong. På dette tidspunktet hadde eg fått tak i Anne på telefonen. Altso; det var vel ingen samtale akkurat, eg fekk fram ordi kalving. kvige. spalten. klin galne. kom for faen !!. Anne innsåg at det var all informasjonen ho fekk so ho heiv seg rundt å kom (ho hadde same teknikken på isbakken so eg hadde, haha!). Inne i fjøsen var det kaos. I tillegg til ei kvige so nett hadde født var det 24 andre damer som også gjorde seg gjeldande. På eine båsen i det nederste hjørnet so sto kviga halvveges oppå og kalven stakkars, låg å skalv ned på spalten. Men han var absolutt ikkje aleine! Stakkars Anne hadde fått ungen sin kidnappa! Og sjølvsagt var det Iselilja ( sjå luke # 9 ) som var den kriminelle. Iselilja eeeelskar kalvar! Alle kalvar! Det er ikkje so nøye om det er hennar eigne eller naboen sine; kalvar er det finaste ho veit. Det positive med ein slik kidnappar er at kalven får godt stell sjølv om mor blir holdt vekke, og sia Iselilja er so intenst gild i kalvar so nåde (!) den andre kyri so prøve å komme bort til kalven hennar... Altso liten sjangse for at andre kyr kan skade kalven, men eit stort minus for den egentlege mori! I allefall; eg kom meg kjapt inn til damene og fekk jaga Iselilja ein veg og resten av flokk ein anna, sette ein perimeter rundt Anne (bovine edition) og kalven, og stod med nervene utanpå til Anne (homo sapiens) kom seg fram i fjøsen.  Heldigvis er ho minste frøken Gjerde lettbeint og forserte difor raskt dødsbakken og kom kjapt til for å hjelpe. Planen blei som følger: eg bere kalven i fanget, ryggar langs båsrekka (eg snur ikkje ryggen til ei nybakt mor! då snur eg helde ryggen til 24 andre urolege damer...) til fødebingen og satsar på at kviga føl etter, og at hverken ho eller Iselilja prøvar å drepe meg. Og Anne er forsvar og observator på vegen gjennom fjøsen. Planen blei utført nesten perfekt. Litt klabb og babb med resten av flokken blei det, men kviga gjekk fint etter meg og kalven, og det var bra. Iselilja fekk nesten panikk då eg,kviga og kalven for avgarde, men det gjekk bra takka vere forsvarssjefen Anne. Akkurat på det tidspunket då eg, kalven og kviga gjekk gjennom porten til fødebingen fann Iselilja ut at det var "no eller aldri"! Taktikken ho valgte var egentleg uventa; ho kasta seg over kviga å rei (!) so ho var gali. So der sto me då. Eg med kalven i armane, kviga i portåpningen, Anne ved sida av og 800 kilo radlande gal kyr 2 meter over oss. Kuult...  Kva er vel livet utan litt action og hjartebank?
Heldigvis trødde forsvarssjefen til. Ho er ikkje so stor på jordi, men ho er stor i ordi og sterk so pokkern so Iselilja fekk fint beskjed frå Anne om at DETTA var uaktuelt! Og då var me heldigvis i mål.. Mor og barn var komen på einerom og freden fekk senke seg att i flokken ( altso; det gjaldt ikkje Iselilja. Ho gaular fortsatt etter kalven "sin"...). Anne ( kyri altso!) visar seg å vere ei fantastisk god mor og etter at ho no har vorte mjølka tre gonger so ser det ut som at ho blir ei snill mjølkekyr også. Me har faktisk kvidd oss litt til at denne kviga skulle kalve. Mor til denne dama reiste faktisk på slaktebilen berre nokre veker etter at ho kalva. Ho var nemleg klin gal. Altso K.L.I.N gal... Alt var normalt med ho før ho kalva, men etter at ho hadde født Anne so klikka det heilt for ho, stakkars. Me fekk ho ikkje ut av fødebingen ein gong; ho ville drepe alt og alle og klatra opp etter glatte veggplater i eit forsøk på å komme seg vekk...Ho blei rett og slett farleg! So difor har me vore skeptiske til kviga Anne, ho har vore litt uroleg og absolutt ikkje kjælen. Men denne dama har nok "sett lyset"! No etter at ho blei mor so er ho plutseleg blitt roleg og tillitsfull og det ser ut til at alle bekymringane våre var HEILT grunnlause: hurra for Anne(mor)!:D

(det er ein grunn til at tobeinte Anne ikkje likar at denne slekta har namn med fyrstebokstaven "A". Fleire av desse har vore kjempegode mjølkekyr,men siste kyri som hadde namnet "Anne" (bestemor til dagens Anne) blei solgt fordi ho var so ufjelge. Blant anna so braut ho nesten nasen på eine dyrlegen og spente meg i hovudet/ansiktet so eg gjekk i dørken nokon gonger. Mennesket Anne meinar ei snill og god avlslinje kan få namn på "A" ;D )



Gutongen til Anne, med råååååsa merke på nasen :D

tirsdag, desember 17, 2013

Luke # 17 !

Kyr for dagen 17. desember :

Signe

Signe er ein av den eldre garde i fjøsen, og er i skrivande stund ute i fødselspermisjon då ho no har att vel ein månad til termindato. Signe er/var ein del av eit tvillingpar men søster Sigrid er diverre vorte til menneskleg konsum. Desse to damene var veldigt knytta til kvarandre. Det var ikkje meir elde ein meter mellom dei på nokon tid av døgnet, utanom når dei var inne i mjølkestallen då. 


Her er tvillingane som nyfødte. Sigrid til venstre og Signe til høgre. 

Desse damene har vore fantastiske mjølkekyr og verdens snillaste jenter, men beklagelegvis bala Sigrid med sjukdom og det var so å seie umogeleg å få ho drektig, og då blei Signe aleine .. Dei neste dagane etter at beistabilen hadde vore her var Signe eit trist syn. Lett joggande rundt og rundt, på leit etter syster si der ho ropte og kalla heile døgnet til ho til slutt myste stemma. Ingen andre dugde. Både eg og andre kyr prøvde å trøste men til ingen nytte; Signe sin bestevenn var vekk. Det er løge det med desse kyrne (og spesielt tvillingar ! Moden`n solgte eingong ei kvige av eit tvillingpar og lova seg sjølv at det skulle ho aldri gjere igjen; den so blei att blei so depressiv at det var ikkje måte på...) men nesten alle har ein spesiell bestevenn. Dette er ofte ei som er nær i alder og som dei har vokse opp med i same binge, men av og til so blir ei vaksi dame venn med ei kvige som kjem inn i flokken. Det har ofte facinert meg det at dei "tek seg ut" ei spesiell kyr som dei heng i lag med. Dei er ikkje slik vennner som me menneske er; lite shopping og kaffidrikking. Men dei går ofte i lag å et, legge seg i båsar ved sidan av kvarandre for å slappe av og sove, vaskar og klør kvarande og beskyttar den som er lenger ned på rangstigen om dei blir utfordra; det er rett og slett litt rørande og vakkert. Eit slikt forhold hadde Signe og Sigrid, men det forholdet tok slutt ein tidleg morgon i fjor. Og stakkars Signe har ikkje funne seg ein ny bestevenn. Eg trur egentleg ikkje at ho er på leit helde, ho er litt overfladisk venn med fleire, men ingen spesiell. Ho fere frå ei kyr til hi, men bryr seg ikkje spesielt om nokon. Utanom oss menneske då! Ho er nok ein av dei mest menneskekjære kyre me nokon gong har hatt i fjøsen, og spesielt etter at ho miste syster si. Signe vil kose og kose og kooooose. Ho vil at du skal sitte elde stå ved sida av ho slik at ho får leggje hovudet i armane dine og so kjem det eit høgt og djupt suuuhhkk, augene hennar glir att og dama er komen i draumeverda. Og sia ho er so søt når ho gjere det so har vel eg og Anne skjemt ho godt vekk med at me innfrir kravet hennar om oppmerksomheit. 


Signe: kule krøllar på luggen og det er viktigt å ha litt pynt i form av gras på nasen :D

Eg må vel innrømme at Signe er ein av favorittjentene mine, og no håpar eg berre at alt går bra både med ho og kalven om vel ein månad. Ho er ei god mor og god mjølkekyr so eg er ikkje bekymra for det, men ho er ei stooor kyr og ein veit jo aldri. Det er ein hard overgong frå ferie til fødsel og full mjølkeproduksjon. I tillegg so er det eit spesielt problem som me er uroa for. Mor til Signe måtte me avlive i fjor på grunn av børframfall.(altso at livmori vrenger seg UT av kyri etter kalving..) og no viser denne dama antydning til  skjedeframfall (ein del av skjedeveggen stikk ut av kyri...) . Det er ikkje mykje og det nærmar seg jo kalving, men det blir ikkje behageleg for Signe om det utviklar seg meir, det kan bli infeksjonar og det er større sjangs for børframfall etter fødsel. Men me kryssar alle klauver at alt går bra!:D

mandag, desember 16, 2013

Luke # 16 !

Kyr for dagen 16 desember:

India

India er ei fin kvige so fekk sin fyrste kalv for vel ein månads tid sidan. Det vart ein fin oksekalv, noko so var flott altso, men eg skulle so ynskje at det hadde vore ein kyrkalv! India er nemleg ein av desse "super-kvigene" med kjempehøg avlsverdi, snill, flott jur, mjølkar mykje og er rett og slett ei triveleg dame. Ho gjere ikkje so mykje ut av seg, men slike damer som har STOR persolegheit har eg nok av, haha.
India har endra seg mykje no når ho fekk kalven. Eg var egentleg bekymra for denne dama. Mor til Indeia er særs snill, roleg og tillitsfull, men India var som åring litt sky og skvetten. Og om eg var litt brå når eg var rundt ho so kunne ho av og til smelle avgårde ein bakfot. For å sei det slek; eg hadde eit lilla/grønt/blått/svart perfekt klauvavtrykk på eine låret i fleire veker etter at ho traff meg inne i åringsbingen for nokre månadar sidan. Men ho var ikkje stygg i seg, men berre litt  lettskremt og det var måten ho avreagerte på. I allefall; eg var bekymra med tanke på mjølking og mjølkestall sia dette var måten  ho reagerte på i situasjonar då ho blei litt redd (gje meg ei skikkeleg sint kyr kva dag som helst i forhold til ei som er redd ! ). Men den bekymringen var heilt unødvendig. Ho let kalven drikke heilt fint og då me mjølka ho for fyrste gong letta ho litt forsiktigt på eine foten eit par gonger, og det var det! Spenningi hadde ho lagt fort frå seg då ho innsåg at ho traff kalven om ho deiv med slike tullefakter. Og ho var verkeleg ei supermamma. Det var rett og slett skikkeleg fælt å ta frå ho kalven og ha ho inn att til kyrne. Ho skreik, kalven skreik og eg hadde lyst til å skrike eg også ! Det var både bra og dårleg at ho kunne sjå og høyre kalven sin i kalvebingen på den andre sida av fôrbrettet; mykje sår kalling og humring mellom mor og barn dei neste dagane....
Men etter nokre dagar so innsåg dei vel begge at slik var livet, og begge roa seg fint. India er altso vorten ei mykje rolegare dame ; tillitsfull, god mjølkekyr og syns visst no at budeia er ganske grei å ha når ein klør på halsen ;D

India ♥ 

lørdag, desember 14, 2013

Luke # 14 og # 15 !

Kyr for dagen 14. og 15. desember:

Svarta og Ariana


Svarta til venstre og Ariana til høgre :)


Dobbelt med damer og julakaldendarluker denne gongen, men dei sto so fint attmed kvarande so denne gongen blei det dameR for dagen  :D

Begge desse to damene er kviger og fekk sine fyrste kalvar tidlegare i år. Men der stoppar også likskapen.
Svarta er som namnet tilseier ei svart kyr (med nokre få kvite avteikn), Ariana er heilt brun. Svarta har høg avlsverdi, Ariana har middels/låg. Svarta er snill og forsiktig, ho går stille i dørane, er midt på rangstegen, ei FANTASTISK mjølkekyr og har stee so ein påle frå dag nr. 1 i mjølkestallen. Ariana har vel vore mykje av det motsatte! Ariana kan vere rett og slett litt ufjelg. Både med andre kyr og med meg. Ho mjølkar vel gjennomsnittleg til å vere kvige, men ikkje noko spesielt mykje. Ho er også lågt på rangstegen, noko ho absolutt ikkje er fornøgd med og driv dagleg maktkamp med dei som er både over og under ho i rang. Ho gjev rett og slett ikkje opp sin draum om å stige i gradene. Rastlaus og uroleg kan ho finne på å sette i full galopp og skape uro i flokken før ho flekkar ut ein fot om ho er i akkurat rett lune når eg går forbi... I tillegg so har ho stillt seg heilt uforståande til konseptet mjølking. Ho meinte at dette var noko ho IKKJE ville bidra med til felleskapet i fjøsen. Ho har no snart mjølka i eitt år og me var vel passert 8-9 månadar før me kom til eit punkt der ho innsåg at det var kanskje ikkje so kult å prøve å drepe budeia kvar morgon og kveld. Jepp, det har vore interessant ! Men" nu går alt så meeeget bedre"; Ariana har teke til vetet og har vorte vaksen so no går mjølkingi som ein leik. Eller i allefall, det går no fint so lenge ho får ete mjøl... Me pleie so oftast å rangere ut slike kviger so er litt ufjelge, men eg har ein "ting" for Ariana. Kva det er veit eg ikkje heilt, men slik er det ! Dama har synt meg at ho blir bedre, snillare og ikkje minst; eg truuur ho kjeme til å bli ei god mjølkekyr!  Svarta og Ariana er altso to svært ulike damer, men dei er veninner løll ! Dei viser berre at sjølv om  ein har to kviger som er ulike, både i utsjånad og i oppførsel, so kan begge bli gode mjølkekyr og budeieveninner allikevel !

Luke # 13 !

Kyr for dagen 13.desember:

Rosa 



Dette er Rosa, ei dame med STOR personlegheit!
Ho har ikkje hatt meir enn to kalvar, men jammen gjere ho seg bemerka allikevel. Som mor og mjølkekyr har ho vore både snill og flink. Mjølkar godt og har hatt lette fødslar, men som sagt; det er mykje personlegheit i denne dama! Ho er faktisk eit lite bøllefrø... Ho yppar til slåstkampar både titt og ofte, ho er ein av dei som nektar plent å ta vel i mot nye kviger i avdelinga;ho denge laus det klauver, spalt og innrednig held, ho er eit "one man wrecking crew" på alt som ho klarar å få tak i inne i fjøsen (muttarar er jo kjempeenkelt å skru opp og mjølkestallportar er jo til for å bli brotne opp i følgje denne dama...) og ikkje minst ho er heilt gal etter mjøl! Denne dama so meinar ho ikkje kan vri elde snu seg nokon veg når eg skal forbi, blir plutseleg som eit slangemenneske (slangekyr?) når ho ligg vridd sidelengs på kne inne (!) i mjølkestallen fordi ho ser eit par mjølkorn ligge heilt aleine og velsmakande på andre sida av stallen.... Ho er altso litt av ei dame; snill, snodig og skikkeleg tøff - eg lika ho i allfall !:D



Luke # 12 !

Kyr for dagen 12.desember:

Mossi 

Dagens dame kjem eit par dagar på etterskot! 
Dei siste dagane har gått med til:
-straumbrudd- og aggregatfrustrasjon
-brøyting (frustrasjon fordi då må aggregatet av traktoren og fresen på igjen - gjentatt maaange gonger...)
-stegjarnsføre (!) ØVE ALT !
- Ragna (nr 345) er visst byrgja i rivingsbransjen Ho ha øydelagt mjølstallen 4 gonger siste veka. Dvs. at ingen av kyrne får mjøl og med det : TOTALT anarki blant damene!
- og sist, men ikkje minst; Milla (sjå julakalendaren Luke # 2) er vorte skikkeleg sjuke att, so ho har måtte vorte varta opp på alle 4 klauver... Akkurat no er statusen at ho har berre ein for i gravi. Mot to i går.

Men:

Mossi er altso dame for dagen. Elde det å kalle ho ei dame er vel å overdrive. Ho klassifiserast vel som ein åring og står no snart på lista over tenåringsjentene so skal bli smellt på tjukken. Ho har høg avlsverdi og kjem nok til å bli ei rettaleg gode mjølkekyr om alt går bra. Einaste minuset er eventuelt at ho arvar mori sine klauver. Dei er ikkje SO galne, men må allikevel skjærast eit par gonger i året. Eg prøvar å ha færrast mogeleg kyr so må skjærast i det heile teke... Men forhåpentlegvis so har faren til denne dama påvirka litt på det området. I allefall ; Mossi er ei liti favoritt-dame blant alle dei andre åringane so no snart skal inseminerast. Grunnen til dette er fyrst og fremst det at me tykkje ho veldig vakker! Raud og kvit med spraglete pels og sterke markeringar; rett og slett eit litt spesielt utsjånad! Men hovudgrunnen til at denne dama er so godt likt er at når ho var født so var ho på storleik med eit lamb ! Ho var utruleg liten, men ho var spinnvill og lika full av liv so ho va liti. Det var nett so ei duracellkanin so spann rundt i kalvingsbingen og den stakkars mori blei til slutt lettare oppgitt!

Til slutt må eg vel også gje ein forklaring på det litt uvanlege namnet på denne dama. Mossi er namnet eg brukte på bestemor (Margit) då eg var liten. Kvar namnet egentleg kjem i frå er eg ikkje sikker på, men det var det namnet matriarken i famelien fekk. MEN grunnen til at kalven Mossi fekk det namnet var på grunn av oppførselen; nett som bestemor var det full fart heile tiden og ho var so utolmodig at ho ikkje hadde tid til å gå rundt mor si når ho skulle drikke frå den andre sida av juret; ho sprang under magen i staden. Og den utolmodigheiten og energien minnte oss om ei viss ung og sprek duracell-dame so småjoggar ned på campingen om sommaren, sjølv om ho forlengst har passert normal pensjonsalder!


Vakre Mossi i midten !

tirsdag, desember 10, 2013

Luke # 11 !

Kyr for dagen 11. desember:

Inger

Inger er ei superkyr. Høg avlsverdi, mjølkar sinnsjukt mykje, snill og grei, alder sjuk og ingen unotar. Utanom det faktum at ho er eit matvrak då. Det er same kva tid på døgnet eg er i fjøset; ho står ved forbrettet eller i mjølstallen... HEILE døgnet! Det er jammen bra ho mjølkar ekstra mykje for ho et for minst to (!)  kyr. Dette gjev også utslag i midjemålet til denne dama, ho er ikkje akkurat noko sylfide ;D
Det at ho er gilde i mat gjere seg og gjeldande når det har med rangen hennar å gjere. Inger er vel på topp 3 i hierarkiet blant damene. Stor og sterk som ho er so løftar ho berre vekk dei ho meinar står i vegen (ha høyrt noko om at eigaren startar å likne på kjæledyret, eller omvendt...). Etter at eg har kjøyrt fôrvogni over forbrettet so startar ho i enden der eg starta å legge ut for. Og so tek ho heile rekka for seg, smakar og luktar på kvar ein haug for å finne akkurat dei grasstråi ho har mest lyst på. Og dei stakkars andre damene dei må berre finne seg i å vike når ho trampar nedover rekka. Men det er vel berre slek dei priviligerte øverst i hierarkiet kan tillate seg ;D





Inger som ung og lovande åring :D 

Luke # 10 !

Kyr for dagen 10 desember:

Rosin


Rosin er stor og kvit og brun og har nett fått sin andre kalv. Ho har vore ei super kvige. Lette fødslar, god mor, stelle kalvane sine godt og ikkje minst; ho ha alder flekka ut ein fot i min retning. Mjølkestall og mjølkespann tok ho som om ho var avla fram til det (hirr hirr...).  Fysisk sett er denne dama forma so ei tønne; stort sett god og brei men litt smalare aller øverst og aller nederst :D Ho ligge ganske høgt i rang, men blir til stadigheit utfordra for plassen sin, so ho er litt av ein slåstkjempe. Eg trur egentleg at ho kunne berre sendt dei eit olmt blikk so hadde dei veke for ho, men ho ser ut til å like å slåst litt med dei andre!

mandag, desember 09, 2013

Luke # 9 !

Kyr for dagen 9. desember:

Iselilja





Dagens dame er på noverande tidspunkt den eldste dama i fjøsen og er vel og ein av dei mest verdifulle. Ho har kjempehøg avlsverdi, mjølkar MYKJE, og ikkje minst; gjev fantastiske avkom. Ho har fått gode kyrkalvar, men det har vore mest moro med oksekalvane. Denne dama kan nemleg skryte av å ha sendt TO seminokseemner til austlandet. Er ikkje so mange damer so kan det! Iselilja har alltid vore rolegheita sjølv, men ikkje særleg kjælen. Ho sete stor pris på å bli børsta og kosa litt med, men går ikkje aktivt bort til meg for å få litt kløing. Utanom det so har Iselilja diverre bala litt med sjukdom dei siste åra. Nokon mastittar har det blitt og i fjor var ho grunnen til at eg fekk sjå noko av det eklaste eg har sett nokonsinne. Då fekk ho ein "betennelses-byll-ish-liknande" kul på størrelse med ein håndball på venstre bakfot, litt oppe på låret. Dette var sjølvsagt smertefullt for ho, men sjølv om ho hadde ildt og feber so dura ho på so vanleg. I allefall, dyrlege blei tilkalla og byllen måtte opnast. Eit par snitt seinare begynte det ekle. Byllen sat djupt (noko me rekna med sia det ikkje hadde sprukke opp av seg sjølv) og det som var inni var av stort volum. Eg kan vel beskrive det so litt tunn graut, cottage cheese-liknande, milkshake-ish, beigefarga puss.... (har noko av "operasjonen"på video og det er mildt sagt kvalmande...). Og alt måtte sjølvsagt ut. Me trykte og ytte i alle retningar til me fekk ut mesteparten, skålte godt tomrommet som var vorte i låret og lot ho berre gå med stort "hål" på bakfoten. Me kunne nemleg ikkje sy det att då det kom til å væske meir dei fyrste dagane. Dermed hadde eg dei kommande dagane den voldsomt glamorøse jobben med å vaske sår. Rensingi føregjekk ved at eg sprøytte inni tomrommet, trykkte litt her og der, ut att med gugga, repeter x 3 gonger + vaske sjølve såret og låret. Det er ikkje enkelt å holde noko slikt ope for at puss skal renne ut og at det skal gro innanfrå og ut. I tillegg er det mykje bakteriar i ein fjøs og ein bør unngå at såret blir betent. Men heldigvis gjekk det fort framover med Iselilja og ei veke seinare var det berre att litt laus hud og eit par arr som synte at ho hadde vore sjuk. Det må ha vore alt anna enn godt då eg herja og dytta på låret hennar den veka, men snill so dama er sto ho fint to gonger om dagen for sårstell :D


Her er Iselilja med kalven ho fekk i september. Det var ein monstersvær kyrkalv! Brystmål på vel 86 cm og vekt på eit par å seksti kilo! Og det var to veker før termin - det hadde vore litt av ei jente om ho hadde fått kalven på "rett dato" !


lørdag, desember 07, 2013

Luke # 8 !

Kyr for dagen 8.desember : 

Hella

Hella er dagens kyr fordi ho i kveld gjekk ut i barselspermisjon. Det vil sei at frå i kveld av skal ho ikkje mjølkast att før ho har fått ein ny fine kalv! I fjor fekk ho den fyrste kalven sin og ho har vel vore ei god kvige, men det gjeld mjølkemengd og absolutt ikkje vennskapet med meg... Altso, då ho fekk kalven sin var alt berre fryd og gammen. Dama var kjempesnill! Ingen problem i det heile teke og ho sto stødigt med føtene i golvet frå fyrste mjølking, tolererte alt og var svært kjælen. Problema i forholdet vårt dukka opp to dagar etter kalving. På ein spene; ein jurbetennelse med sus over... Dama so alder hadde vore sint på meg eller spent etter meg i heile sitt liv hadde no eitt mål ; drepe dama med mjølkespannet ("off with their heads"!). Kalven godtok ho heilt fint. Han fekk ikkje drikke av den betente spenen men om avkommet prøvde seg på "feil" spene so snudde ho seg berre roleg rundt. Men i allefall, etter dyrlegebesøk so blei det penicilin og sjølv om dama blei trespent so vart ho heilt frisk att. Fysisk altso. Psykisk er ei heilt anna sak. Sjølv om ho ikkje hadde ildt i juret lenger so virka det som om eg var ein evig påminning om den smerten ho hadde hatt. Me låg nesten i krig. Eg og Hella hadde ein stillingskrig der ingen ville gje seg. Ho hadde to krav:  at ho skulle få att ungen hennar so eg hadde kidnappa, og at eg skulle gje opp ideen om at eg skulle klare å hjernevaske ho til å bli ei villig mjølkekyr. Eg hadde eitt ynskje: ikkje spenn meg i hovudet. Me er vel endå ikkje blitt vener att, men me er komme til eit punkt der me tolererar kvarandre.. Ho har godteke mjølkinga ved at eg bestikke ho med enorme mengder mjøl, ingen raske rørske, ingen hender nær jur eller mjølkeorgan og defintivt (!) ikkje noko godprating til ho :D
Eg satsar på at no med andre kalven so ser ho "lyset" og at eg er ein god halskløar. Desse kvigene har det med å plutseleg snu frå ein dag til hin :D


Ei lukkeleg Hella med avkommet (ho passa godt på ...)  :D

Luke # 7 !

Kyr for dagen 7.desember :

Runa


Dagens dame (jaja, nokre timar på overtid...) er Runa. Ho tilhøyrer den eldre garde i fjøsen, men er ung til sinns! Jenta er snill og grei, god mor, mjølkar bra og blir lett drektig og har lette fødslar. Men no leve ho i sin siste desember. Over nyår so går denne dama diverre på beistabilen. Sjølv kor kjekk og snill og flott ho er so ha ho eitt stort problem : utruleg dårlege klauver. Vel, klauvene i seg sjølv er ikkje dårlege, men måten ho går på er dårleg. Eg vil karakterisere det som hjulbeint på både frame og bak... Heilt sidan ho var åring har me måtte skjære klauvene på ho minst fire gonger i året. Resten av føtene ser i seg sjølv ikkje so galne ut, men ho legge all vekt aller, aller ytterst på ytterklauvene med det resultat at dei vrir seg ut ved kronrandi og "legge seg" under hoven att. Og det er absolutt ikkje noko godt å gå med (tenk deg fks. at på vitletåi di og eit par cm av yttersida av foten din startar å bøyge seg under fotbladet ditt...) !  No fekk ho siste pedikyren i september, og ein kan allerede sjå at dei er på feil veg igjen. So no har me bestemt at dama ikkje blir inseminert att og blir til biff. Men enn so lenge so kosar ho seg i fjøset altso!:D


Runa med årets kalv. Fin okse so blei født for vel eit par månadar sidan.

fredag, desember 06, 2013

Luke # 6 !

Kyr for dagen 6. desember:

Elsa

Dama so er gjøymt bak luka i dag er litt av ei kyr. Elsa er no drektig med sin andre kalv og har i skrivande stund att ca 4 månader til termindato. Ikkje berre er denne dama super på papiret ( veldig høg avlsverdi) men ho er super i verklegheita og. Snill so dagen er lang, kontaktsøkande, veldig god mjølkekyr og ei veldig god mor! Då Elsa fekk den fyrste kalven sin so ordna ho heldigvis alt på eigenhånd. Sia ho var kvige og ho er mykje verdt so følgte me nøye med på om ho blei kalvsjuk. Eg vaka på ho i fleire netter då ho såg til å bli klar, men ingen kalv kom. Heilt til den natti eg var so trøytt at eg ikkje vakna av klokka for 2. runden i fjøset. Eg skjekka ho då klokka var ca 02.30 og då låg ho å sov so eg gjekk og la meg att og stilte alarmen til 05.00. Alarmen den ringte den, men eg sov like godt, og då eg kom i fjøset for å ta morgonstellet so var dette synet so møtte meg:



Elsa hadde fått ein kjempefine kalv. Dama hadde klart overgongen heilt fint. Fødselen såg ut til å ha gått so nokonlunde lett og dama hadde definitivt morsinnstinktet i orden. Kalven var vaska frå topp til tå og låg god og mett og kvilte i liggebåsen då eg fekk sjå han. 

Ikkje nok med at Elsa var ei god mor til sin eigen kalv. Ho blei også "mor" til ein kalv nr 2  eit døgn seinare. Ei anna kvige Ariana kalva også, men ho var lite eigna so mor. Ho hadde ein fæl fødsel so kanskje det var grunnen, men i allefall; ho ville ikkje ha kalven sin. Ariana vile ikkje drepe den ( det finst dei so prøva på det og...) men likte berre ikkje denne vesle blaute saken. Og der kalven hutra og fraus fortsatt blaut av fostervæske so viste Elsa interesse over bingekanten ("stakkars liti ! Come to mama!" sa ho). Og slek blei plutseleg Elsa tobarnsmor. Den nyankomne vart vaska og stellt etter alle kunstens reglar og fekk til og med drikke mjølk hjå ho. No er det so lenge sidan Elsa kalva at eg tenkje ikkje på ho so kvige lenger. Dama er midt i gjengen av alle dei andre mjølkekyrne. Roleg og snill er ho fortsatt og ho er no snart klar til å gå ut i barselspermisjon i påvente av nok ein kalv :D


Elsa som tobarnsmor. Supermamma!

onsdag, desember 04, 2013

Luke # 5 !


Kyr for dagen 5. desember:


Viola

Dagens luke blir vel ein sokalla in memorian post. Viola er diverre avgått med døden og kjem snart på ein tallerken nær deg. Viola blei født 1.mai 2008 so dama rakk å bli  5,5 år. Mor til Viola var nr 219 Venekolla. Venekolla var ei fantastisk mjølkekyr (låg ofte på 60 liter mjølk om dagen!), brunfarga, av middels storleik, snill og god (såg ut som Litago-kyri!). Det som til slutt tok knekken på ho var pga stort jur og stor mjølkeproduksjon so fekk ho minst ein mastitt i året.... fælt for kyri og fælt for bondens lommebok :)
I allefall, sjølv med litt låg avlsverdi (8) so såg Viola ut som ei lovandes kyr med tanke på avlen. 


Viola som ung og lovande kvige!

Vel, Viola blei aldri ei eksepsjonell  mjølkekyr som si mor, men ho klarte seg godt allikevel. Mjølkemengden var vel ca midt på treet og laktasjonskurva var ikkje akkurat ideell, men ho fekk no ein kalv i året, mjølka og var enkel å få drektig og ikkje noko særleg sjuk. Ein morsom ting ved ho også var at ho hadde ein hale som var berre 30 cm lang. Dette fordi ho som kalv fekk eit stygt sår på halen midt på sommaren. Heten gjorde at bakteriane eksploderte i såret og dyrlegen amputerte halen for å minimisere risikoen for at betennelsen gjekk opp i ryggen på ho. At halen var kort var bra for å holde ho rein på låri, men eit stort minus når det gjaldt smekking av fluger.... Denne dama var også ei greidig kyr å ha med å gjere på ein dagleg basis. Ikkje spesielt kjælen ( før på sine gamle dagar då ho innsåg at det var ganskje godt å bli klødd på halsen), eigenrådig og gjorde definitiv det ho sjølv ville, men var aldri sint eller umogeleg på noko vis. Ho var også som oftast på topp i rang. Det at ho dengte både den eine og andre kyri hadde so oftast med at ho var sinnsjukt stor og tung. Me pratar ikkje berre kraftig og brei, men også høg. Med minst 160 cm på manken er det stort til å vere NRF!  Og det er dette so er grunnen til at dama blei dagens kyr. Viola har nemleg rekorden då det gjeld slaktevekt frå mjølkekyr her på garden. Sist veke gjekk ho på slaktebilen og si siste reis her i verdi og stor var spenningen då me kunne lese meldingen på slakteweben etterpå. Viola kom på (waaaait for it......!)  459 kg i slaktevekt!!  Holy crap, seie berre eg. Det vil sei ca 900 kg i levande vekt! Ikkje løge at eg tykte ho var litt tung å "flytte" på når eg meinte ho var i vegen for meg :D


tirsdag, desember 03, 2013

Luke # 4 !

Kyr for dagen 4.desember :

Vanja

Vanja har opplevd mykje til tross for at ho ikkje er so gamal. Dama blei født i oktober 2010, men er no allerede trebarnsmor! Historia om korleis ho har fått det til går slik : då Vanja var åring so synte ho seg ikkje i det heile teke. Altso ho synte ikkje noko teikn på at ho var kommen i brunst. Kyr flest gjev mange teikn på det, og i ein lausdriftsfjøs so er det ikkje reint skjeldan at dei fere på kvarandre døgnet rundt ;D ( då eg var liten kunne eg nemleg fortelje mor mi at alle kyrne me hadde i fjøsen var lesbiske....) I allefall, Vanja gav ikkje noko signal som helst at ho var klar for inseminering. Det i seg sjølv var ikkje nødvendigvis teikn på at det var noko alvorleg gale med ho. Det kunne berre vere at ho var litt seint utvikla eller at ho hadde cyster på eggstokkane. På grunn av dette fekk me dyrlegen til å undersøke ho og me fann fort ut at vår bekymring for sein utvikling var definitivt grunnlaus.
 Dama var nemleg drektig! 
Stor var overraskinga både for oss og dyrlegen. Han so trudde han skulle kjenne på ein eggstokk stod plutseleg med håndi på en stor kalv.... Ho var altso ein kalv som skulle få ein kalv. Det var ein ikkje so reint lite skremmande tanke dette med ein fødsel på ein so liten åring og ikkje minst : når skulle denna fødselen finne stad ? Etter litt detektivarbeid kom me på kva som hadde skjedd ein del månadar før. Då hadde eg to oksar gåande i ein binge ved sidan av småjentene. Medan eg var i fjøset so hadde dei reve ned bingeskillet og det var litt av ein dans i bingane! To oksar og åtte damer hoppa, dansa og sparka himmelhøgt rundt meg medan eg banna og sveitta og eg prøvde å få opp at skillet. Det var snakk om ti stakkarslege minutt. Men det var visst ikkje mange minuttane ein av desse karane trengte! Vanja hadde vore i brunst til akkurat rett tid og stod i akkurat rett binge på akkurat rette dagen (vel...for ho var det vel meir so ei overfallsvoldtekt av ein eldre mann...). Heldigvis enda det godt sjølv om det var i tidlegaste laget for kalving for denne dama. Fødselen gjekk overraskande lett og sjølv om juret var litt lite utvikla so blei ho ei god kvige. Vanja er absolutt fortsatt ei god kyr men blir nok alder vaksen i hovudet. Det er som sia  ho "hoppa over" ungdomsperioden so er ho fortsatt mentalt sett ein kalv. Sjølv no etter tre kalvar so tek ho minst ti gledeshopp om dagen og tykkje det er moro å sprette rundt oss om me prøvar å rettleie ho i ein eller anna retning (tenk trassalder /obsternasig tiåring...). Men sia det ikkje er noko ildt i ho so er det berre å rekne det som gratis underhaldning og spenning i kvardagen ! 

Og ikkje minst er dama ei supermamma. I år (når ho egentleg skulle ha fått sin fyrste kalv...) so fekk ho tvillingar. Ein kvigekalv og ein oksekalv. Og sjølv om det er hardt å passe to små so klarte ho det med glans! 

Her er ho som ung jentunge på eit par månadar:



No, tre år gammal og nybakt tvillingmor:


 Supermamma Vanja !

Luke # 3 !

Kyr for dagen 3.desember:

Jenny

Jenny er nemleg blitt mor nok ein gong i dag! Etter å ha vaka på denne dama i to netter (ho kneip igjen,gitt...) kom det ein flott stor oksekalv midt på dagen i dag. Og sia Jenny er det ein kan kalle ei superkyr med tanke på avl, og det same gjeld far til årets kalv, so er denne oksakalven ein seminokseemne. Det vil sei at om han kjem gjennom nålauga so flyttar han til Hamar der han får leve litt lenger enn ein vanleg mellomkalv, og ikkje minst; ha seg med ei smekker falsk kyr! 


Denna karen ha fått namnet "Gjerdeguten" sia han kanskje kjeme seg opp og fram her i verdi :D
 ( btw: skjekk den søte nasen!)
Det ser nesten ut som om han har eit skeivt bles med sikksakk mønster på nasen!

Men tilbake til dagens dame. Jenny er ikkje berre ei bra kyr pga. avlsverdien. Denne dama er den beste typen mjølkekyr ein kan ha; den ein omtrent ikkje merkar ein har i fjøset ;D Skjelden sjuk, lette fødslar, roleg og god mor, mjølkar lenge og mykje, bra kvalitet på juret, et og drikk godt og ligg slek ca. midt på rangstegen i flokken. I tillegg so er ho kontaktsøkande og kjælen, men godtek at ein er ferdig med kosestundi og vandrar vidare på sin veg. Kort sagt; ei bra mjølkekyr! 



Hurra for den nybakte mori Jenny! 

mandag, desember 02, 2013

Luke # 2 !

Kyr for dagen 2. desember:

 Milla

Dama so er gjøymt bak luke nummer 2 har eg valgt fordi ho akkurat no er plassert i sjukebingen og blir varta opp på alle fire klauver. Kvifor ho er der skal eg komme tilbake til, men sidan ho er sjuk so fortjener ho vel litt ekstra merksemd. Milla er normalt sett  ei kyr med det ein må kalle ein STOR personlegheit. Ho er svært selskapssjuk og blir rett fornærma om eg går forbi og ho ikkje får merksemd og kos. Dama er også sinnsjukt svær! Ho er ikkje berre eit matvrak altso, men rett og slett ei stoor kyr og med eit tilsvarande stort hovud med lika store tankar om seg sjølv. I følgje denna dama er alt her i verdi laga til ho. Ho er ikkje sjef i flokken, men allikevel: fyrst til det beste graset, råderett over mjølstallen, sin eigen favoritt liggebås, personleg groomer ( Anne og meg..), fyrst inn i mjølkestallen og ikkje minst; går kvar ho vil, når ho vil og nåde den kyri eller menneske som står i vegen mellom ho og hennar destinasjon. Men som sagt, ho er svært kjelen. Når eg tek kveldsrunden inne blant damene so ligg ho å "øna" seg heilt til du kjeme bort å klør ho litt på halsen. Då er ho ikkje fornøgde før ho har fått ligge med hovudet i fanget ditt ei stund. Men tilbake til det faktum at ho treng litt gode tankar sendt sin veg for tiden. Dama er sjuk. So langt ser det ut som at det er ketose. For nokre veker sidan so fekk ho ein veldig fine kyrkalv. For dei som føl med på instagram`en min so var dette eit bilete dei fekk sjå:


Milla hadde altso ein monstermage! 
No skal det seiast at dama var i veldig (...) god stand, men dette var eit ekstremt midjemål . Og ho var slik i allefall ein månad før kalving. Eg var egentleg ikkje redd for ein monsterstor kalv, då ho pleie å få små avkom, men eg var redd det var minst (!) to kalvar inni der. Og då med tanke på tvillingar i magen, feit kyr og det at dette var 4 kalven (kalvane?) so var me litt skeptiske både til det eine og det andre. Men då dama blei kalvsjuk so var det ei pressrie og ei pitteliti tynne jente som berre glei ut av ho. Frisk og rask, og rettaleg tøff i trynet, hoppa det ein einaste kalv rundt føtene på Milla dei neste dagane. Den nybakte mori fekk gå med kalven i fleire dagar. Eg var redd både mjølkefeber og mykje anna, men Milla overraska oss ved å gå på, ete godt, stelle kalven og mjølke godt. I fylgje eine dyrlegen var det ein eller anna sjukdom/tilstand som kunne vere grunnen til den enorme magen. Då ho kalva reagerte eg på at det var enormt mykje fostervæske og det virka som om det var "dobbel" fosterhinne rundt kalven. Det var visst eit eller anna so gjorde at nokon kyr kunne få alt for mykje fostervæske og div. andre problem. Etter kalving kunne jo ein også få problem med blodtrykksfall mm. med tanke på at kyri skulle kvitte seg med all ekstra væska, komme seg etter fødsel og auke i mjølkeproduksjon...No omtrent to veker seinare hadde eg senka skuldrane litt med tanke på sjukdom men skuffelsen var eit faktum då dama plutseleg droppa i mjølkemengd for eit par dagar sidan. Med tanke på kor stor ho er hadde me ho inn i sjukebingen. Om ho no var alvorleg sjuk so var tanken på at ho kollapsa på spalten ikkje noko hyggeleg, hverken for ho eller oss. I allefall, då me har kyr i ein eigen binge har me også meir oversikt på kva kvar kyr et (mjøl vs.høy vs. silo) og drikk. Sidan eg var redd mjølkefeber blei temperaturen og kyri følgt med argusauge. Men ingen teikn til det. Ok, då blir neste teori ketose. Det lukta kanskje litt av ho, men ikkje noko særs sterkt. Om det er ketose so et dei ofte mjøl, men ikkje gras. Men dette matvraket åt godt med høy, mjøl og drakk vatn. Jaja, tenkte me. Då er det vel berre slik at ho har ein liten "down" no etter at me tok frå ho kalven og ho har auka godt i mjølkemengd. Men neste dag var ho verre. Åt mindre, hadde mindre mjølk og ikkje minst: det var noko feil med oppførselen. Store auge og eit løge blikk, ikkje ville ho kos og merksemd, Noko var definitivt feil. Kanskje var det ketose eller mjølkefeber på veg allikevel ? Sidan ho åt litt so gav me ho litt ekstra tid til å komme seg. Men nei, då eg var nede i fjøsen midt på natti for å skjekke korleis det gjekk, var ho vorten verre.Det var noko heilt " feil" med heile kyri. Ho var rett og slett både sint og nervøs når eg var inni bingen. Litt skjelvingar i bogmusklane men elles ikkje noko fysiske teikn på kva som var gale. Men psykisk var ho heilt "off".  Ho ville ikkje ha noko kontakt og det løgnaste av alt var at ho tygde som ho var galen med tom kjeft. Ingen ting i munnen, men ho gomla på... ALT skulle sleikast og gnagast på, det var mest so ho var besatt. Meir forvirra enn nokon gong so kom eg innatt i stova og plukka fram Storfesjukdommar boki mi for detta var løge. Etter å ha lese i nokre minuttar i kapittelet om ketose kom forklaringi. Nokon kyr har "nervøs ketose". Det høyrest ut som ein tullesjukdom men er høgst reell. Då blir dei blant anna nervøse, sinte, tygge og lenar seg fram mot skuldrane. Det kunne sjølvsagt hende at vet.Karin tok feil av diagnosen, men her måtte i allefall det ringast til vetrinær. Og diagnosen blei då faktisk ketose. MEN ho hadde også ein del gass i nedre del av magen på høgre sida. Heldigvis høyrdest det ikkje ut som om det var løypedreining ( me måtte avlive ei kyr for eit par veker sidan på grunn av det...) men det var allikevel ikkje heilt normalt. Men sjølv etter behandling er ikkje Milla heilt seg sjølv att endå. I går åt ho godt, men i dag tykte eg at ho hadde ete litt mindre att. So no kryssar me berre alle klauver på at dette skal gå bra! So oftast må ikkje kyr med ketose behandlast fleire gongen so om ho ikkje kviknar til att so er det nok noko meir gale.... Det å eventuelt måtte avlive kyr nr 2 i løpet av eit par veker er absolutt ikkje kjekt. Ein ting er det reint økonomiske med tapet av ei vaksi mjølkekyr, men ikkje minst so er det seigt for ein bonde å ha sjuke dyr! I allfall: Milla er dagens kyr fordi ho fortjenar merksemd og gode tankar om ein snarleg restitusjon :D


Dårleg mobilbilete, men løll: Milla no i natt. For nokre minuttar sidan so låg ho fint og halvsov, men det bekymrar meg at eg ikkje har sett ho har hjorta i heile dag. Ikkje som eg har lagt merke til i allefall. Kom igjen, Milla - you can do it!!;D

søndag, desember 01, 2013

Julakalendar 2013 !

Tjohei !

 I eit forsøk på å få liv att i denna bloggen so er det innlysande at ein julakalendar er det som skal til! Ein julakalendar som i sin heilheit vil bli via til desse flotte damene eg har i fjøsen. Fødde og oppvaksne her på garden står dei på året rundt. Ete gras og mjøl, kalvar og mjølkar i ein evig runddans. Dei produserar kjøt og mjølk til inntekt for bonden og mat og drikke til deg. Damene er av rasen NRF, der bokstavane egentleg står for Norsk Raudt Fe. For meg står det lika mykje for Nusselege Råtøffe Førkjer! Ja, desse damene er søte å sjå på og so oftast søte av natur (...) , men også nokon skikkeleg råtøffe damer! Dei får ein unge i året, mjølkar i 10 md av året, kjempar for den beste maten og favoritt liggeplassen og ikkje minst: sin plass i eit strengt hierarki! Det er ikkje nokon leik å vere mjølkekyr,nei! So, til ære for desse damene mine, mine samtalepartnarar ( dei er gode psykologar; dei svarar ikkje attende når eg pratar til dei ), mine arbeidskollegaer og mine venninner ( eg er fleire timar med kyrne enn nokon menneske ) viar eg månaden desember. Her vil du få litt informasjon om nokon av desse damene, eller ei historie eller kanskje berre nokre bilete, noko lite skal eg i allefall prøve å skrive om damene kvar dag fram til julafta.  Rett nok er klokka no passert midnatt, og me strengt tatt er komne til 2.desember, men eg opnar allikevel luke nummer 1 i kalendaren!


Kyr for dagen - 1.desember : 

Ilda

Bakom fyrste luke i kalendaren gjøymer det seg ei "ny" dame i mjølkeavdelinga. Ei tøff kvige som var sjefen blant åringane då ho kom over i vaksenavdelinga. Ilda har eit flott lynne med tanke på at ho er kontaktsøkande og alltid vil ha kos. Snill so lenge du klør ho på halsen og ikkje står i vegen når ho ser mjølbytta.  Men sia ho ha vore sjef blant smådamene so forventar jo ho at ho er sjef over alle andre også. Av og til må ho bli fortalt at ein ikkje kan leike/klø/hoppe/slåst med menneske so med andre kyr og av og til har ho fått passet sitt påskreve av godt vaksne og større kyr også. Men alt i alt har vel overgongen frå småjentene til dei store damene gått bra allikevel. Fyste natti i ny binge blei nok litt hard då ho meinte alle skulle ned på kne og tilbe ho, og ho ikkje kunne fatte at nokon ville yppe med hennar sin naturlege rangplassering, nemleg toppsjef! Etter det fyrste møtet med dei vaksne var det ei litt sleten, men alldeles ikkje slagen, Ilda so møtte meg neste morgon, Dama hadde ved hjelp av olme blikk og velvalgte slostkampar kjempa seg opp på topp 5 i hierarkiet. Absolutt tøff til å vere ei kvige! Men i allefall,  Ilda har nettopp fått sin fyrste kalv. Det vil sei, ho blei mor til ein fin jente for ca ein månad sidan. Denne dama hadde hastverk og starta med fødselen vel ei veke før termin. Modern skulle til Bergen nokon dagar på møte so då meinte Ilda at det passa bra å gå i gong med detta prosjektet når bonden var aleine heime. To timar etter at modern forlot dalen låg både eg og Ilda og sveitta i fjøsen. Ho trykte. Eg drog. Og slek gjekk både ti minutt, tjue minutt og førti minutt. Kalven sat bom fast. Kviga var unormalt trong (skal spare dykk forklaringa på kva eg meinar...) og kalven hadde eit stort hovud. Men heldigvis er det no so oftast slek at ei stor og sterk kvige har litt ekstra energi å gje på med, so til slutt kom kalven til verdi. På grunn av lang og hard fødsel var ho då noko medtatt og hadde litt fostervæske i lungene, men med litt hjelp frå både mor og jordmor so kvikna ho fort til og det tok ikkje lange stundi før ho var på føtna. Ilda var det eg vil kalle " midt på treet-mor" den fyrste halvtimen. Det var mest so ho var litt redd denne vesle saken so kasta seg rundt i boksen med knute på alle fire føtene.  Men etter å ha vaska og stelt kalven etter alle kunstens reglar kom morsinnstinkta til syne. Kalven kom seg på føtna og då ho i tillegg fann juret og fekk sitt fyrste måltid so var idyllen komplett. Jaja, so nokonlunde i allefall. Det var no jordmori byrja å mase... Eg ville nemleg mjølke ho. Ikkje berre ville eg vere sikker på at kalven fekk nok råmjølk, men eg ville også fylle på lageret i frysen. Dette var visst enklare sagt enn gjort. Ilda hadde ikkje noko forståing for konseptet "mjølking"! Det var visst synonymt med: "ho her vil ha meg fast i skuvet berre for å drepe kalven min" og "prøva du å ta på juret mitt so drepe eg deg !". Ok, kva gjere ein då? Vel, taktikk nr 1 var å vere so ven i målet so eg berre klarde og ha med kalven bortått juret medan eg lurte meg te å vaske spenane, og det såg ei lita stund ut som at detta gjekk vegen. Det gjorde det ikkje. Det gjekk åt skogen! Ok, taktikk nr 2: bitte saman bakføtene. Detta er so oftast ein god taktikk for karate-kyr. No visar det seg at Ilda har spesialisert seg på krav maga, kung-fu elde noko liknande. Ikkje veit eg kvar ho har lært dette, men resultatet blei i allefall at eg og mjølkespann-deler låg strødd i ein radius på eit par meter. Etter å ha prøvd same leiken fleire gonger i løpet av dagen/kvelden gav eg rett og slett opp. Eg måtte vente til eg fekk med meg hjelp. Dama er ikkje mannevond i det heile, men var som sagt ikkje med på konseptet mjølking.. Eg var redd for at dama skulle få jurbetennelse men "heldigvis" so rann det mjølk i strie straumar når ho låg og kvilte so det blei ikkje so gale mjølkespreng. Og kalven, den drakk mjølk til den store gullmedaljen og meinte vel at det berre var bra at ikkje eg fekk tømme juret. Når modern kom att fekk eg endeleg hjelp til å få mjølka skikkeleg dama og jammen er det ikkje ei super-mjølkar! Dama produserar som berra juling og har komme godt inn i rutinane og konsepet mjølking ( me hadde rett nok eit lite tilbakesteg i forholdet vårt når eg ville sende ho på slaktebilen sist veke. Dette fordi ho fortsatt har so mykje stolme i juret at eg må holde mjølkeorganet gjennom heile mjølkinga og eg har senabetennelse i begge armane. Men no ser det ut som at me er venner att altso ;D ).  Enden på denne soga er i allefall at Ilda Gjerde er nok kommen for å bli blant dei vaksne damene mine. Ho er ei god mor,  frisk og rask, er lettmjølkt og produserar godt og ikkje minst: ho er snill og kontaktsøkande og likar at eg klør ho på halsen:D



Ilda og jentungen (som faktisk låg (...) og drakk mjølk :D