mandag, april 27, 2009

No må me følgje med på "X-faktor" på TV2!!
Det er då kjentfolk frå Bergen med !
- Susan Boyle: gå heim og ta deg ein bolle ;-)

http://www.dagbladet.no/2009/04/25/kjendis/x_factor/tv_2/audition/5915195/

lørdag, april 18, 2009

..............Påskekos............

Geisdalen...Marthe-modell.... (JA- eg veit at detta bilete er lite kult å ha på nett, men tru meg; det var det finaste!! Eg skuldar på modellen og ikkje fotografen!)
Påskekosen i år blei gjort undå i Geisdalen. Det var 2 spreke damer som la i veg i steikande sol, berre for å blåse vekk då det var tid for grilling av både kropp og mat=)



Namnam; påskegrillings=)



Recovery-update: Psyko ligge, som vanleg, fortsatt på sofaen min. Etter ein intensiv penicilinkur so ser det ut til at det går bra=)

(snille dyrlegen som hadde full forståing for at det ikkje var so enkelt å få han inn på operasjonsbordet! )




Han har ete halvveges godt og fått litt kjøt på kroppen att, men pga null musklar so er det mest bein du kjenne om du teke på han:)




Dei fleste såri ser ut til å gro fint, men eg lurer på om halen må av/dette snart av(...) og den bakfoten so va mest skada er ikkje heilt i lodd endå. MEN - go`guten lever tross alt :=)

Barehoof strategy=)

I påska var eg so heldig at Ida ville komme frammi for å sjå på høvene til Trudi... Etter å ha gått med sko i alle år hadde ho heilt forferdelege høver. Diskusjonen om å ha, eller ikkje ha, sko på hestar skal eg ikkje innom (i "hesteverdi" er detta eit ømt tema...), men i allefall so hadde ho dama mi høver so stygge so juling. Mest alvorleg var to svære sprekker på framføtna..So då kom prosjekt "barfot" på bana. Dvs. at frå no av ska ikkje dama nokon sinne ha sko på føtna. Og for å forhindre såre føter blir det boots. MEN - då må og høvene skjerast slek so dei ville ha gjort frå naturen si side ved vanleg slitasje. Og då måtte ekspertar leigast inn;)
I tillegg til gampen min måtte Maxèn til pers, so no er alle hestane her barfot (Trøllisen har vore barfot i fleire år og har høver so harde so stein) =)
Her ser de litt av problema med Trudi sine føter.... Men no er det berre velstand! Litt stiv og støl var ho dei fyrste dagane ( litt senar og musklar som plutseleg blir strekte i nye retningar når høvene får endra form og ikkje blir "fastlåst" av sko..) Forhåpentlegvis skal ditta fungere! Tusen takk til Ida for jobben (eg har ein mistanke om at det var ein utfordring ;D )


....

Her er bilete, Normannnn!

Eg antek det kom på nett fort nok?

(om dinna gjengen er noko forundra over kvifor dei har andre klede på bilete enn det dei hadde i verkelegheita i dag, so er det ikkje photoshop..Bilete er frå hin dagen då bileta for i dag ligge på kameraet og eg finn ikkje USBèn til det......:D )

Og til glede for gamle-Tanta (les: tante Astrid); her er den fantastiske spinatomeletten min;)
Heilt grønt tilbehør i dag, dvs aspargesbønner og isberg`s.

torsdag, april 02, 2009

Au au au au AUCH!

tja.. kva ska ein sei her? her er skadelista for dinna veka :=D
(varierande kvalitet på mobilbilete gitt...)
Som sagt; mykje bein i friluft på katten for tiden...
Men: Gror fint :)
Korleis Fiona fekk til dette skjønar eg ikkje...
Men: Gror fint!





Veit korleis eg fekk til dette... tunge jarnduppeditt + 1,5 m. fall = det var dei beini... Ikkje nåke problem so lenge eg ikkje trenge å bevege storetåi so mykje :) Og no kan eg ha på meg to støvlar i fjøsen med str. 40 og ikkje ein i 40 og ein i 46... Er ikkje enkelt å ha på seg små sko når ein har ein tennisball på foten....=)
Men: gror fint... men synest forferdeleg synd i seg sjølv=)

BIG BANG!


Hm.. kva skal ein finne på på ein vanleg onsdag kveld? Eg og Anne Marte heiv oss i bilen og reiste til Sogndal der me møtte Marte. På Meieriet var det nemleg konsert med Big Bang! Super konsert i hyggjeleg selskap=) Greni er go`guten sin det!


Utanom det so kan ein glad og lukkeleg katteeigar fortelje at Psyko er komen heim! Etter to veker vekke slepte han seg heim til fjøsen i løpet av gårdagen... om enn no i noko dårleg forfatning. Om han har sete fast ein stad eller hatt eit ublidt møte med eitt visst dyr me har hatt gåande rundt hushjørna her på garden siste vekene, skal vere usagt, men i superform er han sovisst ikkje! I går var han rrrrrrasande sinte og gaula for full hals (høyrdest ut som noko midt i mellom løve og kåt okse..) og eg fekk ikkje hiti han eingong... Men med lommelykt og kravling bort til gjøymestaden var eg fast bestemt for å sjå keleis form han var i... Det var eit sørgjeleg syn som møtte meg for å sei det mildt! Psyko var vorten skinn og bein på berra to veker, men det var ingenting i forhold til korleis bakkroppen såg ut... Slintre med hud og blod og ikkje minst det faktum at beinpiper og litt pels var det som var att av halen..... Tja.. kva gjere ein då? All verdens godprat hjalp ikkje; eg fekk ikkje i nærleiken av han eingong.. I går kveld kunne han ikkje bruke bakføtna, men heldigvis er dei i brukandes tilstand i dag:) Prosjektet med tjukke handskar og bur for å få han til dyrlegen var verkeleg misslukka... men i dag ser han litt kvikkare ut og har faktisk ete litt og som sagt kunne han lee bakføtna... Kattar har 9 liv seier dei, og eg trur at Psyko har brukt i allefall eitt av sine på detta eventyret. Korleis det går og kva som har skjedd er det vel berre han som veit, men kattar overleve jo alt so de går sikkert bra:)
Phu.... glad og bekymra katteeigar:)