torsdag, mai 31, 2007

Katt i krigen - ørn eller rev ? Eg trur ørn...






Slik såg katten Speedy ut etter å ha vore i krigen... For nokre dagar sidan kom han inn i stova, såg seg rundt, spydde og la seg i sofaen. Eg vart no sjølvsagt forbanna som ville h****** og ville hive katteskinnet ut att. Men når eg såg litt nærare på katten so var jo heile hovudet deformert! Katten hadde dobbelt so stort hovud som normalt, klumpete var det også og heile kroppen var full av størkna blod(eller diverse gugge). Eg lurte no på kva pokkeren so hadde skjedd, so eg sette meg attmed han for å leike dyrlege:D Det skulle eg då alder ha gjort. I det eg tok so vidt borti nakken på han sprakk "bobla".... Herregud for eit illeluktande griseri! Det rann ut grøne gugge i strie straumar på golvet.... Jippi, som ikkje kattaspyet so låg dar frå før var vakkert nok... Eg trudde fyrst at det var ein rev som hadde smakt litt på han,fordi det såg ut som det var bitemerker under kjeven på katten også. Og i tillegg var heile kroppen var full av djupe sår.....Men etter at hovudet har komme tilbake i nokonlunde "normal" form og såra er vortne mindre, so trur eg heller det er ørn. Ein anna grunn enn forma på såri til at eg trur det, er at eg i går kveld observerte ei kjempeflott og stor ørn som leikte seg i vinden over Gjerde. Eg fekk ikkje teke bilete, men den var både ven og stor.Eg gjer velviljugt vekk ein katt eller to for at me skal ha ørn på Gjerde:D
Slik ser eit av såra ut etter nesten ei veke... Er detta merke etter klør? Ser ikkje ut som merke etter tenner???
Fine pusen:D
Speedy har skjønt at eg tykkje synd i han, so no har han lege på sofaen min i nesten ei veke, og berre bevegd seg for å ete mat...

tirsdag, mai 29, 2007

Konfirmasjon

Konfirmanten Anne + gåvebordet

Meg og Monica
Anne med Linda og Rolf sin unge nr 8 (!) :D Ei kjempefine jente som var akkurat ein månad gamal på søndag.




Dei 3 søstrene Gjerde med 3 ulike bunader

Den alltid like søte Marthe...







Norman som prøver å ta livet av tante Mai



Tante Mai og mamma




Sondre, Dag, tante Mai og Bestemor










To framtidige Dressmann modellar; Dag og Sondre




tirsdag, mai 22, 2007

Feltkurs i Jostedalen

Denne veka har eg feltkurs i Jostedalen. Eg betalar altso for å sove i mi eiga seng og ete maten til mor mi:D. Oppgåva mi går ut på å sjå på endringar i landskapet på Gjerde, med årsaker og effekt... Dagen i dag har for det meste gått med til å finne gamle bilete og ta re-fotografering av desse. Ganske spennande om eg no får sei so sjølv:D
Sagi (før flaumen i `79)



Modern i sin beste alder


Oversiktsbilete av Gjerde

Og då eg fann bilete av flaumen i `79 so dukka jammen meg han Norvald i Bakken opp :D

søndag, mai 20, 2007

Ridetur :D

I dag har eg og Hege vore på ridetur på Joranger... litt regn og veldig flott regnboge:D




Hege på Trølla



Regnboge


Eg på Fatima med hjelmen på snei:D

17. mai -feiring !

So blei det 17 mai-feiring i år også:D
Soli strålte og korpset spelte - ein fin dag!





Toget kjem:D

Korpset




Folk ved samfunnshuset

To fantastiske VW bobler! Jon Arne hadde i anledning dagen til og med sett på flagg:D




Hanne Mari, Eli og John Geir hadde kledd seg i finstasen.




Liv og Ronny











Frode hadde fått seg ein flott ny bunad. Dette er det me likar -
karar i bunad er FLOTT ! Det skulle ha vore like naturleg at gutar fekk bunad til konfirmasjonen som jenter.



Buffet og øl på hotellet.
Eg og Hege





Håvard og Bjørn Andre








mandag, mai 14, 2007

Ei fin helg i dalen:D

Denna helgi har eg vore heime på Gjerde. Moder`n var vekke so eg kunne skrive "adm.dir" på plakaten på døri:D
Det gjekk for det meste i litt hotell og mykje fjøs. I tillegg hadde eg selskap av Misha og Kiwa fordi eg var so heldig at eg fekk passe dei då Vidar og Hege var på tur:D (tusen takk for rosetreet,Hege !)


Anne (stil.beskr.: profesjonell hundekosar:D )


Nye gardiner frå IKEA blei hengt opp i helgi


På søndag hadde denne dama også bursdag - Gratulerer med dagen, Hege :D

Forelesning i Bergen

Er ei stund sidan siste post her no, men har vore mykje anna å gjort på:D .
Sist onsdag reiste eg til Bergen for å ha forelesning, det blei mange timars køyring for å vere 45 minuttar på skulen! Måtte pokker`n meg opp i otta (tok ferja kl.05.00...) og kom heim til dalen på seine kvelden. Men moro var det no lell. Fint ver på veg til, og i Bergen, mykje hjort etter vegen og ikkje minst IKEA gjorde dagen fin ! :D



Finver på veg til Bergen




Moro å ta bilete når ein køyrer bil, men er ikkje sikker på kor trafikksikkert det er...



Frukost på Helios i strålande solskin litt over kl.9 i Bergen


Strålande dag i Bergen!


Eit slikt tre har eg lyst på:D







Bergen setrum.. litt andre vekstvilkår for blomane der enn her i dalen...




På veg heim var veret litt meir grått












tirsdag, mai 08, 2007

Ikkje lett å vere blond...

Kyr + nyfødt kalv = kyrafangartrøbbel?


Då eg åt frukost i dag tidleg sette eg meg ,som vanleg, godt til rette med å lese aviser på nett. Som oftast er det typiske tabloidoverskrifter med feite typar og mange utropteikn: voldtekt, drap, politikk, dødsulykker, krangel i det norske helsevesenet (men lite om det brennaktuelle Jordbruksoppgjeret...) o.s.b... Største delen av dette tykkje eg er forferdeleg og prøver å ta det til meg,men ofte so kan ein ikkje forholde seg til all denne styggedommen. Gleda var difor stor då denne overskrifta på VGnett fanga blikket mitt:



"Tusenvis i kufangertrøbbel "

Hurra! tenkte eg, endeleg nokon andre som også har problem med dette. Det er jo ei kjent sak at me her på Gjerde har lausdrift både innandørs og utandørs. Kyrne våre har ikkje noko særleg til overs for autoritetar eller stengsler, dvs at både jaging og gjerding er som oftast nyttaslaust.


Men so tilbake til denne overskrifta; eg blei so glad! Tenk at VG hadde ein artikkel om noko slikt. Nationen,Bondevennen eller Norsk Landbruk -greitt nok , men VG???
Det var nesten for godt til å vere sant,og når eg klikka på overskrifta fekk eg vel bekrefta det.... Det var nok ikkje slek som eg trudde; det var slett ikkje ein artikkel om problema med å fange eller jage kyr, det var tvertimot om bil! Det var altso ikkje ein historie om bonden sin kvardag, men heller om bilistar med store og dyre bilar sine problem....
Nei, det er ikkje alltid enkelt å vere blond!!

søndag, mai 06, 2007

Grillsesongen 2007 på verandaen min er i gong:D


Griling på verandaen min på laurdag. Litt kjøligt, men utruleg flott vêr!

Hege

Vidar (eller er det bjørnen med lilla hue mon tru.. :D )

Liv



Bjørn Andre, Bjørnar og Håvard kom seinare:D



Håvard




Vofsane kosar seg i stova:D











Våronn i "hagen".

Fredag kveld kom eg heim att frå Bergen til vakker natur. Måne og gode greier ved Vangsen

Laurdag starta eg på eit nytt prosjekt. Eg VIL ha hage, eller i alle fall noko som liknar. Fyrste steg på vegen blei sett ut i live på laurdag. Eit tilhengarlass med jord og steinar i frå elvi lagar fint blomstrabed!

Vil berre gjere lesarar merksame på storleiken til nokon av steinane.... Det hjalp ikkje sjølv kor eg tok i , kor stygt eg banna elde kor høgt eg skreik (tok til og med rennefart...) den finaste steinen eg fann i elvi var ikkje til å rikke.... Det er ikkje so ofte eg har tenkt:" no skulle eg hatt ein mann!",men når eg sto der og banna og steikte, med sveitten silande, so må eg innrømme eg tenkte tanken at det hadde vore praktisk med ein sterke kar...:D



Men sjå kor fint det blir! Det blir det altso, men før plantane veks litt so ser det litt stusseleg ut:D
Fiberduk har eg også lagt på, dette fordi eg ikkje gidde å plukke på ugras heile sommaren...

Spire og gror allerede.




Åååå so godt med kalde øl når ein er ferdig med å lempe stein:D



Speedy tykte det var fint i soli og..