tirsdag, mai 15, 2012

Ligge bonden med broten rygg?


Folkeopplysningi lenge leve! Har lært mykje nytt ved å høyre på radioen i dag. Blant anna so har eg visst ein ektefelle so kjem heim med over 400 000 kr i inntekt kvart år. Altso eg e griserik! Kven er denne mystiske ektefellen? E han SNASN ?? Og kvifor er han ikkje med meg å lempa silo og ikkje minst - kvifor har eg ikkje access te lønnsontoen has (bianco shoooes -her I come ! ) ???:D 
Ein anna ting eg har lært i dag (via: http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8139451) er at staten meinar at om ein har eit gjennomsnittleg mjølkebruk vil det sei ein kvote på vel 124 tonn, og for å drifte den garden må ein bruke 3550 timar og det vil sei nesten to årsverk. Og for dei er det sjølvsagt at ein person ikkje kan jobbe 75 timars arbeidsveke... Vel newsflash: eg jobbar so mykje og fleire andre gjere det også -ikkje berre bøndene, men innan mange ulike yrke ! ( om ikkje du drive millionbissnissss er det ofta ein nødvendigheit for personleg næringsdrivande for å ikkje gå konk-timeløni e ofta dårle om ein bjønda å rekna på det)..
Den tredje tingen eg fekk vete i dag er at nesten ALLE bønder har jo jobb utanfor garden ( dei lika å jobbe dissa bøndene, gitt..godt tak i dei ). Dvs at ALLE bønder har jo to ekstra inntekter til å spe på gardsrekneskapet .
So pina degen ! Ikkje nok med at eg har fått fleire timar i døgnet, dvs fått tid til ein ekstra jobb og har fått to ekstra inntekter - eg ha ha visst fått meg ein kar og (note to self: må hugse å sei det te modern so ho slutta å masa...) !
Beste jordbruksoppgjeret ever!
Men eg lura på: er det slek at eg må beholde denna eg ha fått no elde får eg ein nye kar neste år og???



Godt lesestoff:
http://www.aftenposten.no/meninger/kommentarer/Den-store-matbloffen-6825164.html#.T6vXXdVY-FN.facebook




Og sjå ein liten film, vil du?