fredag, mars 30, 2007

torsdag, mars 29, 2007

Påskeferie!!!

Endeleg påskeferie! Men det var litt fælt å reise frå Bergen når det var so fint der:) Sol og utepils i Bergen - det kan ikkje bli bedre!
Siri på høgden:)

Pils på Rick`s.


Lille Lunger`en i finvêr.



onsdag, mars 21, 2007

Køyretur til Bergen:

Tok litt bilete då eg køyrde til Bergen i da. Fint vêr heile vegen:)
Fine fjorden

Lærdal


Lærdalstunnellen



Gudvangen

















Kveldssol i Bergen







Kameratesting.....

Testar om kameraet mitt funkar midt på natti utandørs med lite lys...... Gjekk ganske bra:)





Litt bilete frå helgi:

Sidan eg skulle lese til eksamen so var det mykje artigare å ta litt bilete ...


Kjempeflott vêr!






Bles skikkeleg på toppane...




Utsikta frå Gjerde er ikkje den verste:)





Hotellet














Tjukt på Vangsen.








Eksamenslesing...

Slek ser det ut på bordet mitt når eg lese til ex....

Trur eg har drukke 5 kanne kaffi i helgi:)



I tillegg til at eg tykte synd i meg sjølv fordi eg


måtte lese til eksamen so hadde moder`n kjøpt ny TV i stova på hotellet : Misunneleg!!!


Og alle blomstrane mine hadde daua medan eg har vore i Bergen....Lekkert...


Og her er den dumme akslingen , med den dumme utslitte splinten..... Bra at det går an å ringe han Harald Haugen:) ...
hmmm.. trenge meira kaffi no....


Slek var vêret på Gjerde her om dagen... ganske grått... Trur det var på søndag?










Blåe Tonar Under Breen bilete



Jonas Fjeld og Dave Wilson
(foto:Norvald
Bakken)


No er det lagt ut bilder på nettet frå konserten på laurdag. Eminent fotograf har Norvald Bakken vore og bileta finn du her:
www.blaatonar.no/img/mars2007/index.htm



Moder`n sin cd som Jonas Fjeld har laga saman med Chatham County Line ( sjølvsagt med autograf....).

søndag, mars 18, 2007

Blåe tonar under breen


I går kveld var det storfest på hotellet med Jonas Fjeld og det amerikanske bluegrassbandet The Chatham County Line. Det var mykje folk (ca 180 betalande + alle musikarar, sponsorar, vakter, ansatte +++++) og god stemning:)

Trøtt no.....
Her er eit bilde av bandet som eg har stjåle frå heimesida deira www.chathamcountyline.com
Eg kjeme sikkert til å legge ut nokre bilete her seinare frå konserten på hotellet, eller link til bilder på http://www.blaatonar.no/ ( kunne ikkje ta bilder sjølv ; jobba/var ikkje høg nok:) .... )

fredag, mars 16, 2007

ESP konsert!



















Herregud for ein bra kveld! Var på konsert med ESP i går kveld på Garage. Trur denna konserten kjem på topp-5 når det gjeld konsertopplevingar:) Veldig bra. ESP er eit band som består for det meste av gamle hardbarka rockera... Eric Springer (Kiss + Paul Stanley, Black Sabbath, Badlands, Alice Cooper, The Cult + mange fleire band), Bruce Kulick (Kiss + Paul Stanley,Meatloaf, Union, Gene Simmons, Grand Funk Railroad + mykje meir), John Corabi (Mötley Crüe, The Scream, Union, Brides of Destruction og mange fleire, og sist, men ikkje minst, bassisten Chuck Garrick som akkurat no er bassisten til Alice Cooper, men har tidlegare spelt i band som Turd, L.A.Guns og Dio i tillegg til fleire solo-album.... Altso ein gjeng med kara so veit kva dei driv på med:)
Utruleg bra konsert ! Og reiste sjølvsagt heim med signert bilde:)

onsdag, mars 14, 2007

Å hurra.... Vårteikn i Bergen.....


Jepp, då er det offisielt: våren er komen til Bergen. Eg blei for ein halvtime sidan nemleg beæra med ein vakker klang frå ein haug med trommer rett utanfor glaset:)
Og det blir berra verre og verre for kvar dag som går fram til 17.mai.....

søndag, mars 11, 2007

Ei utruleg fin helg i Oslo er over...

Bursdagsbarnet held velkomsttale!

No er eg komen heim etter ei helg i Oslo. Etter to dagar med "å late" som om eg har hatt ferie, noko som inneber mykje latter, mykje øl,litt shopping og endå mindre søvn, har eg lagt meg godt til rette på sofaen og skriv derfor denne posten i halvsøvne:)
På fredag tok eg då fly frå Flesland i to-tiden og som alle veit har Jostedøler flokktendensar, og om dei skal ut å fly so er ikkje det noko unntak. Det var jostedøler over alt:)haha
Og vel framme i Oslo kom Grete for å ynskje delegasjonen velkommen!
Som fattig student var eg også utruleg glad for at Aina var so snill at eg,Trygve og Anne Marte fekk overnatte i leiligheiten hennar.TAKK!!!:)
Etter å ha pynta oss alle mann gjekk turen til Myren`s Kjøkken der Grete hadde invitert til fest. Eg trur me var nett i overkant av 70 stk.(!) med ein blanding av Grete sine venner frå dalen, Continental, studietiden, Magnus sine venner ++++ og me var alle enige om at det hadde vore ein god mix!!! Grete fekk pakker (blant anna ein ny sykkel!) og me gjestene fekk le godt av lysbilder av Grete opp i gjennom dei siste 15 år.Etter festen var det sjølvsagt nachspiel der me prøvde å synge mest muleg brautande og høgt for å irritere dei damene som bur i etasjen over. Magnus beæra oss også med sin eminente gitarspeling:) Oppsumering: hard men VELDIG artig fest!!
Laurdagen brukte eg og Anne Marte meir pengar enn me burde på shopping, før heile gjengen møttest att hjå Grete for øl og kake (ein uslåeleg kombinasjon..). Der sat me då ein gjeng på ca 20 personar og lo samanhengande fram til klokka var nesten eitt. Nok ein truleg kjekke kveld! Når klokka då nærma seg eitt so reiste nokon heim til hotell-SUITANE (hehe..) sine, medan me so er hardast på flaska reiste på ein utestad som heitte Oslo Mekaniske eller noko i den dur. Der drakk me oss godt fulle fram til dei stengte:) Etter det so reiste nesten alle heim utanom me so fortsatt klarde å holde augene opne:) Eg, Trygve,Line og Benidikte reiste so på Stargate og drakk litt meir øl før der også vart stengt. Då blei me vel enige om at kvelen hadde vart lenge nok og det kanskje var på tide å gje seg medan leiken var god:) Og det må nesten seiast at etter eit pit-stop på Mc Donalds so var det jammen godt å legge hovudet på puta:)
Men det var SO verdt det:)haha Tusen takk til Grete og Magnus for ei utruleg artig helg!!!!!
Her kjeme ein del bildete frå kalaset:

To blad Norberg



Anne Marte





Marte, Håvard, Anne Marte og meg



party!




Tre blad Snøtun:)










Vidar og Håvard

Magnus











Moi






Line og Trygve











Kompisen til Magnus (som eg ikkje hugsar navnet på...)





Inne på Myren`s kjøkken









Mr.&Mrs.Grov, Frode og Anna


Erik og Annabelle



















Anne Marte og meg Ei smilande Anny!




Beate og Else

Randi, Magnus, Anette, Jon Arne og Sissel