tirsdag, juni 16, 2009

..........home on the range..............


Ein blogpost for dei med litt over middels interesse i NRF og skada dyr...

(med uklåre bilete teke med mobil)



Fyrst; ein jævla vassmålar....






Og so: "waiting around to die" (av Townes Van Zandt) er ein av dei finaste låtane som er laga, og i går det var berre å "vente på å døy" for Huldri (nr 234).

Men fyrst; om du ikkje likar å sjå dyr som har det fælt - so slutt å les dinna spanande anekdota frå gardslivet på Gjerde.

Men i allefall, Huldri er då altso ei kyr me har i fjøsen. Ho er verdens største koseklump og er ikkje fornøgd om ikkje ein viar eit kvarter kvar dag berre på å klø på ho. Dinna kyri har eg redda frå slaktebilen meir enn ein gong (er ikkje akkurat profitt på dinna dama med tanke på matinntak vs. mjølkeproduksjon....). I tillegg innehar ho også tittelen "verdens feitaste kyr". Huldri er nemleg eit matvrak. Det er det same kva tid på døgeret eg trør i fjøsen so står ho pal ved forbrettet og gaflar i seg. Jaja, litt (ok då-ho er jævla feit!) ekstra kjøt på kroppen treng ikkje å vere so gale, men problema kjem fort når kalvingen nermar seg... Fare finst det både for å få både den eine og den andre sjukdommen, og ikkje minst gjeld dette mjølkefeber (stoffskiftesjukdom der kalsiumkonsentrasjonen i blodet på kyri er for lågt og namnet er misvisande for kyri blir for kald og har definitivt ikkje feber). Det er ein ekta jævelskap so fort kan ende med nødslakt om det ikkje blir behandla..
Men i allefall, dama var i faresona for dette og fekk difor kalsiumtilskot då det nerma seg kalving og eg sprang i fjøsen til alle tider på døgeret for å passe på. Men då eg kom i fjøsen i dag tidleg so var synet som møtte meg dette:





Midt på spalten blant alle dei andre ligg Huldri rett ut. Dvs. ho låg ikkje godt i det heile teke då eg fann ho; ho låg som Bambi på glattisen. To føter rett fram og to føter rett bak. Ein særs unormal stilling for ei kyr ! Eg prøvde fyrst å få ho på rett kjøl att aleine, men innsåg fort at ho var litt for tung å løfte på eiga hand so forsterkningar blei tilkalla. Og med meg, moder`n og Marthe fekk me til slutt rulla ho over på sida og dermed ein meir naturleg liggjestilling. Etter litt diskusjon fann me ut ho skulle få kvile seg litt medan eg mjølka resten av damene. Marthe stod som "profesjonell kyra-kosar" og passa på at ingen trødde på ho. MEN, i tilegg til dette var kalvinga plutseleg i gong.... Ja, kåfør ikkje - ditta va perfekt timing! Kyri ligge heilt føre, Marthe klør (...) og eg mjølkar for harde livet då ein kar som skal godkjenne traktorsprøyta kjeme kl 10... Jaja, "bring it on ", sa Marthe so på ditta bilete lurar på om det kjeme noko eller ikkje:)



Men det gjorde det då ikkje... Heldigvis var dyrlegen på detta tidspunkete på veg. Kyri var utsleten, hadde mjølkefeber og fødselen hadde stoppa opp. Og då dyrlegen kom såg det i allefall litt lysare ut. Kyri kvikna litt opp etter å ha fått Ca-drypp og kalven var enn so lenge i live om ein skulle tolke all den aktiviteten so var inni den magen! Men kalven måtte no altso ut med tanke på at det hadde gått lang tid sidan ho byrgja å bli sjuk. Og då fekk eg vere med på noko eg ikkje har gjort før. Ein ting er å ha kjettingar på føtna til ein kalv for å dra han ut når kalven ser nesten (...) dagens lys, men her blei kjettingar hatt på slek ca ein halvmeter inni dar... Og stakkars kyr.. kalven blei då altso dratt ut med rein muskelkraft og uten hjelpande rier. Det hverken såg eller høyrdest godt ut! Men i allefall so fekk me no kalven ut, sprek og frisk. I kveld har han forresten fått namnet Harry "Hell i uhell" Gjerde. Snasent namn!




Vet. at work !



Men stakkars Huldri var nok heilt utkjøyrt. I tillegg var det mest sannsynleg at både det eine og det andre hadde råke/vorte øydelagt i bakføtna eller krysset etter fallet på spalten. Ho hadde jo tross alt lege "veggjande vidåpen" (eit Granvins-uttrykk brukt for det meste berre av bestemor...). Etter fleire forsøk på å få ho på føtna att lot me ho få litt fred. Men no låg ho i allefall godt, ho hadde også fått mat og medisin, so no var det berre til å vente. Men utover dagen blei det berre meir og meir klart at detta var nok siste reis for Huldri. Me prøvde fleire gonger på å få ho på fote, men ingenting nytta. Og etter at eg og moder`n gav ho ein siste sjangse te å reise seg før nødslaktaren blei ringt, uten resultat, måtte me nok innsjå at det var håplaust. Gjerde-damene er sterke, men det å løfte ho opp vart for tingt, gitt... merkeleg ;D



Og då låg ho slek då; rett ut på spalten med bedande auge og såg på meg. I tillegg til at eg gav ho mat og vatn utover dagen, so måtte jo ho også snuast kvar time. Eg trur det kvalifiserte til "cow-tipping", i allefall so er det tungt nok å gjere aleine når kyri er dritsvær!



På detta tidspunktet visste eg at nødslaktaren var komen forbi Gaupne og at Huldri hadde att ein halvtime å leve. Jaja, tenkte eg, det er berre å innsjå det; det er nok det beste for kyri at ho får sleppe meir styr no.. Og medan eg sat dar prata eg med ho og forklarte at om ho hadde tenkt å komme seg på føtna att so var det no eller alder! Karen so skulle drepe ho kom til å trø inn døri før halvtimen var gått. Eg sa og at eg tykte det var jævla råte gjort av ho å leggje seg ned for å daue når eg hadde styrt og herja på for å redde ho frå slaktebilen før og ikkje minst no med tanke på kalvinga. Eg kan vel ikkje påstå at eg fekk nåke vetigt svar frå ho, men eg fann ut at eg måtte prøve ein siste gong på å få ho på føtna. Og HEILT UTRULEG nok - det siste forsøket gjekk bra! Om det var pep-talken so gjorde susen får eg nok alder vete, men dama kom seg i allefall opp med litt hjelp ( kan ein slite på seg brokk?:D).


TAADAAAAAAAAAA! Hurra -go`jenta er på føtna! Etter å ha lege rett ut i ti timar...Og sjølvsagt, som det matvraket ho er so går ho rett i forhekken og gaflar i seg;)



Sletne og lukkelege var me begge etter gårdagen=)
So etter ei natt med 5 turar i fjøsen og nervar i høgspenn i redsel for tilbakefall, er alt berre fryd og gammen på Gjerde Gard. Dama slost seg fram til mjølkestallen i dag tidleg og åt gras so ho alder hadde sett mat før.
Altso: alt er som normalt! :-D













.....Christoffer og Noah........

Her om dagen var eg og Marthe på besøk til Anki på Nes. Og då jo eg sjølvsagt leggje ut eit par bilete av go-gutane=)
Christoffer / Mini-Magne


Noah/Mini-Anki
Cutie-pies!

søndag, juni 14, 2009

.................Sumaren er her...............

God sumar!
I kveld skulle eg egentleg (og endeleg...) leggje ut bilete frå kameraet mitt.
Men eg fann no sjølvsagt ikkje det:)
Jaja, då blir det litt ymse uklare bilete frå mobilen som kjem på nett i staden!

Over: sommaridyll i Krundalen. Trudi er komen på ferie:)



Vakre damen!


I historia om "Psyko-katten med ni liv" er eg vel komen til del tre i soga ( minst...). På bilete over kan ein sjå den flotte halen. Dumt at den ikkje lenger set fast på kroppen til katten. Dumt er det også at Psyko likar å kose med halen sin. Vaske, tyggje, drepe og ikkje minst syne han fram. Stolt kar med flott hale i fylgje han sjølv... Alt det gjer han kvar dag, men no er halen bjønt å gå i oppløysing ( ehh.. er litt vassen...) so no trur eg den MÅ snart hivast. Sjølv kor gild katten er i sin eigen hale;)



Eg ha ete god mat!



Det er ei stund sidan dessa bileta vart knipsa, men teke dei med løll! Bær-avdelingen har fått eit estetisk løft dinna våren. Eg har lempa stein og båre takheller til både eg og hjelparane mine (les: 2 stk kattar som sat og såg på og undra voldsomt på kva eg dreiv på med) var leie..



Men det vart lekkert...



Då eg tok detta bilete var eg dritlei heile bær-helvete, men no når det gror og blømer so kjenner eg at den kjensla har gjett seg,gitt! Gledar meg te Namnam - bær!



Eg og Marthe har også vore på ferie. Dvs, me tok ein kaffi&is framme på senteret. Marthe ser veldig glad ut for sin time med ferie for dinna sesongen=)


mmMMmmm kaffi




Og so eit slag for framtiden vår på dinna kloden! I Jostedalen er bøndene miljøbevisste ( vel..tja... i allefall dinna dagen;D ) og difor var det duka for råning med traktor framme med industrien. Niiice! På bilete: 3 stk traktorar med rundballeplast og Kjetil med ryggen til fotografen. Kjetil er nr 2 frå venstre ;)


Fine traktor med vogn =)

For ei veke sidan var eg ein snartur til Bergen. Kjøyreturen gjekk for det meste i detta her...


Marthe og Karin kjedar seg i ferjekø...

...kremt.... snekkar karin har laga ny bu for sagflis.... truuur eg må shine det litt opp,gitt...
Kva med fancy måling?



Altso.. som sagt, eg og Marthe kjeda oss skikkeleg i ferjekø ... Her er ein samanlikning av min (litt meir enn -) normalt store arm og Marthe sin " skinn og bein senete arm med kjempesmå handledd og mini hånd"....Ser at me er i slekt,gitt!



Ny fotoserie på gong her no! Kjenner at denna kan det bli litt sus over i løpet av sumaren!
Taadaaaaa! :
"Kitchen Bitchin`Poses 2009".
Over: Fyrst ut er Marthe " the superior chicken" Gjerde



Nestekvinne er bestemor: Margit " mega-super-granny-camping-hotel-washer" Gjerde

Tredje kvinne ut er Laila " Lett-på tå" Gjerde.
Stay tuned for fleire poses i neste innlegg;)


Fin, fin edderkopp eg fann i potekjellaren. Eg trudde han var dau, men so tok eg på han....




Maur i Fåberg...


Det er lenge sidan ditta no, men eg måtte ta med eit potesetjing bilete;)

No må eg vel berre finne att kameraet mitt og so går alt i orden. ..
Og utanom det so bekymrar eg meg for Nortura...
Og Norges Bondelag; makan til rot! "Ein ny vår for bonden"-my ass!
Oh!! I almost forgot! : "Hello" to the nice people from Holland who read my blog !! =)=)