Her om dagen var me ein gjeng som rei på tur til Hovden, ein utruleg ven stad ovanfor Nes (på vegen opp til Flatingane).
Tja..kva skal me seie her...Ein blogg med mykje bilete og anna rusk og rask. Litt vener, litt Jostedalen,litt hestar,litt meg og litt NRF...:-D
mandag, november 09, 2009
....pix dump...
Helsing på etterskot =)
søndag, november 08, 2009
Eit døgn vekke frå gard og grunn....
Eg har som vanleg vore på jordbruksskulen på Mo att eit par gonger. Bileta under syner litt av det me drive på med der oppe (blaut mobil....).
"ei sporvogn til begjær" eller ei forvogn til besvær ? (hirr hirr...)
Det er jammen flott at det finnst folk som kjem springande når ein treng hjelp til noko. Når ein skal skifte deler på eitt elde anna maskineri so kan ein banne på at det kjem feil deler i posten og at ein eller anna duppeditt sler seg heilt vrang.... Heldigvis kjenner eg utruleg snille og hjelpsame karar som er villege til å komme og hjelpe til alle døgnets tider - det er so utruleg flott !
Her var det eit lager som skulle bytast. Karane teke i det dei kan, men jævelskapen sat bom fast, gitt...
Ok. Då tek ei i bruk sterkare saker, altso varmare saker. So fantastisk at nokon er villege til å bruke søndagane sine på å stå å bale med ei maskin!
Meeeen varmen gjorde heller ikkje susen - jævelen sat verkeleg fast...
Bringing out the big guns! Då var det berra ein ting å gjere/bruke: rå makt! (det enklaste er ofte det beste.... eg bruka ditta trikset på det meste eg ska fikse.... jaja; ein del ting bli jo so klart øydlagt :D) I allefall, trur du ikkje karane fiksa vogni til slutt? Hurra ! Tusen takk til Arne, Arnfinn og Frode som brukte x-antal timar på å få vogni i orden att!
Gjerde Gard - ein besøksgard :)
For ei stund tilbake hadde me besøk av barneskulen her i dalen. Eg skulle sjølvsagt ha teke bilete av alle gruppene som var her, men gløymte sjølvsagt det... I allefall, her er eit bilete av nokre av dei som var her. Nokon tykte det lukta godt i fjøsen og at både kalvar og kyr var søte, medan andre var vel ikkje fullt so begeistra ;D (og ja; mobilen var fuktig; difor eit veldigt diffust bilete..)
Abonner på:
Innlegg (Atom)