søndag, mars 11, 2007

Ei utruleg fin helg i Oslo er over...

Bursdagsbarnet held velkomsttale!

No er eg komen heim etter ei helg i Oslo. Etter to dagar med "å late" som om eg har hatt ferie, noko som inneber mykje latter, mykje øl,litt shopping og endå mindre søvn, har eg lagt meg godt til rette på sofaen og skriv derfor denne posten i halvsøvne:)
På fredag tok eg då fly frå Flesland i to-tiden og som alle veit har Jostedøler flokktendensar, og om dei skal ut å fly so er ikkje det noko unntak. Det var jostedøler over alt:)haha
Og vel framme i Oslo kom Grete for å ynskje delegasjonen velkommen!
Som fattig student var eg også utruleg glad for at Aina var so snill at eg,Trygve og Anne Marte fekk overnatte i leiligheiten hennar.TAKK!!!:)
Etter å ha pynta oss alle mann gjekk turen til Myren`s Kjøkken der Grete hadde invitert til fest. Eg trur me var nett i overkant av 70 stk.(!) med ein blanding av Grete sine venner frå dalen, Continental, studietiden, Magnus sine venner ++++ og me var alle enige om at det hadde vore ein god mix!!! Grete fekk pakker (blant anna ein ny sykkel!) og me gjestene fekk le godt av lysbilder av Grete opp i gjennom dei siste 15 år.Etter festen var det sjølvsagt nachspiel der me prøvde å synge mest muleg brautande og høgt for å irritere dei damene som bur i etasjen over. Magnus beæra oss også med sin eminente gitarspeling:) Oppsumering: hard men VELDIG artig fest!!
Laurdagen brukte eg og Anne Marte meir pengar enn me burde på shopping, før heile gjengen møttest att hjå Grete for øl og kake (ein uslåeleg kombinasjon..). Der sat me då ein gjeng på ca 20 personar og lo samanhengande fram til klokka var nesten eitt. Nok ein truleg kjekke kveld! Når klokka då nærma seg eitt so reiste nokon heim til hotell-SUITANE (hehe..) sine, medan me so er hardast på flaska reiste på ein utestad som heitte Oslo Mekaniske eller noko i den dur. Der drakk me oss godt fulle fram til dei stengte:) Etter det so reiste nesten alle heim utanom me so fortsatt klarde å holde augene opne:) Eg, Trygve,Line og Benidikte reiste so på Stargate og drakk litt meir øl før der også vart stengt. Då blei me vel enige om at kvelen hadde vart lenge nok og det kanskje var på tide å gje seg medan leiken var god:) Og det må nesten seiast at etter eit pit-stop på Mc Donalds so var det jammen godt å legge hovudet på puta:)
Men det var SO verdt det:)haha Tusen takk til Grete og Magnus for ei utruleg artig helg!!!!!
Her kjeme ein del bildete frå kalaset:

To blad Norberg



Anne Marte





Marte, Håvard, Anne Marte og meg



party!




Tre blad Snøtun:)










Vidar og Håvard

Magnus











Moi






Line og Trygve











Kompisen til Magnus (som eg ikkje hugsar navnet på...)





Inne på Myren`s kjøkken









Mr.&Mrs.Grov, Frode og Anna


Erik og Annabelle



















Anne Marte og meg Ei smilande Anny!




Beate og Else

Randi, Magnus, Anette, Jon Arne og Sissel

Ingen kommentarer: