lørdag, september 29, 2007

Også på Gjerde snøa det 16 september.

Den fyrste mykje omtala snøen kom i år so tidleg som 16 september. For oss som er gilde i snø var dette ein gledens dag! Snøen so kom smelta no vekk, men me vonar vel alle at det kjem meir når det nermar seg jul :D


Rosene mine tykte vinteren kom litt tidleg.....


Det gjorde vel for so vidt kvigene og kalvane ute på marki også. Blautt og kaldt var detta kvite som kom frå himmelen.... men litt spennande og moro var det lell! I allefall såg det ut som dei hadde det artigt når dei sprang rundt medan dei køyde nasen ned i snøen ! :D



Ingen kommentarer: