torsdag, mai 15, 2008

EMU ???

Ein ska sjå mykje løge nedpå marki før augene dett ut...

Alle som kjenne meg veit at dei ikkje ska prate til meg før klokka ha passert 12 på føremiddagen... Pga ein liten(..) disposisjon for å vere morgontrøytt ( og med det ørrandes liiiiite vetta sinte...;D ) er eg likso ikkje meg sjølv før litt utpå dagen... Men heilt til i dag tidleg har eg i det minste tenkte at dette ikkje påverkar synet i nokon stor grad. So feil kan ein ta... Då eg etter 2 timars jobbing i koma var ferdig i fjøsen blei eg med eitt var at noko var "feil" nede på marki. Eg huga berra at eg tenkte "Ke i helv....??! - ein STRUTS ??? men faen då -det er då to strutsar!!!" Etter å ha sett på klokka og tenkt igjennom kva eg hadde gjort i går kveld - og om det innebar eit stort alkoholinntak(...) fekk eg no roa meg so pass ned at eg byrgja å tenkje rasjonellt; det kunne då hverken vere struts, eller emu for den saks skuld, her på Gjerde... Men kva då? Hadde dei ikkje tranar oppe i Sogndalsdalen sist veke? Nokre svære pip-pip`ar var det i alle fall! Etter å henta kamera og rulla rundt hushjørna med ein geriljateknikk naturfotografen A. Nevra ville ha vore stolt over, fekk eg no knipsa eit par bilete. Men den briljante teknikken til tross såg dei meg, og med eit skrik ("kræææikkk") flaug dei vekk i panikk. Og etter å ha bladd febrilsk i fugleboki blei konklusjonen min at det var hegre, eller nærare bestemt gråhegre (Ardea cinerea). Det er i allefall dei største fuglane eg har møtt på sidan mitt ublide møte med ein mannevond emu i Australia....
Kva trur folk? Har eg slege opp på rett side i fugleboki?
Her kjem i alle fall nokre uskarpe bilete teke frå langt hold=)


Ingen kommentarer: