søndag, juni 14, 2009

.................Sumaren er her...............

God sumar!
I kveld skulle eg egentleg (og endeleg...) leggje ut bilete frå kameraet mitt.
Men eg fann no sjølvsagt ikkje det:)
Jaja, då blir det litt ymse uklare bilete frå mobilen som kjem på nett i staden!

Over: sommaridyll i Krundalen. Trudi er komen på ferie:)



Vakre damen!


I historia om "Psyko-katten med ni liv" er eg vel komen til del tre i soga ( minst...). På bilete over kan ein sjå den flotte halen. Dumt at den ikkje lenger set fast på kroppen til katten. Dumt er det også at Psyko likar å kose med halen sin. Vaske, tyggje, drepe og ikkje minst syne han fram. Stolt kar med flott hale i fylgje han sjølv... Alt det gjer han kvar dag, men no er halen bjønt å gå i oppløysing ( ehh.. er litt vassen...) so no trur eg den MÅ snart hivast. Sjølv kor gild katten er i sin eigen hale;)



Eg ha ete god mat!



Det er ei stund sidan dessa bileta vart knipsa, men teke dei med løll! Bær-avdelingen har fått eit estetisk løft dinna våren. Eg har lempa stein og båre takheller til både eg og hjelparane mine (les: 2 stk kattar som sat og såg på og undra voldsomt på kva eg dreiv på med) var leie..



Men det vart lekkert...



Då eg tok detta bilete var eg dritlei heile bær-helvete, men no når det gror og blømer so kjenner eg at den kjensla har gjett seg,gitt! Gledar meg te Namnam - bær!



Eg og Marthe har også vore på ferie. Dvs, me tok ein kaffi&is framme på senteret. Marthe ser veldig glad ut for sin time med ferie for dinna sesongen=)


mmMMmmm kaffi




Og so eit slag for framtiden vår på dinna kloden! I Jostedalen er bøndene miljøbevisste ( vel..tja... i allefall dinna dagen;D ) og difor var det duka for råning med traktor framme med industrien. Niiice! På bilete: 3 stk traktorar med rundballeplast og Kjetil med ryggen til fotografen. Kjetil er nr 2 frå venstre ;)


Fine traktor med vogn =)

For ei veke sidan var eg ein snartur til Bergen. Kjøyreturen gjekk for det meste i detta her...


Marthe og Karin kjedar seg i ferjekø...

...kremt.... snekkar karin har laga ny bu for sagflis.... truuur eg må shine det litt opp,gitt...
Kva med fancy måling?



Altso.. som sagt, eg og Marthe kjeda oss skikkeleg i ferjekø ... Her er ein samanlikning av min (litt meir enn -) normalt store arm og Marthe sin " skinn og bein senete arm med kjempesmå handledd og mini hånd"....Ser at me er i slekt,gitt!



Ny fotoserie på gong her no! Kjenner at denna kan det bli litt sus over i løpet av sumaren!
Taadaaaaa! :
"Kitchen Bitchin`Poses 2009".
Over: Fyrst ut er Marthe " the superior chicken" Gjerde



Nestekvinne er bestemor: Margit " mega-super-granny-camping-hotel-washer" Gjerde

Tredje kvinne ut er Laila " Lett-på tå" Gjerde.
Stay tuned for fleire poses i neste innlegg;)


Fin, fin edderkopp eg fann i potekjellaren. Eg trudde han var dau, men so tok eg på han....




Maur i Fåberg...


Det er lenge sidan ditta no, men eg måtte ta med eit potesetjing bilete;)

No må eg vel berre finne att kameraet mitt og so går alt i orden. ..
Og utanom det so bekymrar eg meg for Nortura...
Og Norges Bondelag; makan til rot! "Ein ny vår for bonden"-my ass!
Oh!! I almost forgot! : "Hello" to the nice people from Holland who read my blog !! =)=)



















Ingen kommentarer: