fredag, februar 12, 2010

Psyko og the pigs :=)

Psyko lever i beste velgåande forsatt, og ingen skadar so langt i vinter ( bank i bordet....!)
Slek ser han ut når han nett har vakna....
...før han atter ein gong inntek dinna stillingen.... ;D



The pigs ! Eg har vore på Mo att ei helg og dinna gongen sto det fjøsstell på timeplanen... og eg forelska meg i ein gris.... I ein av bingane var det ei purke med eit stort kull, ingenting uvanleg med det altso, men det var ein i ungeflokken so stjal hjarta mitt ... På storleik med ein kattunge og med berre litt bust her og der på ryggen, sprang det ein pitteliten grisunge inn i mellom dei andre grisungane. Den skulle egentleg allerede vore avliva, men va so fin at den fekk leve litt lenger;D Aiaiaiai- den va so søt at det var nesten litt ildt :) Og hadde eg fått lov so hadde den nok vorte med meg heim att =)

Ingen kommentarer: