søndag, juli 11, 2010

Bilete.. igjen....og ny layout;D

Ny layout på bloggen er fiksa (var lei av den gamle..) og hjarta renn over av forelskelse te dinna karen i bileta under:D
Dølamerri Hemselill ( eigar: Eldar Hønsi) fekk no i mai eit flott hingsteføl. Eg ska ha Hemselill på fôr i vinter og vetlekaren ska eg forhåpentlegvis ha i maaaaaange år. Det kjeme til å bli mykje arbeid, men det blir garantert endå meira moro!



Må sjølvsagt også ha med eit bilete av den vakraste døladama i verden Trudi. Ho stortrivst på sommarferie i Røysi :D


SJÅ DÅ!!!! Ha de nokon gong sett eit slikt flott føl?
Full av fanteri er han, men set også pris på uante mengder kos og oppmerksomheit;D
No må eg berre finne på eit namn te dinna karen....


Her er forresten fader`n te knøttet: Smedsmo Knekten. Ein verkeleg staseleg Dølahingst!

2 kommentarer:

Tomas sa...

Fin oppgradering! Men saknar bilete frå fjøsen og onni!!!?

Karin sa...

det kjem i neste post:D ha so dårle nett at det teke ein halvtime å laste opp bilete;D