Denna helgi har vore hard:) Fakta som lite pengar og mykje skulearbeid blei totalt oversett :) På fredag hadde eg vorspiel før me (eg, Marthe, Vegard + kompis `n Christian) reiste på Garage. Der var det konsert med MAMBO KURT! Hulla.... 1,5 t. med ein tyskar i Elton John solbriller og eit Hammond orgel. Ein ganske spesiell oppleving:) Men ufatteleg bra... Allsong heile konserten, jenka-lenke og heile pakka:)
Marthe "om blikk kunne drepe" og meg.
På laurdag inviterte Trygve til vorspiel i klatre-bula:) Gjengen bestod for det meste av klatrefolk og meg og Marthe. Følte eg hadde lite å komme med i samtalane om bestigning av K2:) haha... men det var artigt lell. Kunne jo ikkje ha det kjedeleg når Bakkeng kom med det eine gullkornet etter det andre:) Etter kvert stakk eg og Marthe på Garage der me traff Maria, Christian og Dado. Etter ein øl og 45 min. ståande som sild i tønne ( det var SO jævligt med folk der at det ikkje var moro ein gong...) reiste me og tok Godnatt-pilsen vår på Finnegan`s. Når den var oppdrukken gjenstod det berre den faste ruta om 7-11 før me gjekk heim....Fin, fin kveld:)