lørdag, februar 03, 2007

Yess! Har flytta til Bergen igjen !


Har endeleg fått meg plass å bu i Bergen. Eg bur no rett ovanfor Finnegan`s (....hmm..litt skummelt... ) på eit billigt, men veldig stort rom med (litt) crappy kjøken og bad. I tillegg er eg so heldig at eg har fått med ein stk. "sambuar Christian" på kjøpet.Han går på marin biologi på universitet og jobba på Danmarkskroi av og til....:) Me er alle enige om at han er ein staseleg kar med lang hår.
Rommet er stort og fint, men manglar ein sofa eg skal kjøpe av Halvor for 250 kr. Den står enn so lenge på utstilling på kjøkenet i leiligheita deira. Planen er at Christian og Trygve skal leike sterke mannfolk og bere den bort til meg mot betaling i form av alkohol
Her har Marthe klart å lurt seg med på bildet:) Utsikten er upåklageleg - eg ser rett bort på teateret og ned på Finnegan`s. Sleppe med andre ord å gå ut i regnet for å sjå om det er kjentfolk so teke seg ei øl:)

Ingen kommentarer: