onsdag, april 25, 2007

Jostedalen på måfå :

I dag blei ein fin dag! Eg, Hege, Misha og Kiwa gjekk på tur frå Alsmo til Myklemyr. Elde det vil sei; me gjekk over til der nedstigninga byrgja mot Myklemyr og so gjekk me attende til Alsmo... Når me tok kaffipause fann me ut at det var tidleg på dag og me kunne no like gjerne gå same vegen tilbake som me kom:D
Etter det var det bensinfølling og osteskiver på Gjerde. Dagen runda me av med Jostedalen på måfå-tur; ein roadtrip i liten skala. So dagen føregjekk slek for meg: Gjerde-Elvøy-Myklemyr-Alsmo-Myklemyr-Elvøy-Gjerde-Leirdalen-Espe-Yttri-Bergset-Grov-Gjerde! Då ville 5 italienske turistar som hadde forvilla seg opp i dalen ha rom på hotellet so då måtte eg heim å åpne sjappa... To av italienarane var snasne...Ein fin, fin dag!


Misha og Kiwa kosar seg i snøen



Hege kosar seg med kaffi. Pausemusikken vår bestod av den lekraste klang av buldrande steinar i fjellsidene på Myklemyr.





Eventyrskogen!



Kva er det me ser på?





Hege måtte vaske Misha med snø...Det er jo so godt å rulle seg i hjortadrit:D








Leidalen



Hesten til A.Leirdal. Eg måtte jo sjølvsagt inn å sjå - nyskjerrige som eg er:)








Og so var me komne på Bergset




Heimatt på Gjerde kommen











Og då dagen ikkje kunne bli betre so blei han det allikevel. I løpet av dagen var det født kalvar i fjøsen. To stk. for å vere nøyaktig; tvillingar!. Venekolla hadde sjølvsagt kalva med ein gong eg ikkje passa på ho. Eg hadde høgtideleg dåp i kveld med ein mjølkeskvett i panna på begge to. Navna eg ga dei "by the power invested in me..." var Vanja og Voldemort. Kven som er kven på bilete over er eg ikkje sikker på:) For dei som er uinvidde på korleis dette med ho/han i tvillingpar fungerar når det gjeld kyr (kanskje også andre artar?-kan berra kyr,eg...) kan eg berette at om ein får tvillingpar der kalvane er av ulikt kjønn er som oftast kvigekalven steril. Kvifor dette er slik veit eg neimen ikkje, men dette er no eingong eit faktum. MEN- det er unntak. Ca.10 % er fertile. So no må me ringe dyrlegen og få tappa litt blod for å sjå om dette vidunderbarnet fell inn i dei 10% eller ikkje. No lurar vel sikker de som har gidda å lese alt dette kvifor so mykje trøbbel for ein kalv?? Jo, den enkle forklaringa er at mori til desse kalvane er ei sabla god mjølkekyr og ho fekk i fjor den æra av å bli inseminert med sæden frå den beste oksen penga kunne kjøpe... (Er eit marked for alt, folkens...) Ergo: Bra kyr + bra okse= bra kalv.. eller Mx''4=1/7 opphøgd i 2 .... Eller noko slikt...









Ingen kommentarer: