søndag, april 01, 2007

Finfin dag i Geisdalen!

I dag har det vore ein fin dag i påskefjellet! Reiste opp i Geisdalen, solte meg,åt kiwi og drakk kaffi. Kan ikkje bli betre:) Det var utruleg mykje folk oppi i dag, men det var vel so forventa med det flotte vêret! Eg enda til slutt i Vitle-Geisdalen og kan stolt meddele at eg klarde ein 15-16 skikkelege telemarksvingar på veg nedatt - uten å dette (for dei som ikkje skjønte det; eg er utruleg dårleg til å skreie...)! Men låri blei so gele.... haha.. burde nok trene litt meir, ja...
Etterpå var det middag og gode greier i soli på hotellet.
No i kveld har me hatt øving til Påskerevyen, og dreiv faktisk på frå kl.17 til nesten 22.... Men sketsjen kvernar fortsatt i hovudet på meg.. er litt missfornøgd med alt no, so eg skal ta meg ein liten skrive-session no.... Men det kan ikkje bli so seint. Skal opp tidleg for å køyre Anne til røntken- undersøkjing i Lærdal i måro... Dinna håndballen.....






Frank var også på tur - for å ete appelsin:) Vangsen var dagens trekkhund, og
høgdepunktet for han i dag var vel tispa som gjekk forbi;)


Bliiiii Kjellrun (men litt kald fordi eg hadde sett meg på den staden det var mest trekk..) !!









Fint lys i går kveld.










Ikkje sjå på frisyra mi,men på augene til Speedy... Freaky!! Kva i all verden har skjedd med dei... Ulik refleksjon av blitzzzen frå eitt auga til det andre????

Ingen kommentarer: