torsdag, mai 31, 2007

Katt i krigen - ørn eller rev ? Eg trur ørn...






Slik såg katten Speedy ut etter å ha vore i krigen... For nokre dagar sidan kom han inn i stova, såg seg rundt, spydde og la seg i sofaen. Eg vart no sjølvsagt forbanna som ville h****** og ville hive katteskinnet ut att. Men når eg såg litt nærare på katten so var jo heile hovudet deformert! Katten hadde dobbelt so stort hovud som normalt, klumpete var det også og heile kroppen var full av størkna blod(eller diverse gugge). Eg lurte no på kva pokkeren so hadde skjedd, so eg sette meg attmed han for å leike dyrlege:D Det skulle eg då alder ha gjort. I det eg tok so vidt borti nakken på han sprakk "bobla".... Herregud for eit illeluktande griseri! Det rann ut grøne gugge i strie straumar på golvet.... Jippi, som ikkje kattaspyet so låg dar frå før var vakkert nok... Eg trudde fyrst at det var ein rev som hadde smakt litt på han,fordi det såg ut som det var bitemerker under kjeven på katten også. Og i tillegg var heile kroppen var full av djupe sår.....Men etter at hovudet har komme tilbake i nokonlunde "normal" form og såra er vortne mindre, so trur eg heller det er ørn. Ein anna grunn enn forma på såri til at eg trur det, er at eg i går kveld observerte ei kjempeflott og stor ørn som leikte seg i vinden over Gjerde. Eg fekk ikkje teke bilete, men den var både ven og stor.Eg gjer velviljugt vekk ein katt eller to for at me skal ha ørn på Gjerde:D
Slik ser eit av såra ut etter nesten ei veke... Er detta merke etter klør? Ser ikkje ut som merke etter tenner???
Fine pusen:D
Speedy har skjønt at eg tykkje synd i han, so no har han lege på sofaen min i nesten ei veke, og berre bevegd seg for å ete mat...

5 kommentarer:

Anonym sa...

Dette skulle Hermansen sett på. Du kan få rabies, kugalskap, svinepest eller mædi. Eller kanskje alt saman på ein gong. Eg trur det er Nyheimskatten som har stått opp att. Han var ein lystmordar av rang. TT

Karin sa...

Haha:D Du meinar det,ja? Trur eg klarar meg fint, ha teke i verre saker før! Når det gjeld kven som ha gjort det so kom det ein til på mistenktlista i går kveld;gaupa:D Gjer vekk katta for den saki og eg:D

Anne Marte sa...

Du har berre lyst at det skal vere ørn eller gaupe fordi det er mykje tøffare å seie enn rev! Ha!

Karin sa...

haha:D Eg sa fyst at det var ein rev eg! Men i følgje moder`n var det ørn og so kom NB og lurte på om det kunne vere gaupa:D So det var ikkje meg - so det so:D

Karin sa...

blei seinare bekrefta av Einar Fortun at det var ørn. Eller trettare sagt; Synnøve passar på å følgje godt med på sine tidlegare elevar og Einar såg bileta og sa "ørn" =)