søndag, desember 02, 2007

Og jula varer heilt til påske....

Det er lenge sidan siste innlegg her no. Dette fordi eg har nok eingong lagt kameraet mitt på ein lur plass for å vere sikker på å finne det att... Og ja, sjølvsagt; eg ikkje finne att denna lure plassen.... jaja, det dukkar vel opp=)
Oppdatering i casa de la Karin:
Det går no for det meste i dei same tingi som før her på garden. Hest og kyr, hotell, øl og pizzalaging...einaste nye er sesongvariasjonen med at eg lukta pinnakjøt og ribbe i staden for kjøtkake og brun saus. Hurra for julebord- det kunne ha vore so mykje verre=) ... Forutan spennande info om korleis eg luktar so er taket på fjøsen nesten ferdig lagt, det er nokre hol her og der, men antek dei skal tettast att ? So når det skjer so er det berre velstand ( dvs, at me snart kan ha inn kvigene i nye fjøsen og eg kan lage meg stall nede i gamle fjøsen...). Utanom det so har eg tenkt å leike godt husmoremne og vaske huset for jul. Men etter to veker med å kvar dag å tenke at "i dag skal eg vaske huset og pynte til jul", innser eg at eg nødvendigvis ikkje er noko super-husmoremne-so bakar 7 sortar kaker til å ha til kaffien-og i tillegg ser ut som sexy santa housewife- og rundvaskar huset so vevkjerringane flyte i vaskevatne og glasrutene blenkje... phu... Er ikkje so reint lite ein skal leve opp til om ein har hus, er dame og det nermar seg jul- i allefall om ein ser på framsida av alle glossy dameblad. Med overskrifter som "Eit rundvaska og nypynta julehus", "korleis overleve julestria og fortsatt sjå fantastisk ut" og ikkje minst " 7 fantastiske frisyrar og 7 slag julekaker " so skjønnar eg ikkje korleis alle husmødre i verden får det til. Og eg har hverken kar eller ungar so skal ha stell heller!..Eg lurar på om eg er den einaste so plutseleg får panikk når det nærmar seg jul? Alt ska likso vere på "plass"; pynta hus og heim, nyfrisert hår, ny julakjole, pakkar til famelie og venner ( sjølvsagt ikkje noko masseprodusert skit, men personlege gåver med ein djup tanke bak...) og ein skal sjonglere jobb, fest og fameliemiddagar... phu.. ein liten utblåsning her når eg sete med røvi godt planta i sofaen i staden for å vaske huset so eg skulle gjere i dag=)
Er stygt redde for at eg i år ( nok ein gong...) kjem berre til å vaske golvi og badet, og so henge eg berra opp julapynten - utan vevkjerringar druknande i vaskevatnet=)

6 kommentarer:

kjersti sa...

huff, når eg las dette innlegget må eg sei at eg kjente meg igjen, eg og ha bestemt meg før å vaske heile huse denna juli, ha sagt de i fleire daga, men de e so vanskli å bjynna!! eg berre finne på 1000 andre ting so eg "må" gjer, sånn at eg kan utsetta de litt te...:/ huff...men me ha no laga noken fåe pepperkake da...

Karin sa...

haha:D Eg er ikkje kommen so langt at eg ha baka ei einaste kake... jaja, dei har vel på bui=)

eli johanne sa...

løysinga er: ha eksamen. då går husvasken særs greit.

Karin sa...

hehe:D Ja, eg veit. Det er alder so god orden her i heimen so når eg lese t eksamen=) Men har ingen eksamenar i år, so eg må nok finne på noko anna t motivasjon:D

kjersti sa...

no ha eg bjynt å vaska, ha vaska vegga og tak i alle rom, i måro ska eg vaska glas og turka støv, eg e stolt eg also!

Karin sa...

jysken! Det er lengre enn eg er kommen. Ha rydda eitt stakkarsle rom i dag =)