fredag, februar 12, 2010

......................Fjøsnytt .............

Her kjem ei lita oppdatering frå fjøsen - sokalla "fjøsnytt"...

Ei nyskjerrig lita dame; det gjelde å komme seg litt opp i høgden for å få med seg det so skjer;D Dinna klatremusi heite Inger-Lise ( - Rypdal..... ho song på radioen då dinna jenta blei født;D )

Edina fekk kalven med det "pene" namnet Eveline her om dagen. Ein fæle fødsel både for kviga og me som hjalp til.... Eviline blei født nesten to veker over termin, og var ALT for stor... Med tanke på at kyrkalven var på storleik med ein tre veker gammal oksekalv når ho vart født so vart det ein harde fødsel i seg sjølv, men når kalven i tillegg kjem feil (opp ned og med nakken og hovudet bøygd nedover i magen slek at kroppen til kalven stanga mot bekkenet til kviga...) so blei det ekstra hardt.... For å sei det slek; kalven sat fast som ville f*** ! Etter å ha dreve på i tre kvarter fekk eg snudd kalven so den i alle fall låg rett ( eg romsterte på inni dar og modern var psykologisk støtte til den fødande...) so innsåg eg at den kalven var so stor at eg kom alder i livet til å kunne dra den ut... i allefall ikkje før kalven daua.. Heldigvis finst det hjelp å få ! Eit kvarter etter modern ringte susa Frode inn på tunet i den flottaste subaruen i dalen (berre spør Kato;D ) Og ved hjelp av kjetting, tau, meg, Frode og spenntak i det me fekk tak i so klarde me å dra kalven ut. Litt fostervatn hadde ho nok svelgt, men i god form allikevel=) Edina var sjølvsagt sleti, men etter litt overtaling so kom ho seg på føtna og vaska kalven sin rein. Det tok heile tre timar frå eg byrgja å snu på kalven til den var ute....
- Av og til må ein faktisk berre undre seg over kor mykje dissa dyri tåle:)
For å sei det slek; ein får ikkje mykje lyst på unga etter å ha vore med på ein slek fødsel.... ;D




Eg nekta fortsatt å gje opp manikyren...


Kidsa/ de unge pigerne som bur i den "gamle" avdelingen av fjøsen.
Dei fleste er no smellt på tjukken ;D


Det er om å gjere å ikkje kjøyre to turar;D


Rosekolla chilla`an :D




Kunne tru ho va dau....



...men, nei... snorkingi avslørte ho.... men det måtte ha vore nåke spennande ho drøymte om; ho veiva med føtne, vrengte augene og mumla avgarde :)





hmmm... dinna "panorama-dingsen" på mobilen funka ikkje heilt med dyr som går rundt omkring ,gitt... Avkappa hovuder i lause lufti og gode greier :D




Mange nye småttisar i fjøsen i det siste:D


2 more....





Stolt moder Kathalina vaskar son sin;D





Fortsatt frikst :D

Kaldt ute, men heitt inne...



5 kommentarer:

Tomas sa...

Hei! Virkar som du har eit kort, godt og smakleg grovfor!!?

Karin sa...

jepp, det er nok litt FoR godt og smakleg..... det e slek med kyrne so oss menneske; det er ein delso ikkje klarar å hå seg;) leverte to kyre i går... ei på 395 kg og ei litt lettare på 375kg :=) Altsoto små og lette sylfider;D
Finkutta fôr er det beste: plass te meir i siloen, lett å håndtere, kyrne ete meir, er lett fordøyeleg og betre bakt.miljø i vomma.... MEN eg har like mykje gras overalt i fjøen og inne i huset mitt so det er på forbrettet: det finkutta graset kjeme seg oppi sko og inni klede so det er gras over alt... ;=)

Tomas sa...

Hehe, det vil eg tru! Ja å ha kyrne i positiv energibalanse er utruleg viktig, både med tanke på mjølk og brunst! Sjølv har me dobla ytinga, men har problem med å få i kyrne nok energi...

Karin sa...

me ha nokre sleke me og..dei bruka meir energi enn dei klara å få i seg... Skulle ha vore slek for noken av oss menneske også;=D haha

Renate sa...

Åååå so kjekt å lese fjøsnytt:) Trur kanskje eg skal ta å lage meg ein blogg eg og, så slepp alle som ikkje e interessert i fjøstilværelsen min dessa lange innlegga på facen:D stao no pao!