lørdag, april 28, 2007

Snart eksamen....


AAAAArggggghhhhh!!!!! Eg er so leiiiiii!
Snart eksamen og alt går som vanleg rett vest (eller aust; alt etter so ein ser det..). Når eg skal lese til eksamen set eg heller å funderar på dei store spørsmåla her i livet (Karin + 2 kanner kaffi + ADHD = null konsentrasjon...) :
- når eg prøvar å få noko ny kunnskap inn i hovudet - går då gammal kunnskap ut?
-korleis fungerar dette med hormonar i samband med at kastrerte hannkattar har "innover"- kjakar, medan ukastrerte hannkattar får "bolle-kinn"?
-kva gjere gopnahønsene nedpå marki vår før snøen har smelta vekk?
-meir om fuglar: kva hensikt har den kule mohawken til vipa nedanfor huset mitt?
-og meir fuggel: nøtteskrika skal visst vere her oppe i dalen heile vinteren...kvifor er ho då vekke frå hekkeplassen sin her på Gjerde frå oktober til april/mai??
-kva brillestyrke har Edvin?
-er eg sanndrøymt? Og i so tilfelle; når ryke Styggevatndammen?
-tek Anders Kjær utgangspunkt i verkelege landskap til måleria sine ?
-vil Marthe gå inn med dritne sko på nyvaska golv neste gong ho kjem heim?
-blir eg lika gamal som oldemor på Nesheim (ho blei 96 år-det verkar for meg som utruuuleg lenge å slite på denna jord...)
- og til slutt: blir nokon sinte på meg om hadde leigd nokon til å sprenge att Husøytunellen før turistsesongen startar??
ahhh.. gledar meg til den dagen eg vinn 20 millionar i lotto so eg slepp å gjere noko fornuftig. Då blir det øko-turisme, kyr, hundar, hestar,griser, litt skotsk høglandsfe og høner på Gjerde. Eg skal berre trippe rundt i Spar-Kjøp-kjolar med ullundertrøye og husmorsko på føtna og stelle litt i hagen... ( alt arbeidet som må gjerast leiger eg sjølvsagt andre folk til å gjere... har då millionar av kroner til slikt :D )

4 kommentarer:

Anonym sa...

ja, eg ska gå me skikkele dritne sko når eg kjem att..

Anonym sa...

aaargh! Kefør e ditta dar so vanskle å skjønne? Nyvaska golv= gå inn på sokkalesten ( og nei, det er ikkje noko unnskyldning at du ska berra vere dar eit par dagar...) ! :D

Anonym sa...

Kafan er gale med ulltrøyer?

Anonym sa...

ulltrøyer er godt å gå med det! det er difor eg skal ha det:D Men eg ska ta opp att klestradisjonen til Signe so budde her før meg:D
Sau er (nesten) best - ingen protest! Får (...) ikkje ull frå kyr, nei...