mandag, mars 30, 2009

Ein vanleg måndag

Då var det atter ei ny veke og med det nye mogelegheiter !
Morgenstund har gull i munn er det vel noko so heiter, men for meg gjeld ikkje det kvar dag.
Det vil sei at eg vakna sjølvsagt for seint, slo tåi i dørstokken og vasa i snøen ned til fjøsen=)
Som vanleg var fjøsstyren det fyrste på plakaten, tett etterfølgt av frukost og store mengder kaffi. Etter det hadde eg store planar om å hoppe i dusjen og fare avgarde på shopping i Sogndal.... Men dengong ei:) Etter å ha gleda av å sitje over to timar i telefonen for å få tak i nokon deler til innredningen i fjøsen so såg eg på klokka og innsåg at tiden eg skulle bruke på Sogndalstur var både komen og gått=) Då blir det heller høgtrykkspyling av kalvabingar som står på plakaten for i dag:)
Det er vel meir fornuftig bruk av tid og pengar enn shopping i by`n;)


På Gjerdestrondi er endeleg noko av snøen på Strondafjellet byrgja å sige nedover fjellsida. Kom eit litt "merkeleg" ras i dag. Nerast lydlaust kom det sigande nedover so sakte at ein kunne nesten sprunge i frå det. Ikkje det at det var spesielt stort, men det skimtast gjøno snøkavene på bilete over. No har diverre det flotte snøveret bikka over til striregn og god storm i kasta... Hestane ute har skjønt at det einaste som nyttar er å stå under banetroppi med røvi mot vinden...Det bles i allfall sopass sønnavind ute at regnet kjem inn i mellom glaset og kledningen i stova på huset mitt.. So no har eg ein god dam med vatn inne i glaskarmen i stova og på rygglenet på sofaen so står dar... Vil ha nytt hus ... NO!




I går derimot var det eit heilt anna verslag her på Gjerde. Då blei det ut på ridetur. Hege på Trølla med Max`en på slep=)


Ei sveitt Trudi etter trimtur:)



Trølla med eit smil rund munnen=)


Max Larsen et høy
(Max Larsen + rasen Shetlandsponni = Shetlandslarsen :D )




På Gjerdestrondi ... Ustø kameradame...





Ingen kommentarer: