fredag, mars 20, 2009

Kom hem lilla gubben- Come home baby - Kom heim klumpen !!


HAR DU SETT PSYKO??
Til vanleg ligg Psyko på sofaen min. Som oftast i overkant av 20 timar i døgeret. Men no har han vore vekke i ei veke! Det lengste han har vore vekke før er kaaanskje 5 timar! Bebisen min er vekk! Herregudogbedre! Pusen min!
Om du har sett han so hadde eg sett stor pris på at du gjev ein lyd frå deg. Namnet på gullongen er som sagt Psyko, 2,5 år gamal, grå og kvitstripa, utruleg vakker og sånn sirka 3 kg for mykje "musklar" på kroppen...Ein kraftig rugg=)
Om det no (gud forby!) er nåken so har kjøyrt på han oppi vegen, so håpar eg i allefall at dei er sopassa anstendige at den/dei gjev beskjed (vil nok komme eit stygt ord eller to til vedkommane før eg bjønda å hulke ukontrollert... men det bør kunne taklast!
Og om det er worst case scenario: vil det som vanleg bli kattegravferd og landesorg på Gjerde i lang tid framover.l...)
takk....

3 kommentarer:

KO sa...

Eg får prøve med nokre trøstande ord i ei vanskeleg stund.

Trøst 1: Dersom psyko ikkje er gjelda så er han ein heilt normal Grakatt. På denne tida av året er det ikkje uvanleg at dei må ut på forretningsreise. Alt etter tilgangen på kjetter i markedet kan denne reisa verta både lang og krevande.

Trøst 2: Dersom ha er gjelda kan ha likevel ha behov for å ta seg ein tur, - men då som konsulent. (Du veit definisjonen på konsulent: det er dei som veit så vel korleis alt skal gjerast, men som ikkje får til nokon verdens ting sjølve)

Trøst 3:På denne tida er det stort sett berre bygdafolk som køyrer på vegen. Hadde nokon av dei køyrt på katten hadde dei heilt sikkert gjeve beskjed til den "pårørande"

NB! Ver klar over at når ein Grakatt kjem att frå reise er han i ein særdeles misrabel forfatning. Sundreven pels og avrevne øyrer osv.
Men som ei trøst i elendigheita: Instrumentet er alltid intakt -:)

Karin sa...

haha=) "instrumentet er alltid intakt" :)Eg har før i tiden hatt hannkatta som har verkeleg sitt ut som dei har vore i krigen når dei kjem tuslande inn på tunet:)
Nei du, dinna karen skyte blankt. Og før den tid hadde han meir enn nok med å fare på mor si=)
Eg håpar i det lengste at det er Trøst 2 som gjeld i dinna saki, kanskje det er nokre andre kattar i dalen som har leigd han inn som støtte på eigen gard?
Får håpe det - detta er likso gromkatten=)

Karin G. sa...

Og for ikkje å gløyme - tusen takk for trøystandes ord i ei vanskeleg tid:)