lørdag, april 18, 2009

..............Påskekos............

Geisdalen...Marthe-modell.... (JA- eg veit at detta bilete er lite kult å ha på nett, men tru meg; det var det finaste!! Eg skuldar på modellen og ikkje fotografen!)
Påskekosen i år blei gjort undå i Geisdalen. Det var 2 spreke damer som la i veg i steikande sol, berre for å blåse vekk då det var tid for grilling av både kropp og mat=)



Namnam; påskegrillings=)



Recovery-update: Psyko ligge, som vanleg, fortsatt på sofaen min. Etter ein intensiv penicilinkur so ser det ut til at det går bra=)

(snille dyrlegen som hadde full forståing for at det ikkje var so enkelt å få han inn på operasjonsbordet! )




Han har ete halvveges godt og fått litt kjøt på kroppen att, men pga null musklar so er det mest bein du kjenne om du teke på han:)




Dei fleste såri ser ut til å gro fint, men eg lurer på om halen må av/dette snart av(...) og den bakfoten so va mest skada er ikkje heilt i lodd endå. MEN - go`guten lever tross alt :=)

Ingen kommentarer: