torsdag, april 02, 2009

BIG BANG!


Hm.. kva skal ein finne på på ein vanleg onsdag kveld? Eg og Anne Marte heiv oss i bilen og reiste til Sogndal der me møtte Marte. På Meieriet var det nemleg konsert med Big Bang! Super konsert i hyggjeleg selskap=) Greni er go`guten sin det!


Utanom det so kan ein glad og lukkeleg katteeigar fortelje at Psyko er komen heim! Etter to veker vekke slepte han seg heim til fjøsen i løpet av gårdagen... om enn no i noko dårleg forfatning. Om han har sete fast ein stad eller hatt eit ublidt møte med eitt visst dyr me har hatt gåande rundt hushjørna her på garden siste vekene, skal vere usagt, men i superform er han sovisst ikkje! I går var han rrrrrrasande sinte og gaula for full hals (høyrdest ut som noko midt i mellom løve og kåt okse..) og eg fekk ikkje hiti han eingong... Men med lommelykt og kravling bort til gjøymestaden var eg fast bestemt for å sjå keleis form han var i... Det var eit sørgjeleg syn som møtte meg for å sei det mildt! Psyko var vorten skinn og bein på berra to veker, men det var ingenting i forhold til korleis bakkroppen såg ut... Slintre med hud og blod og ikkje minst det faktum at beinpiper og litt pels var det som var att av halen..... Tja.. kva gjere ein då? All verdens godprat hjalp ikkje; eg fekk ikkje i nærleiken av han eingong.. I går kveld kunne han ikkje bruke bakføtna, men heldigvis er dei i brukandes tilstand i dag:) Prosjektet med tjukke handskar og bur for å få han til dyrlegen var verkeleg misslukka... men i dag ser han litt kvikkare ut og har faktisk ete litt og som sagt kunne han lee bakføtna... Kattar har 9 liv seier dei, og eg trur at Psyko har brukt i allefall eitt av sine på detta eventyret. Korleis det går og kva som har skjedd er det vel berre han som veit, men kattar overleve jo alt so de går sikkert bra:)
Phu.... glad og bekymra katteeigar:)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Bra at han er heimkomen!! Kva er dyret som sleng rund på ubede besøk?
kjellrun

Karin sa...

ja, han er no i live endå, sjølv kor jævlig han ser ut=)
Det dyret som heng rundt her er ei gaupe. Ho har ein tendens til å ta runden rundt huset mitt og rundt fjøsen før ho går opp at forbi modern ( eller er det ein han?) Anyways.. eg syns gaupa er so flotte at ho ska gjerne komme på besøk... men om det er ho so ha tågge på katten litt so håpar eg ho har fått nok av "kattamat" for i vinter;) Men Psyko er i live! hurra! Om det ikkje blir meir betent alle krateri..bilde av dårleg kvalitet blir øyeblikkeleg lagt ut=)

Unknown sa...

Det var gode nyheiter !!!
Kattar har det med å gro saman, sjølv om dei kan vera eit sørgeleg syn når dei endeleg krek seg heim frå ei eller anna nødvendig eller unødvendig reise.

Du får passe godt på det heimkomne kattskinnet. Kanskje han må ha ein EU-kontroll hos Hermansen ??