lørdag, april 18, 2009

Barehoof strategy=)

I påska var eg so heldig at Ida ville komme frammi for å sjå på høvene til Trudi... Etter å ha gått med sko i alle år hadde ho heilt forferdelege høver. Diskusjonen om å ha, eller ikkje ha, sko på hestar skal eg ikkje innom (i "hesteverdi" er detta eit ømt tema...), men i allefall so hadde ho dama mi høver so stygge so juling. Mest alvorleg var to svære sprekker på framføtna..So då kom prosjekt "barfot" på bana. Dvs. at frå no av ska ikkje dama nokon sinne ha sko på føtna. Og for å forhindre såre føter blir det boots. MEN - då må og høvene skjerast slek so dei ville ha gjort frå naturen si side ved vanleg slitasje. Og då måtte ekspertar leigast inn;)
I tillegg til gampen min måtte Maxèn til pers, so no er alle hestane her barfot (Trøllisen har vore barfot i fleire år og har høver so harde so stein) =)
Her ser de litt av problema med Trudi sine føter.... Men no er det berre velstand! Litt stiv og støl var ho dei fyrste dagane ( litt senar og musklar som plutseleg blir strekte i nye retningar når høvene får endra form og ikkje blir "fastlåst" av sko..) Forhåpentlegvis skal ditta fungere! Tusen takk til Ida for jobben (eg har ein mistanke om at det var ein utfordring ;D )


Ingen kommentarer: