Blåen (eigar: Sjur Haugen)
Skoar frå Voss i aksjon.
Og so er det godt å ha sterke og snille karar som kjeme for å hjelpe når ein balar i siloen. 1 meter med knallhard isete silo blei fjerna med hjelp av motorsag:)
Dei snille karane ; Erling-Bjørn og Kristen
Her får du eit tips; om du vil liggje på sofaen i stova di, men det er ein eller anna tulling som ligge der og tek opp plassen din, gjer som Fiona(NRF 237) : stå leeeenge, men berre med eit lett trykk, med hovudet ditt mot røvi på vedkommande. Om dette ikkje gjere susen so legg du litt meir trykk, eventuelt trykke litt støtvis. Om dette heller ikkje får vedkommande opp so legge du heile kroppstyngda på. Her kan ein også variere med å dekke halve eller heile kroppen til vedkommande... Stort jur er her effektivt... Og vips! -so reise den som tek opp plassen og går vekk;) Kan lære mykje hjå kyr...
Må tidleg krøkast...;)
Har hatt prblem med frosne vifter...
og ikkje minst... eg ha gravd meg ned i gjennom eit pas meter med taksnø..... hurra... fin-fin trening, men lell då!
2 kommentarer:
Flott med gardsoppdatering!
tja... det er jo sikkert ikkje so spennande for andre akkurat, men det er no det dagane blir brukt te for det meste;)
Legg inn en kommentar