lørdag, desember 14, 2013

Luke # 12 !

Kyr for dagen 12.desember:

Mossi 

Dagens dame kjem eit par dagar på etterskot! 
Dei siste dagane har gått med til:
-straumbrudd- og aggregatfrustrasjon
-brøyting (frustrasjon fordi då må aggregatet av traktoren og fresen på igjen - gjentatt maaange gonger...)
-stegjarnsføre (!) ØVE ALT !
- Ragna (nr 345) er visst byrgja i rivingsbransjen Ho ha øydelagt mjølstallen 4 gonger siste veka. Dvs. at ingen av kyrne får mjøl og med det : TOTALT anarki blant damene!
- og sist, men ikkje minst; Milla (sjå julakalendaren Luke # 2) er vorte skikkeleg sjuke att, so ho har måtte vorte varta opp på alle 4 klauver... Akkurat no er statusen at ho har berre ein for i gravi. Mot to i går.

Men:

Mossi er altso dame for dagen. Elde det å kalle ho ei dame er vel å overdrive. Ho klassifiserast vel som ein åring og står no snart på lista over tenåringsjentene so skal bli smellt på tjukken. Ho har høg avlsverdi og kjem nok til å bli ei rettaleg gode mjølkekyr om alt går bra. Einaste minuset er eventuelt at ho arvar mori sine klauver. Dei er ikkje SO galne, men må allikevel skjærast eit par gonger i året. Eg prøvar å ha færrast mogeleg kyr so må skjærast i det heile teke... Men forhåpentlegvis so har faren til denne dama påvirka litt på det området. I allefall ; Mossi er ei liti favoritt-dame blant alle dei andre åringane so no snart skal inseminerast. Grunnen til dette er fyrst og fremst det at me tykkje ho veldig vakker! Raud og kvit med spraglete pels og sterke markeringar; rett og slett eit litt spesielt utsjånad! Men hovudgrunnen til at denne dama er so godt likt er at når ho var født so var ho på storleik med eit lamb ! Ho var utruleg liten, men ho var spinnvill og lika full av liv so ho va liti. Det var nett so ei duracellkanin so spann rundt i kalvingsbingen og den stakkars mori blei til slutt lettare oppgitt!

Til slutt må eg vel også gje ein forklaring på det litt uvanlege namnet på denne dama. Mossi er namnet eg brukte på bestemor (Margit) då eg var liten. Kvar namnet egentleg kjem i frå er eg ikkje sikker på, men det var det namnet matriarken i famelien fekk. MEN grunnen til at kalven Mossi fekk det namnet var på grunn av oppførselen; nett som bestemor var det full fart heile tiden og ho var so utolmodig at ho ikkje hadde tid til å gå rundt mor si når ho skulle drikke frå den andre sida av juret; ho sprang under magen i staden. Og den utolmodigheiten og energien minnte oss om ei viss ung og sprek duracell-dame so småjoggar ned på campingen om sommaren, sjølv om ho forlengst har passert normal pensjonsalder!


Vakre Mossi i midten !

Ingen kommentarer: