lørdag, desember 14, 2013

Luke # 14 og # 15 !

Kyr for dagen 14. og 15. desember:

Svarta og Ariana


Svarta til venstre og Ariana til høgre :)


Dobbelt med damer og julakaldendarluker denne gongen, men dei sto so fint attmed kvarande so denne gongen blei det dameR for dagen  :D

Begge desse to damene er kviger og fekk sine fyrste kalvar tidlegare i år. Men der stoppar også likskapen.
Svarta er som namnet tilseier ei svart kyr (med nokre få kvite avteikn), Ariana er heilt brun. Svarta har høg avlsverdi, Ariana har middels/låg. Svarta er snill og forsiktig, ho går stille i dørane, er midt på rangstegen, ei FANTASTISK mjølkekyr og har stee so ein påle frå dag nr. 1 i mjølkestallen. Ariana har vel vore mykje av det motsatte! Ariana kan vere rett og slett litt ufjelg. Både med andre kyr og med meg. Ho mjølkar vel gjennomsnittleg til å vere kvige, men ikkje noko spesielt mykje. Ho er også lågt på rangstegen, noko ho absolutt ikkje er fornøgd med og driv dagleg maktkamp med dei som er både over og under ho i rang. Ho gjev rett og slett ikkje opp sin draum om å stige i gradene. Rastlaus og uroleg kan ho finne på å sette i full galopp og skape uro i flokken før ho flekkar ut ein fot om ho er i akkurat rett lune når eg går forbi... I tillegg so har ho stillt seg heilt uforståande til konseptet mjølking. Ho meinte at dette var noko ho IKKJE ville bidra med til felleskapet i fjøsen. Ho har no snart mjølka i eitt år og me var vel passert 8-9 månadar før me kom til eit punkt der ho innsåg at det var kanskje ikkje so kult å prøve å drepe budeia kvar morgon og kveld. Jepp, det har vore interessant ! Men" nu går alt så meeeget bedre"; Ariana har teke til vetet og har vorte vaksen so no går mjølkingi som ein leik. Eller i allefall, det går no fint so lenge ho får ete mjøl... Me pleie so oftast å rangere ut slike kviger so er litt ufjelge, men eg har ein "ting" for Ariana. Kva det er veit eg ikkje heilt, men slik er det ! Dama har synt meg at ho blir bedre, snillare og ikkje minst; eg truuur ho kjeme til å bli ei god mjølkekyr!  Svarta og Ariana er altso to svært ulike damer, men dei er veninner løll ! Dei viser berre at sjølv om  ein har to kviger som er ulike, både i utsjånad og i oppførsel, so kan begge bli gode mjølkekyr og budeieveninner allikevel !

Ingen kommentarer: