tirsdag, desember 17, 2013

Luke # 17 !

Kyr for dagen 17. desember :

Signe

Signe er ein av den eldre garde i fjøsen, og er i skrivande stund ute i fødselspermisjon då ho no har att vel ein månad til termindato. Signe er/var ein del av eit tvillingpar men søster Sigrid er diverre vorte til menneskleg konsum. Desse to damene var veldigt knytta til kvarandre. Det var ikkje meir elde ein meter mellom dei på nokon tid av døgnet, utanom når dei var inne i mjølkestallen då. 


Her er tvillingane som nyfødte. Sigrid til venstre og Signe til høgre. 

Desse damene har vore fantastiske mjølkekyr og verdens snillaste jenter, men beklagelegvis bala Sigrid med sjukdom og det var so å seie umogeleg å få ho drektig, og då blei Signe aleine .. Dei neste dagane etter at beistabilen hadde vore her var Signe eit trist syn. Lett joggande rundt og rundt, på leit etter syster si der ho ropte og kalla heile døgnet til ho til slutt myste stemma. Ingen andre dugde. Både eg og andre kyr prøvde å trøste men til ingen nytte; Signe sin bestevenn var vekk. Det er løge det med desse kyrne (og spesielt tvillingar ! Moden`n solgte eingong ei kvige av eit tvillingpar og lova seg sjølv at det skulle ho aldri gjere igjen; den so blei att blei so depressiv at det var ikkje måte på...) men nesten alle har ein spesiell bestevenn. Dette er ofte ei som er nær i alder og som dei har vokse opp med i same binge, men av og til so blir ei vaksi dame venn med ei kvige som kjem inn i flokken. Det har ofte facinert meg det at dei "tek seg ut" ei spesiell kyr som dei heng i lag med. Dei er ikkje slik vennner som me menneske er; lite shopping og kaffidrikking. Men dei går ofte i lag å et, legge seg i båsar ved sidan av kvarandre for å slappe av og sove, vaskar og klør kvarande og beskyttar den som er lenger ned på rangstigen om dei blir utfordra; det er rett og slett litt rørande og vakkert. Eit slikt forhold hadde Signe og Sigrid, men det forholdet tok slutt ein tidleg morgon i fjor. Og stakkars Signe har ikkje funne seg ein ny bestevenn. Eg trur egentleg ikkje at ho er på leit helde, ho er litt overfladisk venn med fleire, men ingen spesiell. Ho fere frå ei kyr til hi, men bryr seg ikkje spesielt om nokon. Utanom oss menneske då! Ho er nok ein av dei mest menneskekjære kyre me nokon gong har hatt i fjøsen, og spesielt etter at ho miste syster si. Signe vil kose og kose og kooooose. Ho vil at du skal sitte elde stå ved sida av ho slik at ho får leggje hovudet i armane dine og so kjem det eit høgt og djupt suuuhhkk, augene hennar glir att og dama er komen i draumeverda. Og sia ho er so søt når ho gjere det so har vel eg og Anne skjemt ho godt vekk med at me innfrir kravet hennar om oppmerksomheit. 


Signe: kule krøllar på luggen og det er viktigt å ha litt pynt i form av gras på nasen :D

Eg må vel innrømme at Signe er ein av favorittjentene mine, og no håpar eg berre at alt går bra både med ho og kalven om vel ein månad. Ho er ei god mor og god mjølkekyr so eg er ikkje bekymra for det, men ho er ei stooor kyr og ein veit jo aldri. Det er ein hard overgong frå ferie til fødsel og full mjølkeproduksjon. I tillegg so er det eit spesielt problem som me er uroa for. Mor til Signe måtte me avlive i fjor på grunn av børframfall.(altso at livmori vrenger seg UT av kyri etter kalving..) og no viser denne dama antydning til  skjedeframfall (ein del av skjedeveggen stikk ut av kyri...) . Det er ikkje mykje og det nærmar seg jo kalving, men det blir ikkje behageleg for Signe om det utviklar seg meir, det kan bli infeksjonar og det er større sjangs for børframfall etter fødsel. Men me kryssar alle klauver at alt går bra!:D

Ingen kommentarer: