mandag, desember 23, 2013

Luke # 23 !

Kyr for dagen 23. desember:

Irina

Irina er ein av den eldre garde i fjøsen. Mjølkar mykje, men et MYKJE meir! For å sei det slik; ho mjølkar for to og et for fira. Og det kan ein sjå på ho også... Ho er mest so ein ballong. Trill rund står ho ved fôrbrettet heile døgnet. Ete og ete og ete og tygge og ete og tygge og ete.... Den mest utvikla muskelen på heile den kyri er tyggemuskelen. Ho er rett og slett grisefeit. Eit anna problem med denne dama er at det er vanskeleg å få ho drektig. Det er vorte mykje prøving og feiling i den avdelingen. Ho kjem frå ei linje med damer som mjølkar utruleg mykje, har høg avlsverdi og er fantastiske kyr, men som er vanskelege å få kalv i. Men Irina skulle få ein siste sjangse. Og so blei det ein sjangse nr. to og nr. tre.... I allefall,  Irina blei inseminert for fjerde (!) gong no for nokre månadar sidan sjølv om me hadde bestemt oss for å sende ho til slakt. Og sjølvsagt; no er dama drektig. Whaaaaat ? So no må me i tenkeboksen til etter nyttår. Ho driv allerede no å går ned i mjølkemengd og et ENDÅ meir enn me trudde var mogeleg... Irina lever nok på lånt tid ( trur eg...;D ) !


Ingen kommentarer: