Kyr for dagen 11. desember:
Inger
Inger er ei superkyr. Høg avlsverdi, mjølkar sinnsjukt mykje, snill og grei, alder sjuk og ingen unotar. Utanom det faktum at ho er eit matvrak då. Det er same kva tid på døgnet eg er i fjøset; ho står ved forbrettet eller i mjølstallen... HEILE døgnet! Det er jammen bra ho mjølkar ekstra mykje for ho et for minst to (!) kyr. Dette gjev også utslag i midjemålet til denne dama, ho er ikkje akkurat noko sylfide ;D
Det at ho er gilde i mat gjere seg og gjeldande når det har med rangen hennar å gjere. Inger er vel på topp 3 i hierarkiet blant damene. Stor og sterk som ho er so løftar ho berre vekk dei ho meinar står i vegen (ha høyrt noko om at eigaren startar å likne på kjæledyret, eller omvendt...). Etter at eg har kjøyrt fôrvogni over forbrettet so startar ho i enden der eg starta å legge ut for. Og so tek ho heile rekka for seg, smakar og luktar på kvar ein haug for å finne akkurat dei grasstråi ho har mest lyst på. Og dei stakkars andre damene dei må berre finne seg i å vike når ho trampar nedover rekka. Men det er vel berre slek dei priviligerte øverst i hierarkiet kan tillate seg ;D
Inger som ung og lovande åring :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar