mandag, desember 23, 2013

Luke # 24 --- GOD JUL ---

GOD JUL !

Kyr for dagen 24. desember:

Synne

Dama so får æra av å vere sistedame i kalendaren er nr. 290 Synne! Synne er ein av dei eldste damene i fjøsen og ho er både snill og omgjengeleg og ho mjølkar godt. Akkurat no har ho att ca ein månad til termin so jobben hennar består av å ete, kvile og kose seg blant dei andre damene. Eg kryssar berre fingrane for at det alt skal gå bra med fødselen i år, for i fjor var det ikkje nokon levande kalv som kom ut av fødselen for denne dama. Ho fekk nemleg ein daudfødt kalv som antakeleg hadde "drukna" inne i ho rett før fødselen. Stakkars Synne var heilt i frå seg, ho stellte og dulta i kalven, skreik til den og herja på. Men til ingen nytte, og ho måtte til slutt innsjå at den var dau. Det var rett og slett hjerteskjærande å sjå sidan Synne er ei veldig god mor og ekstremt glad i kalvane sine. Men i år går alt sikker heilt flott!!

Synne er også ein av dei mest skrullete og eksentriske damene eg har i fjøset. Blant anna er det den einaste kyri me har som kan berre mjølke seg i den EINE mjølkestallen. Altso i mjølkestallen er det 4 stallar der kyrne står når dei bli mjølkar. Dei fleste kyrne bryr seg fint lite kva stall dei står i,nokon har kanskje ei favorittside, men utanom det so stille dei seg likegyldige til alt. Ikkje Synne, nei! Ho var ikkje alltid slik, men i fjor fann denne godt vaksne dama plutseleg ut at ho såg fanden sjølv på veggen framfor den fremste mjølkestallen på venstre side. Resultat: full (!) panikk! Ho rygga i lett galopp ut av stallen so mjølkeorganet spratt i veggen. Eg lurde på kva pokkeren det var so var gale i hovudet på denne dama, men antok ho hadde innbillt seg eitt eller anna so gjorde at ho blei redd og at ho ville bli heilt normal att. Den gong ei... Eg lokka og lurte, men ho nekta inn att i den stallen. Jaja, ikkje noko problem; ho har jo tross alt tre andre ho kan stå i. Men nokre månadar seinare so skjedde det samme på venstre bak. Seriøst; kva er det ho ser ?? Bør EG vere redd det ho er redd ?? Jaja, tenkte eg, ikkje noko problem; ho får berre mjølke seg på høgre side i mjølkestallen. Men nokre månadar seinare so skjedde det f*** meg på bakerste stallen på høgre sida og! Kva er det denne dama ser då??? Ho er ikkje berre litt redd, ho er livredd og heilt panisk. Det er rett og slett farleg både meg og kyri. Ho bryt opp porten eller ryggar nesten ned i mjølkegropi til meg (kyr er ikkje bygd for å droppe vel 1 meter...). So no altso har me ein situasjon der det er att ein ( 1, ein einaste ein!) stall der ho tolererar å stå so lenge at eg får mjølke ho. Kva me eventuelt skal finne på om den stallen også blir svartelista har me ikkje heilt funne ut endå... ??

Denne dama har so sikkert alle skjønnar då fluktrefleks som ein vetaskremt hest. Det kom også til syne i fjor då me skulle skjære klauvene på ho. Kyr flest går fint og roleg når dei får på grime og blend. Ikkje syn = ikkje rodeo. Synne hadde sjølvsagt ikkje fått med seg dette. Grime og blend blei hatt på og klauvskjæraren og Frode skulle leie ho ut porten og inn i klauvboksen. Det blei rodeo, gitt. Kyri fatta galopp og sprang blind avgarde med to karar på slep. Det såg stygt ut ei stund for er det noko ein ikkje kan gjere so er det å sleppe ei panisk blind kyr. Ikkje berre er det farleg for folk, men stakkars kyri kan no skade seg stygt! So desse stakkars karane holdt fast i kyri medan ho radla burande rundt i tunet. Dei såg i nokon sekund ut so rundballeplast i sterk vind. Og eg trudde verkeleg at siste timen til kyri var komen då ho prøvde å stupe med hovudet fyrst ned i gjødselkjellaren, men det gjekk heldigvis godt! Til slutt klarde karane å svinge ho inn på rett veg til klauvboksen og dama fekk skåre klauvene og inn att til veninnene sine. Men det var litt av eit sirkus i tunet då denne dama tok av!

Eg vil ikkje at det skal virke so denne dama er klin gal altso, men om ho blir skremt eller redd so har ho ein reaksjon : EG STIKKE !!! 
Det har gjort at eg også har komme i klem mellom denne dama og vegger / andre kyr/ stålrøyr etc. Og det er ikkje alltid so behageleg, men det går som oftast bra ! Eg har møtt min del av sinte kyr og nybakte hormongalne mødre med kalv, men Synne er nok den kyri so har vore nærast å skade meg alvorleg (til moder`n / overbeskyttande tanter: ikkje les detta for denne soga har ikkje eg fortalt deg/dykk...;D) 
I fjor so hadde dama mjølka seg og skulle ut att frå mjølkestallen. Men akkurat då hadde ei anna kyr forvilla seg feil veg inn i gongen der kyrne går ut. Dette er ein ca 5 meter lang gong, ca 1,2 meter brei og med betongvegger som er vel 1,5 meter høge på kvar side. Altso ein gong der det går ei (1- ei einaste ei!) kyr om gongen i bredda og det er i ikkje muleg å skvise seg forbi ei kyr som er der (so gamlekokkene på hotellet sa når det blei trongt rundt komfyren " to brei røve går ikkje!"). Det er rett og slett for trongt og med det også ei alder so lita dødsfelle...Litt vanskeleg å forklare utan biletet, men kan teikne so nokonlunde :
Superflott teikning ! Men detta er då mjølkestallen. Kyrne går inn der på venstre sida, 4 stallar , utgong ut gongen på høgre side og ned mot venstre. Lekre Synne er blå, eg er grøn før ho traff meg ( raud etterpå :D).


 I allefall, eg måtte då gå framom Synne for å jage ut att den kyri som kom inn feil veg. Og so oftast so vil den kyri som kjem frå mjølkestallen berre stå å henge litt lenger bak og vente til eg kjem tilbake att. Det gjorde ikkje Synne. Ho kom bort til starten av gongen og såg på at eg jaga vekk den andre kyri. Ok, tenkte eg, eg berre sniiike meg forbi ho att før det blir for smalt (gud forby at eg eg og røvi mi hadde gidda å gå inn til kyrne, rundt mjølkestallen og inn att frå hi sida; det teke jo aaaaalt for lang tid....). Eg hadde ikkje rekna med at dette var noko "utanom programmet" i følgje Synne, og slikt kan jo ikkje berre takast på strak arm (strak klauv ? ) so den sjølvsagte reaksjonen var paniiikk ! Synne fekk rett og slett hetta og sjølv om ho såg eg stod der so satsa ho ALT på å komme seg ut av mjølkestallen og med det vekk frå denna skremmande situasjonen. Det seiest at den høge ulykkesstatistikken blant bønder har med effektivitetskrav å gjere og at bøndene må skunde seg. Vel ja, eg må skunde meg, men eg er også i tillegg verdens mest utolmodige person. Altso; på grunn av at eg ikkje gadd å bruke litt meir tid med å gå rundt stallen,  so hadde eg klart å sett meg i ein litt (...) ugunstig posisjon. 
Det einaste eg rakk å tenkje før ho traff meg var " ohhh, detta kjeme til å gjere ilt". Synne traff meg med full kraft med si høgre skulder og med det kasta meg i golvet. Eg låg der då med ein betongvegg på kvar side og 800 kg kyr over meg. Eg tenkte fallteknikk (håndballen har redda denna bonden fleire gonger!) og prøøøvde å krulle meg saman til ein ball og beskytte hovudet med armane. Det var enklare tenkt enn gjort. Eg landa på ein eller annan måte flat på magen med armane over hovudet og venta berre på kvar ho traff meg når ho dundra over meg. UTRULEG nok trakka ho på meg berre på to stadar. Ho landa godt (..) med ein fot midt bak på eine leggen min ( no har det seg slek at eg har stabbesteinar til føte; dei tåle ein del før det blir bråt...) men det andre treffet var skumlare. Ho skulle ikkje ha truffe mykje lenger i nokon annan retning før det hadde gått gale. Synne trakka godt ned i midten nederst på nakken. Heldigvis er det slik med kyre (og store dyr flest) at når dei treff noko "levande" når dei trakkar ned so skiftar dei vekta litt og får med det ikkje ALL vekt ned på den tingen dei trakkar på. Og bra er det! Hadde ho truffe litt anleis og hadde ho landa med all vekt so trur eg at eg hadde fått verre skader enn det klauvmerket eg hadde i nakken i nokon veker. Men er ikkje det slik at så lenge enden er god so er alt godt? :D


Lekre,gode, snille og utruleg merkelege Synne!:D

Ingen kommentarer: