lørdag, desember 21, 2013

Luke # 21 !

Kyr for dagen 21. desember:

Svea


Dama bak luka i dag er ein av dei unge og lovande i besetningen. Om nokre månadar er ho gammal nok til å bli smellt på tjukken, og me har store forventningar til at ho skal få eit langt og godt liv som mjølkekyr her på garden. Mor til denne dama er nemleg Svarta ( sjå luke # 14) so ho har 4 fantastiske klauver å fylle! So langt ser det ut til at ho er si mor opp av dage. Fysisk sett er einaste ulikskapen at ho har litt mindre kvite teikningar enn mori men det er også det einaste. Både ho og mori er litt lange og smale i kropp og hovud. Gode klauver og rett i ryggen! Psykisk er ho også lik si mor; roleg, nyskjerrig og tillitsfull. Alt det ein vil sjå i ein åring og teikn på at det kan bli ei svært likandes mjølkekyr. Akkurat no står ho i ein kalvebinge i nyeavdelingen med tre andre åringar på same alder. Det neste steget dei jentene no skal ta i livet er at dei skal inn til dei store kvigene, bli smellt på tjukken og berre slappe av og ete god mat dei neste månadane. Høyrest ikkje ut so eit aller verst liv altso!:D 

(Om du lurar på namnet til denne dama so ja; det høyrer til på Svalbard;D )


Ei litt diffus Svea! Ikkje enkelt å stå roleg lenge nok til å få eit skikkeleg bilete;D

Ingen kommentarer: